Biologi ikkje alltid best

Omsynet til barnets beste må vera det styrande prinsippet.

PRINSIPPDISKUSJON: Er det til barnets beste å flytte heim til biologiske foreldre etter at det har knytt seg til sine fosterforeldre over fleire år, spør innleggsforfattaren.
Illustrasjonsfoto: Scanpix
PRINSIPPDISKUSJON: Er det til barnets beste å flytte heim til biologiske foreldre etter at det har knytt seg til sine fosterforeldre over fleire år, spør innleggsforfattaren. Illustrasjonsfoto: ScanpixVis mer

BARNEVERN: Barne- og likestillingsminister Audun Lysbakken skal no setje ned eit ekspertutval som skal lage ei offentleg utgreiing rundt spørsmålet knytt til det biologiske prinsipp i barnevernet. Dette er etter mi meining svært viktig, og det er på tide at ein gjer dette. Vi som er folkevalde må vere systemkritiske i arbeidet vårt. «Det biologiske prinsipp gjør stor skade for mange barnevernsbarn», skriv Trude Ringheim 11. november. Det trur eg Ringheim kan ha mykje rett i.

Det biologiske prinsipp har stått sterkt i barnevernet i alle tider, og det er inga tvil om at debatten rundt dette prinsippet er kontroversiell. Mi klare haldning til saka er at det må det vere slik at omsynet til barnets beste må vera det styrande og viktigaste prinsippet for barnevernstenesta når ein diskuterar eventuelt tilbakeføring til biologisk heim.

ER DET TIL barnets beste å flytte heim til biologiske foreldre etter å ha vakse opp hjå fosterforeldre frå det var eit spedbarn? Er det til barnets beste å flytte heim til biologiske foreldre etter at det har knytt seg til sine fosterforeldre som mamma og pappa over fleire år? Eller er dette i større grad til dei biologiske foreldra sitt beste. Eg seier ikkje at det er berre eit svar på dette.

Ein diskusjon som er interessant, er spørsmålet om å innføre ein tidsavgrensing. Bør ein kanskje innføre ei slags tidsgrense for når det biologiske prinsipp ikkje lenger bør gjelde, og då heller ikkje lenger er til barnets beste? Sjølv om foreldra sin omsorgsevne endrar seg over tid, og dei vert vurdert til at dei egnar seg til å igjen ha omsorg over eiget barn, betyr ikkje det automatisk at det er det rette eller til det beste for barnet.

FLEIRE BARN OG UNGE bur i fosterheim i mange år, og fleire fram til dei er 21 år. Nokre barn har budd i fosterheim største delen av livet sitt. Dette til tross for at fosterheim i teorien er ein midlertidig plassering. Etter ei tid blir det omsorgspersonane i fosterheimen som blir barnets foreldre, og er dei som barna kallar mamma og pappa, og huset deira er «heime». Det er dei som har hjelpt dei med leksene, køyrd dei på fotballtrening, trøsta dei når dei har hatt det tungt, laga middag og lappa olabukser med høl i.

Er det då rett i eit slikt tilfelle at barnet skal tilbake til biologiske foreldre på grunn av det biologiske prinsipp? Kven tar vi omsyn til då?

Debatten om det biologiske prinsipp er for mange kontroversiell, og det er ein kompleks debatt. Ei hovudutfordring er å ta vare på familien utan å tape av syne at familien kan vere farleg for barn. Det må vi tørre å seie, det må vi opne auga å sjå. Mange barn tar skade av å bu i lag med sine biologiske foreldre. 

MÅLET for barnevernet må vere at det ska vere eit vern for barn, det må vere å syte for at barn får ein trygg, stabil og god oppvekst, og i fleire tilfeller trur eg at det biologiske prinsipp må vike for at vi skal nå dette målet.