Blåe blomar, sjølvsagt

Ein velsmakande bukett frå den surrealistiske kameleonen Kool Keith frå Bronx, Jupiter.

Blåe blomar, sjølvsagt
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

I Kool Keiths hus er det interessant å vere — ikkje alltid behageleg, og ikkje alltid til å forstå, men her er alltid mykje.

Keith Thornton frå Bronx, New York starta karrieren i den både lyrisk og beatmessig nyskapande rapgruppa Ultramagnetic MCs (debut: Critical Beatdown, 1988), og har i tillegg gitt ut ei uoverskodeleg mengde plater som soloartist, enten under namnet Kool Keith eller som eitt av sine mange alter ego: Dr. Octagon, Dr. Dooom, Black Elvis m.fl.

Trass dei mange namna er stilen og tematikken stort sett lik for alle. Han rappar mykje om kor flink han er til å rappe, og kor dårlege alle andre er. Elles handlar det ofte om teknologi, vitskap, science fiction, legar med instrumenta sine, sexleiketøy, himmelretningar og mat.

Stilmessig er han ein merkeleg synkopert og økonomisk maksimalist som gjerne legg rima på litt andre plassar enn rapparar flest. Og han bryr seg fint lite om det er 16, 17 eller 21 takter tekst i eit vers; eit vers er ferdig når han har sagt det han skal.

Vekas tekst er frå Dr. Octagon, eit konseptalbum som var ein crossover undergrunnssuksess då det kom i 1996. Doktoren er opprinneleg frå Jupiter, men har kome til jorda gjennom ein fax.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer