PR-JIPPO: Invasjonen i Irak i mars 2003 var det første store PNAC-tiltaket. Oppdraget er fullført (Mission accomplished) stod det på banneret da president Bush 1. mai det året heldt tale på dekket på hangarskipet USS Abraham Lincoln, skriver artikkelforfatteren. Foto: Stephen Jaffe / AFP Photo / NTB scanpix
PR-JIPPO: Invasjonen i Irak i mars 2003 var det første store PNAC-tiltaket. Oppdraget er fullført (Mission accomplished) stod det på banneret da president Bush 1. mai det året heldt tale på dekket på hangarskipet USS Abraham Lincoln, skriver artikkelforfatteren. Foto: Stephen Jaffe / AFP Photo / NTB scanpixVis mer

Blodig USA-nedtur i Midtausten i 20 år

President Donald Trump sender twittermeldingar for å gjere USA stort igjen. Og han er ikkje den første som prøver å få til akkurat det.

Meninger

Rett før årtusenskiftet utvikla presidentnære tenketankar i USA «Prosjektet for eit nytt amerikansk hundreår (PNAC)». Konsernsjef Dick Cheney hos våpenprodusenten Halliburton, var ein av grunnleggarane. 10 av dei 25 som skreiv under stiftingsdokumentet, fekk høge verv hos president George W. Bush.

Cheney vart visepresident, ein annan vart forsvarsminister og ein tredje vart statssekretær i forsvarsdepartementet. Programmet var enkelt: «Amerikansk leiarskap er bra både for Amerika og for verda.» Trump-tvitringa er gamle slagord i ny innpakning.

Invasjonen i Irak i mars 2003 var det første store PNAC-tiltaket. Oppdraget er fullført (Mission accomplished) stod det på banneret da president Bush 1. mai det året heldt tale på dekket på hangarskipet USS Abraham Lincoln. Han poserte først i pilotuniform. Så heldt han talen med «oppdrag fullført»-banneret og soldatar på geledd som bakgrunn.

USS Abraham Lincoln hadde ankra opp rett utafor San Diego i California. Men kameravinklinga ga TV-sjåarar inntrykk av at skipet framleis var i Den persiske golfen. Eit vellykka PR-jippo.

Men korleis gjekk det? Presidenten gjorde Paul Bremer til eineherskar i Irak. 23. mai 2003 oppløyste Bremer den irakiske hæren og storparten av statsapparatet. USA skapte politisk, militært og sosialt kaos i eit land som alt var svekka av 13 år med drepande FN-sanksjonar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Da eg var i Irak eit år etterpå, såg eg ein øydelagt hovudstad i eit okkupert land. - Over 20 vart drepne i Bagdad i dag, sa politifolk eg snakka med den første kvelden.

Forskarar har ulike metodar og ulike tal på drepne etter 2003-invasjonen. Iraq Body Count, som har dei lågaste tala, oppgir at soldatar og væpna grupper fram til no har drepi mellom 181 000 og 204 000 sivile i Irak.

Kortversjon: USA øydela det som gjorde Irak til ein stat. Og det vart ikkje starten på eit nytt amerikansk hundreår.

Tre år seinare støtta USA den israelske bombekrigen mot Hezbollah i Libanon. Ein «fødselssmell for eit nytt Midtøsten», sa utanriksminister Condoleezza Rice. Israel drap mange, men tapte krigen. Dermed vart det og ein nedtur for USA.

Så følgde øydelegginga av staten Libya i 2011. Øydelegging av Syria er no inne i det åttande året. Kortversjon: Amerikansk krig og innblanding i Midtausten har dei siste 15 åra øydelagt statar og drepi hundretusentals sivile. Kor mange veit ingen.

Samtidig betyr USA mindre og mindre i verdsøkonomien. I Midtausten er USA meir forhatt enn nokon gong. Rundt 2 000 spesialsoldatar i Syria er ingen stor maktfaktor. Når Trump – som vaklar frå standpunkt til standpunkt – seier at han vil trekke soldatane ut av Syria, er det ei stadfesting av at USA er svakare enn før.

Russland har styrka stillinga si i Syria, og dermed i Midtausten. Den økonomiske stormakta Kina investerer. Kinesisk imperialisme ekspanderer raskt, men utan våpenbruk.

USA er ikkje knust. Det er ein militær gigant. Ingen har same slagkraft om vi reknar i krigsteknologi, våpenmengde, mannskapsstyrke og vilje til å føre krig. Truleg kjem den falne supermakta sine krampetrekningane til å drepe mange fleire. Dei må døy før Trump-planen om å gjere Amerika stort igjen ender opp slik som Prosjektet for eit nytt amerikansk hundreår.