I FLYKTNINGLEIR: Den norske syriafareren Aisha Shezadi (26) fra Bærum ber Utenriksdepartementet i et brev om hjelp til å komme hjem til Norge. I følge Aftenpostens kilder befinner hun seg i flyktningleiren Al-hol nordøst i Syria. Foto: Delil Souleiman / AFP photo / NTB scanpix
I FLYKTNINGLEIR: Den norske syriafareren Aisha Shezadi (26) fra Bærum ber Utenriksdepartementet i et brev om hjelp til å komme hjem til Norge. I følge Aftenpostens kilder befinner hun seg i flyktningleiren Al-hol nordøst i Syria. Foto: Delil Souleiman / AFP photo / NTB scanpixVis mer

Norsk syriafarer vil hjem til Norge:

Born av norske IS-rekruttar er fanga i ein limbotilstand i Syria og Irak. Også dei er offer

Mødrenes synder

Meninger

Den sjølverklærte islamske staten, terrorgruppa IS, er langt på veg nedkjempa i både Syria og Irak. Gruppa har mista eit av sine viktigaste propagandaverktøy. Dei kan ikkje lenger lokka med bilete frå eit kalifat dei ei tid lukkast å framstilla som både mektig og velfungerande.

Videoar av brutale avrettingar var ikkje dei einaste IS sitt relativt solide propagandaapparat produserte. Dei produserte også mange videoar som skulle syna kor veldriven staten deira var, kor velorganisert han var, kor fint det var for sanne muslimar å leva der.

Også på andre måtar vart denne bodskapen spreidd, blant anna av unge menneske som hadde lata seg lokka til kalifatet, og som nytta sosiale media til å teikna opp eit glansbilete av landet. Ei av dei som deltok i dette var Aisha Shezadi frå Bærum, som nytta Facebook-profilen sin til å teikna om eit glansbilete av IS som «ein reell stat», som tok vare på fattige og trengande, og gav nygifte ein fullt utstyrt bustad.

Shezadi var kjent i norske media før dette. I 2011 bidrog ho til antologien Utilslørt. Muslimske råtekster med ein tekst kalla «Du, jeg og niqab». Der forsvarte ho sin bruk av det heildekkjande klesplagget, som ho hevda hadde gjort henne lukkeleg. Ho etterlyste toleranse og romsligheit. I etterkant sende Foreningen Les henne ut på vidaregåande skular for å snakka om det same. To vidaregåande skular takka ja. «Det er fantastisk å snakke for folk som er lutter øre», sa Shezadi i eit intervju med Klassekampen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Radikaliseringa hennar var stadig ikkje fullført, men Shezadi hadde på dette tidspunktet allereie kome med støtte til ekstremistgruppa Taliban, uttrykt motstand mot demokratiet og kalla Abid Raja for ein vantru. Det framstår som tvilsamt at Foreningen Les ville ha sendt nokon som sympatiserte med høgreekstreme terroristar ut på eit tilsvarande oppdrag. Å senda Shezadi ut i vidaregåande skular for å snakka om nikab framstod og framstår stadig som ei grunnleggjande naiv tilnærming til politisk-religiøs ekstremisme.

I dag sit Shezadi i ei flyktningleir i kurdiskkontrollert område nordaust i Syria. Saman med sin tunisiske ektemann skal ho ha flykta frå IS, med bakgrunn i ei intern konflikt i terrororganisasjonen. Dei norske aktivistane Erling Folkvord og Johan Petter Andresen frå organisasjonen Solidaritet med Kurdistan fortel i Klassekampen at dei møtte henne tidlegare i mai, i samband med eit besøk i flyktningleira. Deira inntrykk er at ho ikkje angrer, og at ho framleis forsvarer IS.

Dei fekk med seg eit brev frå Shezadi til norsk UD, der ho ber om hjelp til å koma attende til Noreg. Ho fortel også at ho har eit born på to år med seg i flyktningleira.

Denne toåringen er ikkje åleine. I ein artikkel i Deutsche Welle i slutten av mars heitte det at tusenvis av born av vestlege IS-krigarar no er i limbo, låst inne saman med sine mødre i irakiske og syriske fengsel, eller plassert i leire. Tyske myndigheiter rekner med at det dreier seg om eit lågt, tresifra antall; dei fleste av dei babyar og småborn. I Belgia snakker ein om rundt 145 born, tre fjerdepartar av dei under seks år gamle.

Og i Noreg? I april 2016 fortalte Kadafi Zaman i TV 2 at minst ni kvinner hadde reist dit for å leve i kalifatet, og at nesten alle hadde blitt mødre. «Dette er barn av norske statsborgere», skreiv Zaman. «Hva vil skje med dem – hvis de overlever kalifatet? Hva slags juridiske rettigheter har de? Kan de en dag banke på døren og si at de er norske og vil hjem til besteforeldrene sine?»

Han la til at born av framandkrigarfedre utgjer ei endå større gruppe. Sidan har det stort sett vore stille om IS-borna. Tidlegare i år skreiv underteikna om problemstillinga i Stavanger Aftenblad. Då hadde debatten gått føre seg i fleire europeiske land ei heil tid. No ser det ut som den debatten også kjem til Noreg. PST meiner det er snakk om 20 born.

Det er vanskeleg å sjå på Aisha Shezadi som eit offer. Rett nok hadde ho ein vanskeleg oppveks i ein valdeleg heim, noko som kanskje kan vera med å forklara kvifor ho var sårbar for radikalisering. Shezadi er snarare medskuldig. Ho har støtta og drive reklame for ei morderisk ekstremistrørsle.

Men det finst offer i denne forteljinga. Hennar fyrste born døydde – under uklåre omstende – i det sjølverklærte kalifatet. Den norsk-chilenske jihadisten Bastian Vasquez, Shezadi sin andre ektemann, skal ha vorte avretta av IS, skulda for å ha forårsaka dødsfallet. Hennar born nummer to sit altså i same flyktningleira som mora.

Og spørsmåla melder seg: Kva gjer me? Kva kan me gjera for born av norske IS-rekruttar sine born? Kva er vårt moralske ansvar?

Nederland er eitt av landa der denne debatten har gått føre seg i månadsvis. Der reknar ein med at talet på slike IS-born er minst 80. Den nederlandske justisministeren Ferdinand Grapperhaus, som representerer kristendemokratiske CDA, gjorde det i januar klårt at nederlendarane ikkje aktivt kjem til å freista å henta born ut, men at born som melder seg ved eit nederlandsk konsultat vil få hjelp. Nyleg har han vore meir vaklande i spørsmålet.

Men regjeringa si avvisande linje har vorte møtt med kritikk, også frå det som kanskje var uventa hald.

«Desse borna er offer, og Nederland gjev blaffen i dei», sa Jeanne Diele-Staal i eit intervju med storavisa AD. Ho er sekretær i foreninga for born av medlemmer av Nederland sitt nasjonalsosialistiske parti før og under andre verdskrigen, NSB.

Eit anna NSB-born, journalisten og historikaren Chris van der Heijden ber om at nederlendarane ikkje vender ryggen til. «Dei unge mennene som tok opp våpen, det er fiendane våre. Borna deira er ikkje det. Dei er nederlendarar i naud, som må få hjelp», har han ytra. «Stakkars, stakkars born. Me kan ikkje halda fram med å gjera dei same feila».

Staal og van der Heijden veit eit og anna om korleis born vert råka av sine foreldre sin ekstremisme.