Billege pensjonspoeng!

DEN SOM BLAR OPP

på side 8 i Dagbladet 26. mai, kan kome til å tru at SV og Sp er dei einaste partia som vil sjå kritisk på dei rause stortingspensjonane. Dette er feil. KrF har same engasjement for å gå kritisk gjennom Stortingets pensjonsordning.

Kva er så skilnaden på våre ståstader i debatten? KrF vil drøfte stortingspensjonar og andre folks pensjonar på same tid, som ein del av Pensjonsreforma. SV og Sp vil ta debatten i Stortingets eige styre for pensjonsordningar. Det er skilnaden. Verre var det ikkje.

Stortingsrepresentantane nyt godt av svært gode pensjonsavtaler og det er gode grunnar til sjå på desse avtalene på nytt. Dette har eg meint lenge. I eit avisinnlegg i januar skreiv eg mellom anna: «Det er uråd å argumentere for ei innstramming av pensjonane dersom ho ikkje òg skal gjelde leiarane. Dei gode pensjonsavtalane for stortingsrepresentantar og statsrådar må strammast inn.» Og vidare: «Den som sjølv nektar å stramme inn livreima, kan ikkje be andre om å gjere det!»

DETTE STÅR EG

fast ved, og eg er ikkje åleine om dette engasjementet. Statsminister Kjell Magne Bondevik varsla i januar ein gjennomgang av stortingspolitikaranes pensjonsavtaler, og uttalte at han trur det vil kome endringar i desse pensjonane.