Beste til nå

Konsentrerte og intime dikt med pubertetsminne i sentrum.

BOK: Øystein Hauge har denne gongen lykkast med å skriva ei konsentrert og intim bok der delane er underordna samanhengen på ein velfungerande måte. «Fotografi av to som dansar» er ei bok full av hedonistisk nostalgi, og Hauge viser her kor stor skilnad det er på pubertetens poesi og pubertetspoesi.

Puberteten

Hauge har makta å strukturera sitt djuptgåande språk av overflater på mange plan samtidig. Tilsynelatande verkar det altså som om det er fortida han har kome fram til, men han skriv oss inn i sitt prosjekt på fleire tidplan. Bokas «nå» er eit plan der dikt-eget står opp om morgonen for å ta flyet vekk frå vestlandet etter ei fin og heit natt med kjærasten. Ut frå dette planet, ut frå noko han hinta om i dialogen, noko kjærasten vil høyra meir om, stig det så fram ei soge om korleis dikt-eget som skulegut opplevde mange ein pubertetsgut sin draum; å verta forført av den kvinnelege læraren. «Eg er åleine med den nye læraren infinitivsmerkt for livet.» I andre glimt blir me med attende til prepubertale scenar og landskap, skildra med biletskapande evne og utan dramatiske faktar. Nøysamt, kontrollert og med fin meistring av verkemidla. Hauge kan få det å eta ein boks yoghurt til å verta eit erotisk høgdepunkt.

Kvinnekjønnet

Han vekslar mellom kortprosatekstar og finfine haikuliknande oppsummeringar innimellom. (Nett det veit me jo at han har taket på!) Eg kom til å tenkja på fotograf Dag Thorenfeldts ord «fotordgrafi» når eg las nokre av desse dikta. Når ein er ferdig med denne boka er det som å gå ut av ein film, ei anna verd, skinande klar, luktande, sanseleg. Ja, framfor alt sanseleg og det i ei veldig fri og fornem form, som inkluderer utstrekt bruk av ord som pikk og fitte. Særleg fitte. Han viser oss intensiteten i sirklinga i ungguten sitt sinn kring kvinnekjønnet, men opnar også interiør og landskap meir generelt til einsemda si minnebok   kven har ikkje ein sein kveldkyssa sin eigen overarm  Eigentleg er det eitt einaste langt dikt. Og innimellom det heilt barnleg leikande og dei heite leikande, finst det ein slags roleg observerande visdom om kva eit liv kan innehalda, og kva ein kan gjera med det: «Du skal ikkje eige meir enn det ei lita lommelykt kan fange opp i haustkvelden, seier bestefar.»