SKILJELINJER: Gamle merkelappar dekker over mykje av dei reelle skiljelinjene i politikken. Gamle førestillingar vert viktigare enn dagens politiske kamper., skriv innsendaren. Foto: Senterpartiet
SKILJELINJER: Gamle merkelappar dekker over mykje av dei reelle skiljelinjene i politikken. Gamle førestillingar vert viktigare enn dagens politiske kamper., skriv innsendaren. Foto: SenterpartietVis mer

Politiske merkelapper:

Borgarleg og «ikkje-sosialistisk» vrøvl

Eg går verkeleg ikkje rundt og kjenner på at Norge er delt på midten i ei sosialistisk og ei ikkje-sosialistisk fløy.

Meninger

Enkelte er veldig opptekne av «merkelapper» i politikken. Dei set merkelapper på seg sjølv og ikkje minst på andre.

Eg meiner at desse merkelappane dekker over mykje av dei reelle skiljelinjene i politikken. Gamle førestillingar vert viktigare enn dagens politiske kamper.

Kva tyder til dømes ordet «borgarleg»? Ein som bur i borgen? Ein som tilhøyrer borgerklassen? Ei motsetnad til å vera bonde? Ein som liker partiet Høgre?

Eg har aldri følt meg korkje borgarleg eller ikkje-borgarleg. Ein snakkar om borgarlege parti men eg trur få ha eit medvite syn på innhaldet. Det er eit omgrep som høyrer heime på historia si skraphaug etter mitt syn.

Det vert også snakka om parti som er «ikkje-sosialistiske». Eg går verkeleg ikkje rundt og kjenner på at Norge er delt på midten i ei sosialistisk og ei ikkje-sosialistisk fløy. Du skal vera nokså kreativ for å meine at det er ei stor sosialistisk gruppe i Noreg. Dei fleste parti legg til grunn ein marknadsøkonomi og så ynskjer ein ulik grad av politisk styring. Klassisk sosialisme er det lite av.

Og kor ille står det ikkje til med sjølvinnsikta til dei som må definerer seg sjølv som «ikkje-sosialistiske» Det er spesielt når ein må definera seg sjølve ut frå kva ein ikkje er for noko. Det er både utan innhald og utan meining.

Den klassiske høgre-venstre aksa er ikkje lengre særleg eigna som korkje kart eller kompass i ei kompleks verd.

Ideologiar har sjølvsagt framleis noko for seg, men då må ein halde seg til innhaldet og ikkje berre namnet.

Så mitt råd er: Slutt med merkelapper. Fokuser på sakene og den politiske retninga. Kva vil me med Norge og med verda?