VALGVINNER: Partileder Jimmie Åkesson på Sverigedemokraternas valgvake søndag kveld.
VALGVINNER: Partileder Jimmie Åkesson på Sverigedemokraternas valgvake søndag kveld.Vis mer

Blågul blues

VALG I SVERIGE: Alle tapte valet i Sverige. Berre ikkje Sverigedemokraterna. Innslag frå valvakene på SVT si valsending var prega av blues, sjølv blant partia som no er på veg inn i regjering.

Debattinnlegg

Sverigedemokraterna har gjort eit brakval. Det var ikkje vanskeleg å forutsjå. Det var ikkje sjokkerande. Det var ikkje ein gong overraskande.

Også her til lands vekkjer valet reaksjonar. Nokre klarer ikkje å skjula gleda si over at «dei politisk korrekte» har fått seg ein smell. Dei samanliknar gjerne Sverigedemokraterna (SD) med Framstegspartiet (Frp). Slåande nok kjem den samanlikninga også frå folk som misliker den norske høgrepopulismen. Men det er fleire vesentlege skilnader mellom dei to partia.

Den fyrste er at partia har ulike røter. SD sine røter ligg i djupt rasistiske Bevara Sverige Svenskt, sjølv om skånsk høgrepopulisme også spela inn. Frp har røter i eit skatteopprør, og i ei høgreside som digga objektivisten Ayn Rand og den konservative, amerikanske presidentkandidaten Barry Goldwater. Sjølv om nokre programpunkt og sider ved partiprofilane kan minna om kvarandre, og sjølv om Sverigedemokraterna ynskjer å bli samanlikna med nettopp Frp, har Sverigedemokraterna også ei anna medlemsmasse. Partiet sin nulltoleranse mot rasisme er mykje av ein bløff. Her kan ein sjølvsagt innvenda at Framstegspartiet i blant slepp for billeg unna i norsk debatt. Men SD er annleis. Tonen er ofte ytterleggåande. Rasismen lett å få auge på. Når svenske media og politikarar reagerer med djup uro på Sverigedemokraternas vekst, er det faktisk fordi det er djupt urovekkjande. Sverigedemokraterna er eit ubehageleg parti. Når dei i blant reagerer på same vis mot Framstegspartiet, er det fordi dei trur dei ser SD.

Midt på nittitalet tok Mikael Jansson over som leiar for SD. Han jaga bombarjakkene vekk frå partimøta, og sendte dei mest ytterleggåande over i utbrytarpartiet Nationaldemokraterna. Så tok Jimmie Åkesson over, og prosessen heldt fram. Sverigedemokraterna har gått i retning Dansk Folkeparti. Det har lagt frå seg ein del av arva, sjølv om det stadig er fullt av grums - slik den mykje omtala järnrörsskandalen synte.

Sjølvsagt finst rasismen blant SD sine veljarar. Det er likevel grunn til å tru at ein del veljarar røystar på SD medan dei heldt seg for nasa. Spørsmålet både politiske motstandarar og media i Sverige burde stilla seg er kvifor.

Svensk politikk har dei siste åra vore meir polarisert enn den norske, og det på fleire område. Ein ting er at blokkpolitikken har vore fastlåst, noko SD sitt valresultat faktisk kan tenkjast å endra, fordi ingen - så langt - har villa ha noko vidare med dei å gjera. Ein annan ting er at dei øvrige riksdagspartia - trass blokkpolitikken - har stått rimeleg samla bak ein innvandringspolitikk som er blant verdas mest liberale. Det har vore med på å gje SD valsigeren. Om ein som svensk veljar meiner at politikken bør strammast inn, har ein få alternativ. Ein kan sjølvsagt velja å røysta på eit parti ein er usamd med på dette området, om ein ser på andre område som viktigare. Eller ein kan røysta på Sverigedemokraterna. Lenger ute på kanten finst også dei vaskeekte, men friserte nynazistane i Svenskarnas Parti. Dei var det få som røysta på.

I tillegg har svenske politikarar gått i to klassiske feller i møtet med høgreradikalismen. Den fyrste er å freista å lata som om den ikkje eksisterer. Det gjorde ein meir eller mindre heilt til partiet brått låg ann til å koma inn i riksdagen, sjølv om nokre akademikarar og nokre aktivistar åtvara lenge før det. Dermed har ein også oversett at nokre av partiet sine veljarar har heilt legitime, og jamvel høgst forståelege grunnar til å stemma på partiet. I det stille kunne SD byggja opp ein opinion.

Den andre tabben var at ein deretter byrja å stira på Sverigedemokraterna. Svensk politisk debatt vart i aukande grad til ein debatt om Sverigedemokraterna, og dermed kunne Åkesson og hans folk gle seg over å vera det einaste eine alternativet. Det er ein draumeposisjon. I denne valkampen har det vore skrive bøtter og spann om SD si moglege rolle som «vågmästare», på vippen, altså; og det utan at ein har teke innover seg det grunnleggjande faktum at om ein skal vera på vippen, ja, så er det ei føremon å vera i midten. Åkesson forsøker stadig vekk å uttrykkja at det er nettopp det SD er. Men det er ikkje sant. SD er eit fløyparti. Den einaste måten dei kan vera «vågmästare» på, er ved at dei andre partia tillet det.

Men sjølvsagt har Sverigedemokraterna tent stort på dette fokuset.

Sverige har betydelege integreringsutfordringar, og ein politisk situasjon der SD i noko grad er det einaste alternativet, og i stor grad får lov til å framstå som det einaste alternativet. Fleire parti har dei siste åra lagt seg på ei endå meir liberal line i innvandringspolitikken, og har vorte draumemotstandarar for SD. Samstundes har vanskelege integreringsspørsmål for ofte vorte teke tak i for seint, for lite og for mykje berre i festtaler. Politikarar frå ei rekkje av riksdagspartia har vore vel så opptekne av å vera ein motsats til SD. Dermed har ein spela ballen i føtene på Sverigedemokraterna. Det er ikkje til å undrast over at dei skårer mål.

Det er noko å læra av dette, for dei av oss som stør ein relativt open innvandringspolitikk og med rette misliker Sverigedemokraterna. Det er eit legitimt, demokratisk standpunkt å meina at innvandringstakta er for høg - det standpunktet bør ikkje skyvast ut til grumsete ytterkantar. Det er best å unngå utopisk innvandringspolitikk, basert på gode - ja, dei beste - ideala, men utan å ha god nok forankring i ein røyndom som aldri er like enkel som i ideologiske førestillingar. Det er naudsynt å ta integreringsspørsmål på alvor, med utgangspunkt i eiga politisk tenkning. Og det er best å unngå at høgreradikale krefter får setja premissa for debatten, eller å gjera debatten om til ein debatt om dei.

Om ikkje dette valet fører til kritisk debatt om dette, vil den blågule bluesen spela stadig høgare. Men om debatten kjem, vil mange SD-veljarar sleppa taket om nasa, og kjenna att lukta som velter mot dei.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook