HOPPAR PÅ TOGET?
&nbsp;<span style="line-height: 1.6em; background-color: initial;">Marine Le Pen, leiar for det hyperpopulistiske høgrepartiet Nasjonal Front og Geert Wilders, leiar for Fridomspartiet i Nederland, vil jobbe for Frexit og Nexit.  Foto: GIUSEPPE CACACE / AFP / NTB Scanpix&nbsp;</span>
HOPPAR PÅ TOGET?  Marine Le Pen, leiar for det hyperpopulistiske høgrepartiet Nasjonal Front og Geert Wilders, leiar for Fridomspartiet i Nederland, vil jobbe for Frexit og Nexit. Foto: GIUSEPPE CACACE / AFP / NTB Scanpix Vis mer

Brexit, Frexit, Nexit...?

Det ville vere historielaust å ikkje sjå at unionen har hatt positive verknader, spesielt som fredsskapar.

Meninger

EU rista i grunnvollane, verdas finansmarknader gjekk i spinn, Storbritannias maktelite fekk seg eit slag i trynet, og Klassekampen jubla uhemma då Brexit var eit faktum. Eit fleirtal av britane hadde, mot alle odds, sagt ja til å bryte ut av unionen dei hadde vore medlem i sidan 1973.

Etter ein slik skrell, er det tid for politiske analyser. Klassekampen sine kommentartorar, Bjørgulv Braanen og Mimir Kristjànsson, skribentar eg har stor sans for, har denne gongen levert analyser meir overflatiske og begeistra enn grundige og gjennomtenkte.

Mímir Kristjánsson ser valresultatet som arbeidarklassen, dei fattige, undertrykte, arbeidslause og hundsa, sitt opprør mot maktelite, utsugarar og overnasjonalt formynderi. Bjørgulv Braanen er inne på det same i sin leiarartikkel etter valet. Gjev det var så enkelt. Nøkterne analyser i etterkant av kven som stemte kva, viser eit like samansett mønster som eit quilta sengeteppe på ein julemarknad.

Jarl Wåge. Foto: Sunniva Halvorsen
Jarl Wåge. Foto: Sunniva Halvorsen Vis mer

Det som uroar meg med dei venstreradikale klassekjemparane si udelte begeistring, er at det ikkje ser ut til å skræme dei at ein av dei største sigerherrane etter Brexit er det brunflekka høgrepopulitiske UKIP. Partiet har hatt som sine to viktigaste mål å få Storbritannia ut av EU, noko dei har lukkast med, og å stanse innvandringa til landet. Den som har jubla aller mest uhemma etter sigeren, er Nigel Farage, UKIP sin leiar. Ei spørreundersøkjing blant 12000 av dei som stemte, viser at det å vinne tilbake Storbritannia sin sjølvråderett var viktigaste grunnen for å stemme ut. Men innvandring kom som ein god nummer to. Dermed kan det sjå ut til at eit lenge perifert parti kan bli ei betydeleg politisk kraft i Storbritannia.

Lat oss foreta eit historisk tankeeksperiment og flytte Tyskland på 20- og 30-talet inn i vår tid. Fredsavtalen etter 1. verdskrigen, Versaillestraktaten, blei ein gedigen nedtur for det tyske folk. Landet måtte skrive under på at dei var skuld i krigen og betale enorme krigserstatningar i tiår framover. I tillegg skapte økonomisk og politisk kaos, arbeidsløyse og ein inflasjon verda aldri har sett maken til nesten ulevelege tilhøve for store folkegrupper.

I dette kaoset dukka Hitler opp på den politiske arenaen. Mange såg han raskt som ein redningsmann, men for dei aller fleste var han ein ubetydeleg politisk klovn. Dette blei ikkje betre då Tyskland utover på 20-talet klarte å stabilisere økonomien og skape betre tider for mange. Børskrakket på Wall Street i 1929 snudde situasjonen fullstendig på hovudet. Tyskland opplevde nytt økonomisk kaos. Hitler utnytta kaoset og kom på banen for fullt. Oppslutninga om partiet hans, NSDAP, auka dramatisk i komande val. I 1932 fekk dei 37, 2 prosent av stemmene og var Tysklands største parti.

Lat oss så tankeeksperimentere med korleis Klassekampen hadde kome til å kommentere dette valresultatet. Ville dei begeistra skrive at arbeidarklassen, dei undertrykte, arbeidslause og hundsa massene ettertrykkelg har slått tilbake mot maktelite, utsugarar og undertrykkjarar? Korleis ville dei kommentere at Hitler blei utnemnt til rikskanslar 30. januar året etter? At dei undertrykte massene sin ubestridte leiar kunne ta imot folket sin øyredøvande hyllest?

I kjølvatnet av Brexit, proklamerte Marine Le Pen, leiar for det hyperpopulistiske høgrepartiet Nasjonal Front i Frankrike og ihuga innvandrarskeptikar, at ho no vil intensivere arbeidet med Frexit, å få Frankrike ut av EU. Lukkast ho, vil det vere ein gedigen høgrepopulistisk siger og eit alvorleg skot i baugen for EU-skuta. Eit slikt resultat burde få Klassekampen i tvende sinn: Juble uhemma over at dei undertrykte massene igjen gjer opprør, eller bekymre seg over høgrepopulistisk framgang i stormakter i Europa?

Leiar for Fridomspartiet i Nederland, Geert Wilders, motstandar av innvandring og erklært islamhatar, vil no jobbe for Nexit. Kva om han lukkast, Klassekampen? Jubel utan atterhald då òg, eller pyrrossiger?

Denne tastatøren har òg jubla uhemma for utanforskap i EU. Det gjer eg framleis. Likevel ville det vere historielaust å ikkje sjå at unionen har hatt positive verknader, spesielt som fredsskapar. Europa er eit kontinent der nasjonalisme har vore ei viktig drivkraft for utbrotet av to absurde verdskrigar.

Før 1. verdskrigen konkurrerte europeiske stormakter om å bli størst og mektigast. Dette skapte fiendskap og krigslyst. Då det osmanske riket blei kasta ut av Europa, såg vi nasjonalisme som dynamitt på Balkan som eit forløp for skota i Sarajevo.

På 30-talet klarte Hitler å piske opp ei vanvittig nasjonalistisk stemning i Tyskland med sitt snakk om Lebensraum og Drittes Reich. EU har hatt ein dempande effekt på usunn nasjonalisme i ulike europeiske land. Dette var ein av grunnane til at dei i 2012 blei tildelte Nobels fredspris.

Nasjonalisme har på ny fått betre kår i mange europeiske land. Innvandring er sjølvsagt ein av grunnane til det.

Også i utanforlandet Noreg lukkast spesielt Frp med å framheve norske verdiar som truga på grunn av innvandring.

Brexit, Frexit, Nexit. Står vi overfor ein dominoeffekt som kan bli EU sin svanesong? I så fall vil ikkje min jubel vere utan atterhald.