KONTRAST: En lettkledd Rihanna (til venstre) og rapperen Tink slik hun framstår på «Ratchet Commandments»-coveret. Foto: Stella Pictures
KONTRAST: En lettkledd Rihanna (til venstre) og rapperen Tink slik hun framstår på «Ratchet Commandments»-coveret. Foto: Stella PicturesVis mer

Bitches & hoes

Kva er stoda for bitches i dagens hip-hop? Me ser og høyrer på to nye tekstar.

Det finst mange som eg, både i det sosialdemokratiske Norden og andre plassar; middelklassemenn med gode manerar, sosiale antenner og ein sunn oppvekst. Dei fleste av fedrane våre var enten mjuke menn eller fråverande. Mødrene var både mjuke, harde og tilstades, og om ikkje alle protesterte og gjekk i tog, var dei i det minste sofaraudstrømper. Det er ikkje merkeleg at me ikkje trur på Gud lenger; me trur på humanisme og likeverd. Nokre av oss kallar seg til og med feministar.

Likevel har me brukt ein stor del av liva våre på ein musikksjanger som er gjennomsyra av Gud, dollar og nokre kjønnsroller som er heilt fjerne for oss. Mange av oss har gått gjennom forskjellige periodar med forskjellige måtar å prøve å takle dette på. Spesielt sexismen har vore vanskeleg. Me har skifta mellom å le det vekk og kalle det ironi og humor, ta avstand og berre høyre på rapparane med gode haldningar, tilbake til å digge det igjen og seie at «dette er sjølvsagt litt leit, men det handlar om kulturforskjellar». Til slutt gir me opp, og brøler fortvila: «Det går vel an å lese Hamsun utan å vere einig med han!?»

Det er mildt sagt ikkje lett å verte klokare i 2015. No er det overalt. I dag er denne subkulturen vår mainstream og big money. Og det meste av populærmusikken som ikkje er ein del av hip-hopkulturen, er sterkt påverka av han. Hip-hop kan sjølvsagt ikkje ta på seg all skulda for kjønnsrollene i populærkulturen, men mange av orda og mykje av estetikken kjem frå hip-hop, og ord og bilete er aldri tomme.

Ein del av dagens kvinnelege artistar innan hip-hop og pop elles opptrer med eit svært seksuelt aggressivt image, kallar seg sjølv bitches — og seier det er feminisme. Nokre klappar i hendene og synest det er flott, andre meiner dei har gått i fella. På norske skular kallar jentene kvarandre bitch over ein lav sko, av og til som skjellsord, andre gongar som det motsette — og får like forskjellige reaksjonar på dét. Me tar tilbake ordet! er ein parole for nokre. Andre tar tilbake fargen rosa, som om dei nokon gong har hatt den, og andre igjen har gitt heilt opp og tar tilbake kjøkenforkleet.

Korleis står det til med kvinner og bitches i dagens hip-hop? Eg har funne fram to nye, gode låtar. Begge av kvinner, begge proppfulle av referansar og intertekstualitet, og begge med utstrakt bruk av ordet bitch. Den eine artisten er ein godt påkledd og teknisk dyktig rappar med sterke meiningar, den andre er ein popdiva i bikini som gir fan. Så her er vel valet lett når me skal finne eit godt førebilete for dei unge?

Fyrst den påkledde: Tink er er ein relativt ny rappar og R&B-artist frå Chicago på veg opp under Timbalands venge. Singelen «Ratchet  Commandments» tar utgangspunkt i The Notorious B.I.G.s klassiske «Ten Crack Commandments». Sistnemnde er ti gode råd til dei som vil selje crack, og ha suksess med det. Tinks låt inneheld åtte gode råd til kvinner som vil vere ein god «ratchet». Ein ratchet er ein jålete, umoralsk, wannabe diva, som både er laus på tråden og trur ho er noko — ein type kvinne dei fleste har lite respekt for. Tink likar dei heller ikkje, men viss du absolutt må vere ein, har ho altså nokre gode råd til deg. Dei fire fyrste linjene i låten er ei omskriving av starten på B.I.G.s låt, og i resten av verset, og andreverset, går ho gjennom desse strenge reglane ein må fylgje om ein absolutt vil vere ein bitch, orsak, ratchet. Det handlar mest om å ikkje vere falsk eller ukristeleg, og ikkje stele andre menns kvinner.

Det er ikkje det verste at ho oppfordrar til det, og ho rappar svært bra. Det som gir meg dårleg smak i munnen, er den svært fordømmande og moralske tonen (i videoen opptrer ho like godt som predikant, og eg trur ikkje det er ironisk meint). Dessutan er raplåtar med dette temaet nærast ein heil sjanger som mannlege rapparar har laga uteljelege låtar i opp gjennom åra. Om ikkje målet er bevisst, er effekten klar; me deler opp kvinnene i forskjellige tydeleg definerte kategoriar, men i hovudsak to: hore og madonna. Splitt og hersk. Mannen er framleis heil.

Det tredje verset er ein meir generell og oppsummerande tirade, som forresten høyrest ut som ein lang Kendrick Lamar-pastisj. Ho avsluttar med å poengtere at det ikkje berre er desse kvinnene som er elendige, nokre menn er òg ratchets — og parafraserer dermed nok ein mann, Ice-Ts «Bitches 2», der catchphrasen og bodskapen er «some of you niggas is bitches too», som igjen er eit sitat frå ein låt av Geto Boys.

Det er mogleg at Tink meiner Rihanna er ein ratchet. Rihanna er om nokon ein diva, har som oftast svært lite klede på seg, og oppfører seg seksuelt utfordrande. Dessutan trur ho at ho er noko, og no har ho òg sloppe ei bombe av ein raplåt! Fordi me kjenner igjen Rihannas stemme, tenker me kanskje at ho syng, men om me hadde bytta ut stemma med ein kjent rappar, hadde me forstått at dette er eit svært bra flow — på ein latterleg tøff trap-låt. Refrenget er òg rein trap, der ho (stort sett) berre gjentek ein catchphrase: «Bitch Better Have My Money», og då siterer ho ein annan låt med same namn, av rapparen AMG, som igjen hadde laga refrenget med ein sample frå ein Big Daddy Kane-låt som handla om hallikverksemd, «Pimpin' Ain't Easy». (Og gjesterapparen Ant Live, som leverer punchlinen, hadde nok vore på kino og sett «I'm Gonna Git You Sucka».)

Kven det er Rihanna pimpar i denne låten, er noko uklart. Eg trur det er alle, også deg og meg; teksten er klassisk battlerap, og handlar om at ho er best. Det er tre år sidan førre plate, og no er ho tilbake med nye låtar, og vil ha alle pengane våre. Det kan òg handle om situasjonen på den digitale musikkmarknaden. For ei veke sidan vart Tidal lansert, eigd av Rihanna og om lag eit dusin av dei rikaste musikarane i USA. Denne nye streamingtenesta tar opp konkurransen med Spotify, og påstår at dei vil gi eit større utbytte til artistane enn det konkurrenten gjer. (Av same grunn finst ikkje «Bitch Better Have My Money» på Spotify enno, og er derfor ikkje å finne på spelelista vår, men du finn låten på iTunes, YouTube mm.)

Rihanna treng ikkje menns aksept. Ho treng faktisk ikkje menn i det heile, og i motsetnad til Tinks ratchets som stel andre menns kvinner, tar Rihanna mennenes koner: «Your wife in the backseat of my brand new foreign car.» Det er som sagt ikkje heilt klart kven Rihanna snakkar til i låten, men me ser altså at dei plassane i teksten mottakaren får eit kjønn, er det ein mann. Med denne tve- eller fleirtydige bruken av ordet 'bitch', klarer Rihanna — ikkje å tømme ordet for tyding, men — å gjere det kjønnsnøytralt. Tink derimot brukar ordet på gamlemåten; bitches er kvinner. At «some of you niggas is bitches too», er berre unntaket som til dei grader stadfestar regelen.

Eg veit ikkje om me vart så mykje klokare denne gongen, heller. Men éin ting synest klart for meg: Tink vil vere ein av gutta, mens Rihanna verken har lyst til eller behov for det. Rihanna er sin eigen bitch, og ho er ein jævla bra bitch.