DEBUTANT: Charlotte Riises dikt dirrar av nærleik til det levande i oss og kring oss. Foto: GYLDENDAL
DEBUTANT: Charlotte Riises dikt dirrar av nærleik til det levande i oss og kring oss. Foto: GYLDENDALVis mer

Bleike arr og det blå som ikkje blir borte

Slåande formulert i debutdikta til Charlotte Riise.

ANMELDELSE: Då eg hadde lese denne debutboka nokre gonger, slo det meg at her kunne historia gjenta seg. Eg sat nemleg med ei kjensle som var merkeleg lik den kjensla Paal Brekke gav uttrykk for då han skreiv om mi debutbok i Dagbladet i 1977. Lett omskrive:

«Kanskje er det derfor hun virker så sterkt på meg: Hun får meg til å tro at denne formen fungerer fremdeles.»

Fungerande former
Nokre av oss er nemleg meir opptekne av fordjupinga i eit stoff enn i den hektiske fornyinga. Fungerande former kan leva og levera. Lenge. Og Charlotte Riise leverer. Dette er på mange vis lågmælte dikt forankra i den modernistiske tradisjonen, men dei dirrar av nærleik til det levande i oss og kring oss. Kvardagsromma er her fylte av minne og rørsler frå den nære fortida og inn i nået. Dikt som dette, med merke etter sterke erfaringar:

Orda hennar er er ei tatovering:
tynne nåler gjennom huda mi.

Presist
Boka inneheld ei historie om syskenkjærleik og om ei syster som vert borte. Her finst òg ei mamma, ei bestemor og ein kjærast, ein «han».

Bleike arr og det blå som ikkje blir borte

Men dikta er så opne og famnar så mange slags presist observerte sansingar og kjensler, at historia ikkje er det sentrale når ein les. Det er det poesien sjølv som er. Sakn, lengt og minne vert balansert av det sanselege og frodige i oppfatninga av verda og kjenslene. Mange av dikta er så gode at ein gjer dei til sine eigne straks.

Opnar for det mangetydige
Her er fleire  formuleringar som opnar for det mangetydige og annleise. Som: «Vi var ikkje eingong turistar.» og «Eg vil angre på dei rette tinga, vil ikkje du?»

Dette er varme, nære, og litt naivistiske dikt som fangar ungt liv. Men iblant skurrar tonen, ei og anna linje kan verka overflødig, eit og anna spørsmål vert søkt eller konstruert. Men oftare er anslaget så presist og opnande at det er ei glede å lesa ein debutant som alt er så sikker. Ho finn desse koplingane mellom konkrete element som slår opp ein regnboge mellom elementa: «Hennar vatnmunn.» Og ho kan med enkle middel opne eit kort dikt mot store perspektiv:

Ei natt sit eg i stua og ventar. Eg opnar
pianolokket, opnar ein langvarig sommar.