Buklanding i framtidsfrykt?

I ganske stor spenning gav eg meg til å lesa i band 12 av «Aschehougs Norgeshistorie», som professor Benum har kalla: «Overflod og fremtidsfrykt», om tida etter 1970.

Kunne det verkeleg vera råd at den grunnsolide samtidshistorikar Edgeir Benum har fått solstikk i februar - eller «buklandet», som Harald Stanghelle skreiv (27.2.)? Eg har ikkje nådd gjennom alt i boka enno, men eg har fylgt Dagblad-redaktørens oppfordring (5.3.) og studert sluttkapitlet som han hamrar laus på: «Historieforvrengning», «samfunnsbildene i svart-hvitt», «farlig nær grensen til historieforfalskning... nærmer seg et historieverks faglige skipbrudd». Han finn ikkje anna enn sam- og framtidspessimisme og «udokumentert synsing».

Eg må seia at eg les desse siste sidene i boka annleis, og eg kan ikkje sjå at karakteristikkane er rimelege eller treffande.

Etter ein velorganisert gjennomgang av viktige emne og perspektiv i denne overlag dramatiske og omskiftelege epoken - breisådd med fakta, tabellar, figurer og dokumentasjon - grip Benum til slutt fatt i noko som utan tvil har vore ei viktig side ved epokens mentalitet: Uro over og frykt for framtida. Han har altså kalla bandet «Overflod og framtidsfrykt». Benum spør i sluttkapitlet kva denne frykt byggjer på og drøfter ei rekke velkjende fenomen, som bioteknologiens utvikling, trugsmåla mot livsmiljø og ressursar, sviktande styringstru og kjensla av sosial «forvitring». Stort sett refererer han til velkjende synsmåtar frå offentleg debatt - som han anten let stå for sitt verd, eller han refererer synsmåtar i motsett lei. Berre i avgrensa grad gjer han synsmåtane til sine. Stanghelle kallar dette «udokumentert synsing». Eg vil heller kalla det refleksjon - over den epoken han har «dokumentert» og fortolka over eit par hundre sider.

Og refleksjonen er slett ikkje einsidig. Mot vanlege påstander om allmenn sosial forvitring, oppløysing av nettverk og sosiale verdiar stiller han opp «mye samhold og solidaritet» som han finn i samfunnet, i familiens omsorg for «sine gamle», hjå miljømedvetne forbrukarar, yrkesgrupper som kjemper for andres interesser, det omfattande humanitære hjelpearbeidet heime og ute. Dette er ikkje samtidspessimisme.

Benums hovedsak er at han ser framtidsfrykta som eit uttrykk for at vi står ved eit tidsskifte - eit industrisamfunn på hell. Kva kjem etter? Spør han - og vi. Og så åtvarar han nettopp mot den einsidige framtidsfrykta - ved å vende seg til historia: Da det gamle bondesamfunnet veik for industrisamfunnet hundre år tilbake, er det «et åpent spørsmål om følelsen av samfunnsoppløsning var mindre den gangen», og han konstaterer at «nye fellesskap og ny tilhørighet» vart skapt i den nye situasjonen. I vårt nye tidsskifte talar «sannsynligheten ... for at det ut av den oppløsningen som har fulgt også dette skiftet vil komme sosial omgruppering og nye fellesskap». Han anar at nye realistiske utopiar vil oppstå og gje folks liv ny type meining. Han spør etter det mentale oppbrot som gjer folk i stand til å gripa dei nye økologiske utfordringane - kvar skal dei koma frå? Partia? Frivillige organisasjonar? Den nytenking som foregår kring etikk, økologi og økonomi?

Einsidig framtidspessimisme? Eg synest ikkje det. Men eg trur det er ein veldokumentert samtidsdiagnose at vi lever i elt industrisamfunn på hell, at store endringar i tankegang og samfunnsorganisering må koma, at vi alle er i eit venterom - og at vi undrast og leitar etter nye vegar framover. Det er ikkje noko ufagleg at ein historikar gjer seg tankar om ei framtid ingen kjenner, eller reflekterer over ei samtid som ligg for nær til at perspektivet kan bli like innlysande for alle. Prinsipielt er ikkje historikarens refleksjonar av annan karakter enn redaktørens, men han har med som ballast under sine refleksjonar kunnskap og innsikt i det som ligg bak i tid - og som er hans fag. Difor er hans refleksjonar av interesse - også når dei står til debatt og motseiing. Og det gjer dei sjølvsagt.

Men på eitt felt er Benums pessimisme ganske einsidig. Det gjeld pressa - særleg den tabloide. Og der kan eg ikkje fylgja Benum: Viktigare enn tabloidiseringa - etter mitt syn - er at pressa og andre media har blitt mykje opnare for ordskifte og meiningsbryting enn for tjue år sidan. Ein kan knyta framtidsvon til det. Men Benum fer med dokumenterbare fakta når han peikar på at i spørjeundersøkingar svarar opp til 70prosent at dei har lite tiltru til Verdens Gang og Dagbladet. Det er sjølvsagt hardare å svelja for redaktøren enn for lesarane at dette skal stå i eit standardverk i femten, kanskje tjue år framover. Men Benums opinionstal er frå tida før Stanghelles redaktørtid. Han er framleis ein ung mann. Kanskje han fører avisa til eit nivå som vil krevja ein annan omtale med andre galluptal i neste historieverk?