Bortanfor forleggerismen

FORLAGSDEBATTEN: Må eit meir samfunnsengasjert og politisk forleggeri enda i litterære tvangstrøyer og 70-talsdogmatikk? Piratforlagets Tine Kjær ser ut til å meina det. I Dagbladet 20. juli får ho ønsket om meir ideologiske forlag, som vil noko, utover å tena pengar, til å bli eit autoritært krav om «oppbyggelig» litteratur og eit ønske om å venda «tilbake til 1960- og 70-tallet».

Den refleksaktige identifikasjonen mellom ideologi og 70-tal er vel mest ei oppvisning i Tine Kjær sine eigne mentale skrankar. Meir interessant er Kjær si utsegn om at «den viktigste politiske ideologi et langsiktig breddeforlag bør ha (…) er ingen ideologi overhodet». Eg trur utsegna er representativt for ei haldning i ferd med å bli utbreidd i norsk bokbransje i dag: Relasjonen mellom forfattar og forlag blir redusert til noko reint forretningsmessig. Forlaget er eit «nøytralt» bindeledd mellom skrivekammerset og marknaden – utan eige litteratursyn, utan eigen agenda. Ifølgje denne tenkinga skal ein i prinsippet kunne gje ut «alt», berre tekstane har den tilstrekkelege «kvalitet».

Eit illustrerande døme på slik «forleggerisme» fekk vi i fjor haust: Då Kagge forlag lanserte portrettboka «Siv», uttalte Halvor Fosli at «det er artig å registrere at mange er bekymret for hvilken betydning dette vil ha for Frp. Dette kan ikke et forlag tenke på, vi er ikke del av et partiapparat». Bokmeldarane var stort sett på line med Tore Rem i Dagbladet, som meinte at Frp sin leiar no kunne «le hele veien til valget». Men for Martine Aurdal sin redaktør var det snarare mottakinga som var «merkelig politisert».

Vi i Forlaget Manifest trur ikkje på det apolitiske forleggeriet. Ein forleggjar er aldri så politisk som når ho hardnakka ropar opp om «nøytralitet». Dessutan står haldninga i vegen for ansvarleg redaksjonelt arbeid. Ein «nøytral» forleggjar kan vanskeleg gje politiske tekstar den kvalifiserte motstanden dei treng.

Vi skapar no eit forlag der forleggeriet si kjerneverksemd – den kvalifiserte utveljinga – skjer med ståstad på venstresida, men ut frå ein autonom redaksjonell praksis. Det er sjølvsagt ingen garanti for kvalitet. Vi trur likevel det er ein naudsynt føresetnad for å ikkje berre gje ut «varer til sluttbrukarane», men bøker med mål og meining.

Relasjonen mellom forfattar og forlag blir redusert til noko reint forretningsmessig.