SKAL BEHANDLE PRINSIPPSPØRSMÅL: På landsmøtet i april skal Høyre ta stilling til spørsmålene om det skal være lov med eggdonasjon, surrogati og lagring av egne egg. Høyres nestleder Jan Tore Sanner ledet prinsipprogramkomiteen, som har forberedt debatten. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
SKAL BEHANDLE PRINSIPPSPØRSMÅL: På landsmøtet i april skal Høyre ta stilling til spørsmålene om det skal være lov med eggdonasjon, surrogati og lagring av egne egg. Høyres nestleder Jan Tore Sanner ledet prinsipprogramkomiteen, som har forberedt debatten. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpixVis mer

Bioteknologi:

Bioteknologiproblemer

Aksel Braanen Sterri tar altfor lett på spørsmålet om eggdonasjon.

Meninger

Aksel Braanen Sterri visar i Dagbladet lørdag til at Høgre på landsmøtet i april skal avgjere om dei meinar det bør vere forbudt for norske kvinner å ta i bruk eggdonasjon, surrogati og lagring av eigne egg. Han meinar Høgre er formynderske, men uttrykker: «Unntaket er selvfølgelig situasjoner hvor våre valg påfører andre store skader. Og i tilfellet reproduksjon, er det en viktig tredjepart som det må tas hensyn til, nemlig barna.»

Eg er samd med Sterri i at barnet er ein viktig tredjepart som det må takast omsyn til. Etter mi meining er barnet faktisk den parten som vi som samfunn har eit særleg ansvar å ivareta i desse viktige spørsmåla.

Når det gjeld spørsmålet om å gi kvinner rett til kontroll over eigen reproduksjon, så oppfattar eg Sterri å ta altfor lett på temaet. Viss ein skal ta eit kvinneperspektiv, så bør perspektivet utvidast til også å inkludere kvinnehelsespørsmål og kjente risikofaktorar ved eggdonasjon, til dømes overstimuleringssyndrom.

I vurderinga må også takast med at der ikkje fins forsking på langtidseffektane av hormonstimulering. Etter å ha gjennomgått prøverørsbehandling for over 30 år sidan, har eg sidan levd med auka risiko for brystkreft.

Eitt anna viktig aspekt ved kvinneperspektivet er omsynet til kvinnene som kan komme under sterkt emosjonelt press som donor for ei søster eller ei nær venninne (kan bli aktuelt ved altruistisk eggdonasjon).

Eg veit kor sterkt eit barneønske kan gi seg uttrykk, og at presset som den andre kan komme i, kan bli formidabelt. Kvinner kan komme i konflikt mellom ønsket om å hjelpe og omsynet til eigen helserisiko og kanskje også eigne verdier. Også for barnet kan det bli potensielt ein svært skadeleg situasjon dersom donor forventar nærare kontakt og tilknytting til barnet, enn det eggmottakar er innstilt på. Barnet kan då komme i ein svært komplisert og vanskeleg følelsesmessig klemme mellom desse to.

Sterri hevdar vi har lang erfaring med barn som har komme til verden ved nyare reproduksjonsmetodar, men gløymer at Bioteknologirådet i sin uttalelse også tar med at dei studiane som fins er få og at utvalet er lite.

Dessutan uttalar Susan Golombok, som leiar den longitudinelle studien som oftast blir refert til, at vi enno ikkje kan trekke nokon endeleg konklusjon angående donorbarna sin psykososiale utvikling. Barna i studien er fortsatt tidleg i tenåra, og både alderen deira og lojalitetsproblematikken gir utfordringar når det gjeld tolkinga av resultata.

Sterri er truleg også klar over at dei siste åra har det i sosiale media kome historier frå modige donorbarn, som til trass for avvising og sterke sanksjonar inad i sitt eige miljø, har fortalt om alvorlege emosjonelle vanskar og vanskar i identitesutviklinga pga av saknet av den eine genetiske foreldreparten.

Vitnemål frå australske Mille Fontana ligg til dømes ute på YouTube. Det ho og andre donorbarn fortel, burde vel vere eit vektig innlegg i denne debatten?

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.