STEIN ERIK HAGEN:  På WEF i Davos for å nettverka, løysa verdensproblema og snakka om oljeprisen.
Foto: Lise Åserud / NTB Scanpix
STEIN ERIK HAGEN: På WEF i Davos for å nettverka, løysa verdensproblema og snakka om oljeprisen. Foto: Lise Åserud / NTB ScanpixVis mer

Brilliante hoder

Å tolka heilage skrifter er ein farlig geskjeft.

Kommentar

DENNE VEKA har dei rike og mektige, Nina Jensen (WWF) og andre wannabes - pluss Stein Erik Hagen, kjøpmannen som ga prostata eit ansikt - vore samla på WEF i Davos for å nettverka, løysa verdensproblema og snakka om oljeprisen. Davos var tidligare mest kjent for oljeisen. Laila Schou Nilsen blei verdensmester der i 1937, og Hjallis i 1951. Men den legendariske søyla er Oscar Mathisens 2,17,4 på 1.500 meter 18. januar 1914. Den verdensrekorden sto i 23 år. Tida blei tangert av Ivar Ballangrud under VM i 1936, men knust med 2,5 sekundar av Michael Staksrud i 1937. Året etter slo Hans Engnestangen, den tredje i Hadelandstrioen, til med 2,13,8. Det var nordmenn på dei seks første plassane. Alt dette på Davos Eisstadion, sjølsagt. Det var den største hendinga i norsk skøyesport fram til revolusjonen på Bislet under Sovjet-landskampen i 1963.

NEI TIL SALG av Norge skal rehabiliterast. Fyren som har tatt initiativ til ein folkeaksjon, er den stillfarne reklamemannen Ingebrigt Steen Jensen frå Stabæk og Ona fyr. Det var han som i si tid tok knekken på Braathens SAFEs gode namn og rykte som eit folkelig og nasjonalt flyselskap med å dela inn i kabinen i Best og Back etter prisen på billettane. Slagordet gjeld sjølsagt ikkje sal av Martin Ødegaard og andre fotballspelarar. Heller ikkje Børge Brende, Espen Barth-Eide, Erik Solheim og Jens Stoltenberg (Je suis OTAN) som etter tur er eksportert til Davos, Paris og Bruxelles.

Artikkelen fortsetter under annonsen

REDAKTØR Harald Stanghelle har gått over til reklamebransjen. Han gir seg bort gratis. Frå Aftenposten har eg fått ein lukka konvolutt med denne påskrifta: «Kjære abonnent. Hvilken teaterdiva simpelthen elsker Harald Stanghelle?» Inni viser det seg å vera Aftenposten-lesaren Lise Fjeldstad: «Det som gjør Aftenposten helst spesiell for meg er Harald Stanghelle, han er en mann med et helt brilliant hode». Tiltredes.

TOLKING av heilage skrifter er ein farlig geskjeft, enten det gjeld Aftenposten, Talmud, Bibelen, Koranen eller Marx. Eg har fått påpakning, frå mellom andre den marxistiske teologen, pastor Øyvind Foss, for at eg sist veke tilla Karl Marx æra for «religion er opium for folket». Eg innrømmer at eg i mitt otium sparer intellektuell kapital ved å halda meg til andrehands kjelder når det gjeld marxistisk eksegese, i dette tilfellet Verker i utvalg 1 på Pax Forlag (1970) ved Jon Elster og Einhart Lorenz. Der må «folkets opium» mangla ein fotnote til teologen Bruno Bauer i innleiinga til Zur Kritik der Hegelschen Rechtsphilosophie (1844). For øvrig ein overveldande tysk tekst der Marx slår fast at «kritikken av religionen er forutsetningen for all kritikk». Og dette: «Det er mennesket som skaper religionen, ikke religionen som lager mennesket».

OG MENS VI ER i det hedenske hjørnet, kan det vera passande å runda av dagens satire med eit sitat frå brevskivaren og religionsstiftaren Paulus (1 Kor 10,23): «Alt hev eg lov til, men ikkje alt gagnar. Alt hev eg lov til, men ikkje alt uppbyggjer».

Lik Dagbladet Meninger på Facebook