Tvitydig og bra: Urban Youth, urban farming.
Tvitydig og bra: Urban Youth, urban farming.Vis mer

Vekas Vers

Brukar refereransar til usunne vanar for å få ungar til å ete sunt

A-, D- og C-vitaminar. Det er bokstavleg talt bra for deg.

Rapplåtar med ein eintydig og god bodskap er sjeldan særleg spennande, og låtar som er laga til ein kampanje for å selje éin bestemt idé eller vare, er aldri vellykka. Rapp har vore mykje brukt i både reklamar og haldningskampanjar, og det går alltid på trynet. Bodskap i seg sjølv er ikkje nødvendigvis dumt, men det overtydelege og eindimensjonale vert lite utfordrande. Me får ikkje plass til å undre oss eller dikte med. Då vert det berre kjedeleg, og det er kanskje det einaste musikk aldri må vere. I tillegg er handverket i desse låtane sjeldan av ein toleleg kvalitet. Men så var det dette med unntak.

Ein av yndlingslåtane mine denne sommaren har vore ein låt som skal få amerikanarane til å ete sunt. Appetite For Change er ein non-profit organisasjon i North Minneapolis (altså den nordre delen av byen Minneapolis, Minnesota). På «the North Side» har mange lite pengar, og kriminalitetsraten er høg. AFC jobbar for å betre dei sosiale tilhøva, og styrke ungdommane både mentalt og fysisk gjennom å gi dei sunn og god mat, og lære dei å produsere maten sjølve frå botnen av. Dei driv med «urban farming», kurs og opplysning. Dei har eige bakeri, kafé og restaurant og mykje meir.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I fjor haust gav AFC òg ut låten og videoen «Grow food» for å spreie den glade bodskapen. Då har dei sjølvsagt satsa på det som kidsa likar aller best no til dags: hip-hopsjangeren trap med minimalistiske beats med tung bass, hissige hi-hattar, og tilbakelent rapp med luftige tekstar. For å få den rette augehøgda, har dei fått to gutar og to jenter til å rappe (ho som ser yngst ut, seier ho er 11, dei andre er kanskje nokre få år eldre). Rappgruppa har dei kalla Urban Youth, og i staden for tekstar om å selje narkotika og skyte folk, handlar låten om at ein må ete grønsakene sine og drikke nok vatn. Ei nokså presis oppskrift på ein pinleg katastrofe av ein låt, skulle ein tru.

Rapparane speler på stereotypiar, og leverer bodskapen med humor. Det har me sett før. Det som er meir uvanleg, er ein kampanjelåt der ungar får appropriere eit valdeleg vaksenunivers, og bruker ein slags trippel ironi og ein generelt mangetydig stil som gjer at me ikkje knekker koden med éin gong. Dei går rett på refrenget, som handlar om å dyrke råvarer og lage mat, og bruker uttrykket: «Whippin’ in the kitchen». Det har mange trapartistar rappa om før, og då handlar det om å lage crack, noko som krev ein del røring og koking på kjøkenet. «Chop it, chop it, chop it, chop it up» seier dei òg, og meiner kanskje grønsaker, men vil ha oss til å assosiere til kokain.

Små ungar som leikar at dei sel crack for å få andre ungar til å ete sunt! Er det lov?

Det er ein god sjokkeffekt, men det er òg mykje meir enn eit billeg triks, for det er ikkje berre trommene og ordbruken som er inspirert av trap i «Grow food». Analogien når det gjeld oppvekstmiljø og sosial arv er slåande, og tydeleg brukt med overlegg. Omgrepet 'the trap' kjem opphavleg frå Atlanta, og er eit anna ord for 'gettoen', eller situasjonen gettoen kan setje ein i. Det er eit liv med lite håp, men fullt av vonde sirklar av doplanging og vald, som gjer det vanskeleg å bryte ut av «the trap», altså fella. AFC ser likskapen mellom the trap og den fella deira ungar går i når dei arvar dårlege matvanar, eller får dei prakka på seg av kommersielle interesser. Dei får òg slengt eit diss til ei anna barnegruppe frå North Minneapolis, som hadde ein stor nasjonal hit som handla om å ete usunne snacks som «Hot Cheetos and Takis».

I versa rappar ungane vidare om dyrking og viktigheita av god mat i skulane, men trap-tvitydigheita lurer heile tida. I eit av versa høyrer me denne linja: «Get the green, broccoli». Å få tak i det grøne er eit uttrykk som tyder å tene pengar (i trap-universet som regel ved å selje dop). Men så kjem overraskinga: Det er brokkoli, altså grønsaker ein skal få tak i. Og så igjen: «broccoli» er eit slanguttrykk for marihuana.

I tradisjonell trap er det ofte vanskeleg å vite kvar grensa går mellom samfunnskritikk og ønsket om å kome seg ut av gettoen på den eine sida, og romantiseringa av trap-livet på den andre. Kanskje det er derfor det fungerer for ungane å både flørte og tulle med dette vaksne uttrykket; fordi ambivalensen allereie finst i denne sjangeren, og det veit til og med ungar.

Kva er tull, og kva er ekte? Kva skal takast bokstavleg, og kva skal ikkje? Det vert moglegvis kommentert i desse smarte og vittige linjene:

I get the C from the oranges
I get the D from the broccoli
I get that A from the milk
I get my vitamins properly
My food be packed with the minerals
I hope you taking this literal

All denne smartheita hadde vore likegyldig om ikkje dei urbane ungane kunne rappe, men det kan dei. Dei har flow, tekstar og personlegdom som etablerte stjerner, og det er interessant å høyre kor godt ungar og trap kler kvarandre, kanskje nettopp fordi trap på mange måtar er ei infantil form for musikk: Supersimple refreng, som ofte berre består av eitt ord eller éin catchphrase. Enkle, naive melodilinjer. Tekstar som ofte er tilsynelatande dumme, men eigentleg berre er opnare og meir fleirtydige. Og ikkje minst: dårleg diksjon. Dei vaksne trapartistane er såpass dopa og livstrøytte (eller vil gi inntrykk av det) at dei ikkje orkar eller klarer å uttale alle orda særleg godt. Snøvling og mumling har såleis vorte eit stiltrekk i moderne amerikansk rapp. Ungar har, i alle fall på dei vanskelegaste orda, ein naturleg dårleg diksjon – heilt utan doping.

Trass i all ambivalensen og tvitydigheita, har trap som regel eit indiskutabelt alvor i botn, og tekstane som beskriv heimplassen er gjerne kjølig og prosaisk formulerte. Det er 1:1. Såleis er det òg med Urban Youth når dei beskriv verkelegheita dei ser i sitt eige nabolag. Det fyrste verset opnar på dette alvorlege og elegante viset:

See, in my hood, there ain’t really much to eat
Popeye’s on the corner, McDonald’s right across the street
All this talk about guns and the drugs – pretty serious
But look at what they feeding y’all, that’s what’s really killin’ us

AFC og Urban Youth har skjønt det. Det er ikkje nok å herme eller stele, du må også gjere stoffet til ditt eige. Og du treng ikkje å «keep it real». Du kan «keep it open». Slik unngår ein å lage ein kjedeleg og eindimensjonal kampanjelåt. Bodskapen i «Grow food» er tydeleg, men ikkje uutfordra.

Så spørst det om kampanjen fungerer etter hensikta. Som låt fungerer det i alle fall fantastisk, og det er no den best tenkelege starten.