Samfunnsoppdraget til det statlege Arkivverket, grunnen til at me har ein slik institusjon, er å sikra at staten sine handlingar vert dokumenterte i notid og framtid. Dokumentasjon som er skapt digitalt dei siste 20-25 år, og som vert skapt dagleg, er sjølvsagt ein del av dette oppdraget.
Riksarkivaren og Kulturdepartementet har gjennom arkivoppdraget ansvar for å sikra kjerneverdiar som rettssikkerheit, demokrati, innsyn og openheit i samfunnet vårt. Dette går tilbake til paragraf 100 i grunnlova frå 1814.
Frå januar 2013 til eit stykke ut i 2015 var eg tilsett som avdelingsdirektør i det statlege Arkivverket med arbeidsstad på Riksarkivet. Inga Bolstad vart tilsett som riksarkivar hausten 2014. Ho kom frå Skattedirektoratet utan erfaring frå eller kunnskap om arkivfeltet eller dette særskilde samfunnsoppdraget.
Les riksarkivar Inga Bolstad svar på kritikken her.
Den nytilsette riksarkivaren byrja straks å snakka om «Vi skal ut på en endringsreise». Frittståande gir moteord som endringsreise inga meining, men med god kopling til samfunnsoppdraget gjennom grundige analysar og prosessar, tenkte eg at dette kan verta interessant.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger