Bønder på børsen

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

Terra-saka gjev grunnlag for læring – og mange er på banen. Korleis kunne det skje? Ei forklaring som faktisk har vore gjeve av fleire media, og av elles edruelege kommentatorar, er at «små bygdetullingar» er forklaringa. Altså dumme, og små aktørar i den norske periferien har vist sin manglande kompetanse.

Direkte og indirekte blir det skrive og sagt at forklaringa er «bønder på børsen», altså bygdefolk som ikkje forstår den moderne kapitalismen. Dette blir så kopla saman med at desse bygdefolka (dessverre) sit på store verdiar som dei ikkje klarer å forvalte til fellesskapets beste. Altså bør staten vurdere å sentralisere kapitalforvaltninga til dei som kan og til dei som forstår. Slik må det bli når små bankar og små kommunar ikkje er i stand til å ivareta sitt eige beste.

Men: Er det verkeleg slik at dei store og urbane ikkje har i har vorte offer for sin eigen turbokapitalisme? Den forrige og verkeleg store saka som skulle gje grunnlag for læring, var bankkrisa omkring 1990. Skal vi kanskje rekapitulere?

Kven var det som gjekk i baret? Jo, nesten alle dei store bankane. Og hjernetrusten sin hadde dei i Oslo. Det starta i den største og mest urbane banken (DNC). Rett nok vart også Nord-Norge hardt råka (Nordlandsbanken), men dette var den store og urbane aktøren i nord. Kven var det som styrte unna? Jo, sparebankane – og spesielt alle dei små sparebankane leia av vanleg folke- og innskytarvalde styremedlemmar, ikkje minst rekruttert frå bygdene.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer