Bisletts ånd

BISLETT GAMES fredag var ein sportslig høgtidsdag, men Bislett er mest for kvardagar.

FRODE RINNANS Bislett var eit landemerke i Oslo med sterk symbolverdi: OL i 1952, skøytesportens Mekka og masse verdensrekordar i friidrett. Derfor var striden så sterk om nybygg eller rehabilitering av det gamle stadionet. Eller korfor ikkje heller ein park? Planlegging, finansiering, politiske vedtak og omtak trakk ut i eit tiår. Men så gjekk riving og bygging i ekspressfart. Det er kanskje eit døme på at det kan vera ein stor fordel at noen prosjekt tar lang tid slik at dei får modnast?

JAN ERIK VOLD førte ein heroisk og herostratisk kamp for skøyteis og mot riving. Han tapte, men han vann også. Nå bør han ta seg ein tur på Nye Bislett, setta seg øverst i Søndre sving og nyta resultatet. Han treng ikkje innrømma at han tok feil eller angra all tid og kraft han brukte på den tapte saka. I staden kan han ta på seg litt av æra for at det er blitt så bra. Om ikkje han hadde halde fana så høgt og plaga dei ivrigaste så hardt, kunne det ha gått riktig ille.

DEN DOMINERANDE måten å bygga og finansiera nye fotballbanar på er eit privat og lukka aksjeselskap som bare åpnar portane når dei har eit dyrt idrettsprodukt å selja. Anlegga ligg for seg sjøl midt på ein stor parkeringsplass utanfor tettbebyggelsen. Den som skal inn, må forsera ein mur av kontor og butikkar og sponsa VIP-loungar for å finna ein avstengd grøn flekk i midten. Slike planar verserte også for Bislett.

NYE BISLETT er ein saftig kommentar til denslags ran av offentlige rom. Det er eit ujålete og folkelig bystadion som ikkje er seg sjøl nok. Det tilpassar seg og spelar på lag med omgivelsane utan å prøva å forklé seg som noe anna enn det er. Det brettar seg ut i og for offentligheta. Det tar til seg omgivelsane og gir mye tilbake til dei. Det er eit stykke vellykka byreparasjon, og endå betre kan det bli om kommunen og Riksantikvaren blir enige om kor Bilsett-gata skal gå.

ARKITEKTANE i C.F. Møllers tegnestue har klart noe nær det umulige: Dei har kilt og sydd eit så stort anlegg inn i bebyggelsen utan at det verker overdimensjonert og kjøvande på byromet. Det er ikkje avvisande utanfrå, og innanfrå er det ikkje avgrensa av murane, men av bygningane rundt og åsane langt bak Nordre sving. Nybygget fangar stadens og symbolets ibuande kvalitetar, samtidig som det tilfører nye element og styrkar det historiske uttrykket. Nye Bislett er det motsette av «stedstap». Det har fanga stadens ånd og atmosfære, eller genius loci , for å seia det med arkitekt-guruen Nordberg-Schulz.

DEN SOM GÅR forbi eller kjem inn på Nye Bislett med varme minne om det gamle, kan ikkje unngå å tenka: «Her har eg vore før». Vi har fått noe heilt nytt, vakkert og smekkert, moderne og funksjonelt, samtidig som Bisletts sjel og identitet er tatt vare på. Ein kjenner att gamle Bisletts kvalitetar og særpreg i det nye. Det er i grunnen endå meir og foredla av det som var. Bislett er død; leve Bislett.

BISLETT GAMES fredag var ein sportslig høgtidsdag, men Bislett er mest for kvardagar. Det kunne ha blitt noe fjongt for eit par elitestevne i året, og elles til pynt med «ligg unna banen» og «trø ikkje på graset og banen». Men det er blitt både ein elitearena for internasjonal friidrett og eit nærmiljøanlegg - åpent og tilgjengelig for skuleklassar og mosjonistar 12 timar i døgnet. Då eg var innom her ein ettermiddag, var det full aktivitet i alle aldrar og på alle nivå. OL-mester Andreas Torkildsen kasta spyd, noen superveteranar tykte dei sveva lett bortover det røde tartandekket, og eit hundretal småbarn hoppa høgde og lengde. Og når Unni Helland også var på plass att som trenar med ungjentene i BUL, ja då var alt som det skal vera. Sjøl om skøytesporten har flytta innadørs.