Natur og klima:

Bør vere glødande av raseri

Viss eg var ein måke, hadde eg vore frynsete frustrert, djupt fortvila, lynande forbanna, skjelvande livredd og konstant svolten.

Har grunn til å klage: Måkene. Foto: Hans Arne Vedlog / Dagbladet
Har grunn til å klage: Måkene. Foto: Hans Arne Vedlog / DagbladetVis mer
Meninger

Ingen har vel hata måker meir inderleg enn Odd Børretsen. Iallfall ikkje med ord: «Når de åpner kjeften og skriker som syke sjeler, kan vi se helt ned i deres blodige, skamløse innvoller.»

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Eg vokste opp i havgapet i Ytre Nordfjord. Måker var dei fyrste fuglane eg visste var fuglar. Dei hang over båten når vi var ute og fiska. Skreik og venta på mat. Når far sløgde fisk og kasta sloet på sjøen, stupdykka dei og fekk med seg kvar smule. Stupte gjorde dei òg om vi nærma oss reira. Mot hovuda våre. I ein tapper forsvarskrig. Ikkje pokker om nokon fekk trø deira søte, små for nær. Dei bygde og budde på holmar og skjær. Ofte i svære koloniar. I bratte klipper. Som enorme boligblokker. Alltid nær matfatet. I sitt rette element. I sitt eige naturlege, fullkomne univers.

Dei sat på nausttaka og venta på fullasta fiskebåtar som kom inn frå feltet. Etter kvart trekte dei lenger opp i bygda. Når mor mi kasta matrestar ut på plenen, var dei på pletten augeblikkeleg, som hadde dei ein innebygd knapp som vibrerte når maten blei servert.

Det var då og ikkje no. «Det ekje greit å være foggel i dag», syng Stavangerensemblet. Det er i alle fall ikkje greit å vere måke i dag.

Viss eg var ein måke, hadde eg vore glødande av raseri. Fordi menneskja, desse tobeinte, fjærlause individa, i generasjonar har brukt havet som kloakksystem og søppelfylling. Millionar på millionar av tonn med miljøgifter har dei kvitta seg med der, som er det uendeleg og botnlaust. Plast frå dei fjærlause finst i slike uhorvelege mengder i det våte element at naturen ikkje lenger er i stand til å hanskast med det. Plast som hamnar i næringskjeden, hopar seg opp i svoltne kroppar og drep.

Viss eg var ein måke, hadde eg vore pissredd. Fordi ungane svelt. Konstant. Fordi det aldri blir nok mat sjølv om matjakta er hardare og stadig meir krevjande. Fordi eg ser dei bukke under av matmangel. Takka vere dei fjærlause som har utbytta og utnytta havet. Med digre fabrikktrålarar grafsar dei grådig til seg og sluker alt dei kan komme over på matfatet vårt.

Viss eg var ein måke, hadde eg kjent på ei botnlaus sorg fordi broderfolket vårt, krykkjene, blir færre og færre og er i ferd med å bli utrydda. Fordi eg veit at det ikkje finst nokon utveg. At eg må ta familien med meg og flykte frå vårt naturlege habitat. Fordi det ikkje lenger er naturleg. Flykte dit menneskja bur. Dei har franleis mat, og der kan det falle nokre smular frå dei rike sine bord.

Viss eg var ein måke, hadde eg kjent meg vonlaust fortapt. Fordi eg veit at der menenskja er, blir vi måker ghettorotter. Fordi havflyktningflokkane er så store at vi hamnar i ein evig, darwinistisk kamp for tilveret. Ein kamp bare dei mest tilpasningsdyktige overlever.

Ein uverdig, nådelaus kamp. Fyrst må duene bort. Dei er mindre og svakare enn oss, men i same matfatet. Dei blir mat på matfatet. Ikkje ein gong menneskja slepp unna. Vi bit handa til dei som matar oss. Ei slags hemn. Blir så nærgåande at dei må dukke når vi sneiar dei. Kjenner dei seg for trygge, stuper vi og snappar frå dei mat dei måtte vere lettsindige nok til ha i hendene.

Viss eg var ein måke, skulle eg eg ha brølt til Siv Jensen at det er absurde konspirasjonsteoriar frå nettet sine mørke gøymer ho presenterer når ho hevdar at klimatrugsmålet er noko venstresida har funne på for å sniksosialistisere verda. Eg skulle ha hoia omatt og omatt til gretne gubbar og gubbinner at det einaste håpet ligg i ungdomen som forstår så inderleg mykje meir enn dei med størkna hjerner og forvitra sinn.

Viss eg var ein måke, skulle skrika mine gjalle «Greta Thunberg, Greta Thunberg». Eg skulle ha site som ein gallonsfigur i baugen på seglbåten som fraktar henne over Atlanteren til klimatoppmøte i FN for å forsikre meg om at ho kjem trygt i hamn. Når ho står på talarstolen i FN, vil eg sitte på skuldera og kviskre ord i øyret hennar så talen blir som eit uendeleg langt måkeskrik. Ein revelje som rullar frå New York gjennom Nordvestpassasjen til Nordkapp, til Kreml, til Den kinesiske mur, til Taj Mahal, til Urulu, til Kapp det gode håp, til Machu Picchu.

Viss eg var ein måke, skulle eg koie uavlateleg til menneskja at dei skal drite i å snakke om skam og i staden ta ansvar, handle, kjempe, slåss og stemme på dei som har forstått. No. Ikkje i morgon. Ikkje neste veke. No.

Viss ikkje, vil det som måtte vere att av naturlege menneskjehabitat, bli så føkka opp, så i ubalanse, at flyktningestraumen vi har sett til no, berre blir som ein flokk søndagsturgåarar rundt Stokkavannet å rekne. Det bli folkevandringar så enorme at noko liknande aldri har vore spurt i historien. Då vil kvart sekund, kvart minutt, kvar time, kvar dag bli ein uendeleg, darwinistisk kamp menneskje i mellom. Og som vi veit; bare dei mest tilpasningsdyktige overlever.

Viss eg var ein måke. Men det er eg ikkje. Så eg trur eg legg meg på sofaen, klikkar på fjernkontrollen og ser ein serie på Netflix.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.