Birkedal, Arnt

INTERVJU

1. Hvordan ble du forfatter?

Det byrja, for 20 år sidan, med at det var det eller ingenting. Eg såg ingen veg utanom. Så eg skreiv ei bok, og ei til. Så blei eg med i NBU, så DnF. Så sa eg opp lærarjobben. No er det forfattar eg er. Dette er det einaste eg kan. Det er dette eg må gjera. For meg er det det einaste der er frelse i.

2.Din beste leseopplevelse?

Kvar gong eg les nye b./u.-bøker og oppdagar ein god forfattar ingen andre veit om. Dei beste forfattarane har, som kjent, verken bokklubbane eller Rottem oppdaga. Det er litt fint, trass alt, å sitja og veta det.

Kvar gong eg får tid til å opna ei ny Ragnar Hovland-bok.

Dei sterkaste leseopplevingane har ein jo tidlig i livet. I 20 års alderen las eg alt av Hans Jæger og Gunnar Lunde mest utan avbrot. Det gjorde inntrykk, skal eg helsa og seia. Men det var eit anna liv, ei anna tid.

3. Dine litterære forbilder?

Ragnar Hovland, Jon Fosse, Alf Prøysen, Jan Erik Vold, Arild Nyquist, Helge Torvund, Gunnar Lunde, Hank Williams, Lewis Carroll og karane som skreiv 1. Mosebok. For å nemna 10.

4. Hvordan liker du å jobbe?

Eg har ”kontortid” 08.00 - 12.00 kvar morgon, heile veka, heile året, viss det ikkje er noko spesielt. Elles noterer eg til alle døgnets tider, alle stader. Ber alltid rundt noko å skriva på.

(Dagbladet.no 01.06.2003)