- HITLER-RETORIKK: Siv Jensens begrep snikislamisering og utspillet om å sende romfolk på busser ut av landet, minner om Hitlers retorikk mot jødene, skriver artikkelforfatteren. Foto: Anita Arntzen
- HITLER-RETORIKK: Siv Jensens begrep snikislamisering og utspillet om å sende romfolk på busser ut av landet, minner om Hitlers retorikk mot jødene, skriver artikkelforfatteren. Foto: Anita ArntzenVis mer

Blåvasking av politikk

Om Siv Jensen skal klare å vaske bort høgrepopulismestempelet, må ho ta fram «Morna, Jens!»-stemmen sin. Men det kjem ho aldri til å gjere.

Meninger

I 40 år, like lenge som israelsfolket gjekk gjennom ørkenen på veg til det forgjetta landet, vandra Frp i skuggedalar der dei stadig kasta lengtande blikk mot maktas tindar som glitra og tindra i det fjerne. Og dei forbante seg på at opp dit skulle dei ein vakker dag.

Frp var dyktige på å snakke så spissformulert at dei stadig klarte å tiltrekke seg rampelyset. Då handla det nesten alltid om innvandring, noko partiet har sers lite til overs for. Partibyggjaren, Carl I Hagen, matadorsnudde kappa elegant etter vinden og stakk kården der han måtte komme til. Som då han leste «Mustafa-brevet» på partilandsmøtet i 1987. Der skreiv «Mustafa» at muslimar sitt mål er å overta Noreg. Seinare viste det seg at brevet var eit falsum. Men det hadde gjort jobben sin.

Øystein Hedstrøm, markant Frp-politikar frå 1989 til 2005, blei tatt in flagrante på eit møte med nynazistar på Godlia Kino. I eit foredrag der slo han eit slag for felles høgreekstrem front mot innvandring.

Siv Jensen sitt bidrag til temaet var snikislamisering; at Islam tærer seg som råte inn i fleire og fleire område av samfunnet. Ikkje ulik retorikken Hitler brukte mot jødar sin fortærande verknad på Tyskland. Vår noverande finansminister ville òg sende busslaster med romfolk som kveg ut av landet. Om det av og til blei for stille rundt partiet, hadde dei Christian Tybring-Gjedde å ty til. Han skreiv om «Draumen frå Disneyland». Etter 22. juli modererte han nokre av dei krassaste påstandane om multikulturalisme då han oppdaga at Behring Breivik hadde nøyaktig dei same synspunkta i sitt Manifest. Han meinte òg at muslimen Hadia Tajik ikkje kunne vere kulturminister fordi ho ikkje definerte norsk kultur slik han meinte den skal definerast. Slik har han vore med på å nøre opp under eit glødande muslimhat hos mange i Noreg.

9. september 2013 var den vakre dagen då partiet endeleg nådde opp på maktas tindar. Då Siv Jensen endeleg kunne stige ut i lyset, brølte ho: «Morrrnaaaa Jeeensss,» så det gjalla faderlandet. For så å leggje om stilen. Til seriøs og ansvarleg finansminister. Stemmevolumet blei dempa til innenivå og tidvis kviskring. No handla det ikkje lenger om snikislamisering og sharia, men skattelette og framtidige budsjett.

FØLG DAGBLADET MENINGER PÅ TWITTER OG FACEBOOK

Samtidig fekk ho fort erfare at det bles på toppane. Utanlandsk presse la ikkje fingrane mellom då dei hevda at Noreg hadde fått eit høgrepopulistisk parti i regjering. Frp blei samanlikna med Sverigedemokratar, Samfinnar og andre høgrepopulistiske parti. Framandhatutspel frå den ørkeslause vandringa i opposisjon boomeranga brått attende på dei.

Erna Solberg kunne ikkje ha hengande ved seg at ho hadde invitert høgrepopulismen til sitt eige regjeringsbord. Ho viste seg som ein eminent hersketeknikar då Heikki Holmås gjekk ut og sa at han var einig med utanlandsk presse. «Heikki er en liten friskus,» uttalte statsministeren, «men han burde passe munnen sin.»

Dei to søsterpartia ville ta ondet ved rota og kalla inn til internasjonal pressekonferanse for å sette skapet på plass ein gong for alle. Dei streitaste karane i klassen, nestleiarane Jan Tore Sanner frå Høgre og Ketil Solvik-Olsen frå Frp fekk i oppgåve å fronte regjeringa i det som blei eit surrealistisk forsøk på å blåvaske Frp. «Frp er ikkje høgrepopulistisk,» blei sagt på alle dei måtar det er muleg å seie at Frp ikkje er høgrepopulistisk på. Utan at det såg ut til å gå heim hos pressefolka. Det viste seg nesten umuleg å få Frp-fasaden blendande Blenda-blå. Same kor mykje dei gnikka; det hadde sett seg fast brunflekkar som ikkje gjekk bort.

I regjering held partiet tunga beint i munnen for ikkje å bære ved til høgrepopulismebålet. Ofte går det bra, men så plutseleg poppar framandhatet opp att. Som Tourette`s syndrom. Umuleg å undertrykke og halde attende. Om det blir for stille rundt partiet, har dei Tybring-Gjedde å ty til. Han har fristilt seg sjølv i innvandringsspørsmål. Er ikkje politikken til regjeringa restriktiv nok, vil han stemme imot. Nyleg hevda han at Noreg, som Israel, bør byggje ein forsvarsmur mot alt dette som er i ferd med å velte innover landet vårt.

FrP sin innvandringspolitiske talsmann, Mayzayr Keshvari, sjølv flyktning frå Iran og partiet sitt innvandringsalibi, skapte orkan på digitale media då han nyleg hevda at det må bli forbode for helsepersonell å gje medisinsk hjelp til illegale innvandrarar og at legar må melde til politiet alle illegale som oppsøker dei. Med eit iskaldt pennestrøk ville han fjerne noko av det mest heilage i helsesektoren: nemleg teieplikta.

Ap-politikar Jette Christensen har etterlyst ei oppskrift frå Siv Jensen på når vi skal ta desse framandfientlege utsegnene på alvor, når det er partiet sin offisielle politikk dei forfektar og når det er soloutspel frå uskikkelege gutar. Det har vi ikkje fått. Finansministeren går sjeldan ut og dementerer eller tar avstand frå rabiate utfall mot innvandrarar frå eige parti.

Frp har alltid vore eit høgrepopulistisk parti som appellerer til ekstremistar. Mange har vore innom partiet. Behring Breivik søkte nødhamn der, men drog vidare fordi partiet ikkje var ekstremt nok. Tidlegare medlem har meldt seg ut og starta enda meir ytterleggåande politiske grupperingar. Vidar Kleppe blei suspendert av Carl I Hagen i 2001. Han starta partiet Demokratene. Andre har blitt sparka ut fordi dei hadde for eksplisitte rasistiske og halvfascistiske haldningar. Andre held stand der framleis.

Ein kan undre seg over at Frp stadig slepp unna med stigmatiseringa av utsette grupper. Dei er smarte nok til å halde seg på rett side av rasismeparagrafen. Utfalla, same kor grove dei er, ser ikkje ut til å skræme bort veljarar. Dessutan har Høgre sagt i klartekst at framandhatet til partiet er så uvesentleg at det er greitt å danne regjering med dei. Venstre og Krf trekker òg på skuldrene av utspela og garanterer for at høgrepopulist-Frp vil vere i regjering i minst fire år. Så då kan dei trygt halde fram som dei stemnar.

Det burde vere eit tankekors for Siv Jensen at partiet er attraktivt for høgreekstremistar. Om ho skal klare å vaske bort høgrepopulismestempelet, nyttar det ikkje å kviskre. Då må ho sette ned foten og ta fram Morna-Jens stemmen sin igjen. Noko ho aldri kjem til å gjere, for då vil ho skræme bort alle som meiner at ei stemme til Frp er ei stemme mot innvandring, og dei er trass alt ein viktig del av grunnfjellet til partiet.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.