– Bli med, Stig Inge!

GYM: Stig Inge Bjørnebye er i Dagbladet 27.10. uroa for at kroppsøving er eit usynleg fag i dagens skole. Eg er glad for at ein mann med så mykje kunnskap om fysisk aktivitet engasjerar seg i temaet. Derfor inviterar eg nå Stig Inge Bjørnebye til skolebesøk saman med meg. Vi vil gjerne ha innspel som kan gjere norsk skole betre! Samtidig ønskjer eg å vise at biletet heldigvis er meir samansatt:

Kroppsøving er eit viktig fag i grunnskolen. Berre norsk og matematikk har fleire timar.

Men fysisk aktivitet er meir enn kroppsøving. Nær 400 skolar har delteke i prosjekt for å auke den fysiske aktiviteten i skulen, med eit mål på 60 minutt kvar dag i tillegg til kroppsøvingstimane. Ein stor del av skolane rapporterar at elevane har blitt meir konsentrerte. Denne veka besøkte eg Apeltun skole i Bergen, som har vore med i prosjektet. Dei har mellom anna uteskole ein dag kvar uke, uansett vær.

Utvida skoledag er eit mål for regjeringa, med meir tid både til kunnskap og til fysisk aktivitet. Regjeringa ser gjerne på nye tiltak for å auke aktiviteten blant barn og unge. Vi har satt av to millionar kroner til SFO-ordningar lokalt saman med idrettslag. Dette skjer i samarbeid med Noregs Idrettsforbund og Olympiske komité.