Bildøen, Brit

Navn:

Brit Bildøen

Født:

1962 på Aukra

Yrke:

Forfatter

Bosted:

Oslo

Bakgrunn:

Eg vaks opp på Aukra utanfor Molde, utdanna meg så til bibliotekar og jobba nokre år i Sunnhordland. Det var der eg for alvor begynte å skrive, inspirert av det saftige språket og dei sprudlande Sunnhordlands-forfattarane. Eg lausreiv meg sakte, men sikkert frå bibliotekaryrket - tok meir utdanning og gjekk Skrivekunstakademiet i Bergen. Kalte meg ei stund forfattar og frilans-bibliotekar. Men dei siste tre åra har eg levd av forfattaryrket, ved hjelp av stipend og med ei hektisk all-round-verksemd som omfattar produksjon av artiklar, foredrag om litteratur og anna, til dømes konsulentverksemd for forlaget mitt, omsetjingsarbeid, kritikarverksemd for Dagbladet og så vidare og så vidare... Eg er òg redaksjonsmedlem i tidsskriftet Utflukt, og sit for tida i Det litterære råd.

Priser:

Sunnmørsprisen 2004

Nynorsk litteraturpris 1998