DEBATT: abort

Bollestad stoler ikke på kvinna

- Valget er for viktig faktisk, til at ein kan stole på at kvinna tek riktig avgjersle.

KrF: Olaug Bollestad, foto fra alndsmøtet i KrF i april. Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix
KrF: Olaug Bollestad, foto fra alndsmøtet i KrF i april. Foto: Carina Johansen / NTB ScanpixVis mer
Meninger

«Dette er ei så viktig sak at ein må la andre vere med å..eh, vere med å..eh.. vere med å belyse den», uttaler Olaug Bollestad frå KrF. Difor seier lovendringa at kvinna no må foran nemnd.

Altså, i klartekst: ein kan ikkje tiltru ei kvinne dette valet om abort. Valget er for viktig faktisk, til at ein kan stole på at kvinna tek riktig avgjersle. Neida, det er ikkje det Bollestad seier direkte - men det er jo det ho meiner. Ho og andre som er for innstramming i abortlova.

Eg er utdanna lege. Eg har snakka med, rådgitt og henvist abortsøkande. Eg er også kvinne.

For meg blir det heilt absurd: I det eine høvet blir eg (som kvinne) ikkje tiltrudd å skulle vite best om mitt eige liv, skulle eg bli uønska gravid. I det andre høvet blir eg, med teoretisk utdanning, sett på som særs eigna til å bestemme over framande kvinner sine liv...!

Men kvifor skulle nokon, berre fordi dei har 6 års legestudium, vere betre eigna til å avgjere for ei anna kvinne, om ho har nok ressursar, støtte, helse, til å bere fram eit born?? Det er det pasienten, kvinna, som veit best sjølv. Ja, både eg og andre kan nok meine noko om kva ei kvinne «bør» klare. Men har legar grunnlag for å vite dette betre enn kvinna? Evt enn kvinna og hennar partner?

Eg har kjempa mot denne innstramminga. Slik som mange andre, har eg skreve innlegg, halde appell, sponsa kampanjer, og håpa, håpa at det skulle snu.

No er eg berre matt.

Dette vedtaket kjem ikkje til å minske aborttala. Fagmiljøa meiner at fleire vil abortere alle fostra i staden. Korleis kan dette vere ein siger for KrF, for nokon som helst?

Dette er symbolpolitikk på sitt aller verste. Utan nokon positiv effekt. Ingenting å gle seg over.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.