Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Betre leseopplæring

LESING: Så lenge vi har hatt skular, har lesing stått sentralt. Å lære å lese er i dag minst like viktig som nokon gong. Da er det godt å vite at eit stort fleirtal av norske elevar lærer å lese – godt.

Det finst knapt analfabetisme i Noreg. Og det er vi glade for. Det finst likevel mange som ikkje les godt nok til å forstå det dei les, eller godt nok til å kunne få med seg poeng og samanhengar. Altfor mange fell utanfor arbeidslivet fordi dei manglar kunnskapar.

Kva kan vi gjere for å betre situasjonen? Kronikken til Norunn Askeland og Bente Aamotsbakken «30 millioner til hva?» gir meg høve til å svare på spørsmålet.

Regjeringa har løyvt 30 millionar kroner slik at lærarar, rektorar og kommunar kan starte eit utviklingsarbeid alt i 2008. Desse midlane skal nyttast til to tiltak. For det første: Statleg støtte for å komme i gang med etterutdanning av lærarar. For det andre: Utarbeide rettleiingsmateriell som vil omfatte både tidleg leseinnlæring, vidareutvikling av lesedugleik og ikkje minst lesing i fag..

Eit viktig poeng i kronikken til Askeland og Aamotsbakken er at lesing som grunnleggjande dugleik må utviklast ikkje berre i norskfaget, men i alle fag. Eg er heilt einig.

Frå kommande skuleår blir norskfaget utvida med til saman to veketimar på barnesteget. For å sikre at både den første leseinnlæringa og den vidare leseutviklinga blir prioriterte i timetalsutvidinga, går vi no gjennom læreplanen i norsk. Samtidig vil eg sjå på kompetansemåla i lesing som grunnleggjande dugleik i dei andre læreplanane i grunnskulen, og vurdere korleis vi kan styrkje lesing i alle fag.

Forskarar peiker på at elevane ikkje oppfattar at dei får leseopplæring etter 4. klasse. Eit breiare register av sjangrar og meir systematisk utvikling av lesedugleik og leseforståing etter 4. årssteget vil derfor hjelpe elevane til å meistre kompliserte og samansette, faglitterære tekstar. Vi må ikkje sjå på lesing som ein dugleik som kan øvast inn, og som så er fullt ferdig utvikla til bruk. Det er heile tida i skulen nødvendig å trene opp lesestrategiar og evna til å avkode og forstå tekst.

I skulebesøk dei siste månadene har eg sett kor sterkt skulen legg vekt på lesing dei første åra på barnesteget. Denne satsinga må halde fram i alle åra i grunnopplæringa. I skulen er det ikkje skippertak som gir resultat, men systematisk og langsiktig innsats.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media