Bygdedyret er dødt! Leve Bygdedyret!

Norske forfattarbiografar er gått nærare etter i saumane av Marianne Egeland. Ho finn eit mønster der biografane framstiller sin diktar «som rotløs, fattig, misforstått, som offer for urett, forstøtt av familien og forfulgt av samfunnet fordi han står opp og forsvarer egne meninger».

Ingar Sletten Kolloen har med sin framifrå biografi om Tor Jonsson skrive seg inn i denne tradisjonen. Han er grundig og nærgåande og gir eit rystande bilde av Jonssons lagnad frå kampen med Bygdabøygen i barndommens Lom til han tok sitt eige liv på Ingierstrand fordi han ikkje åtte kjærleik.

VINTERENS DEBATT har dreid seg om balansen mellom fakta og fiksjon i biografiar, og om kor grensa går mellom det som er offentlig interessant og det som bør vera privat i den biografertes liv.

Den debatten får andre ta seg av. Mitt ærend er eit anna. Det gjeld diktaren som sannseiar om sosiale forhold - nærmast uavhengig av tid og rom. Og det gjeld forholdet mellom biografen og den biograferte. Ein biograf som har levd med og levd seg inn i sitt objekt, unngår sjeldan å bli hekta på og forstå og forklara den biograferte. Han blir den biografertes tolk og talerøyr.

Ingar Sletten Kolloen har hamna der. Etter Jonsson-biografien har han turnert mediene og landet rundt og mana Bygdedyret inn i den offentlige debatten. Hans diagnose er at bygdene kollektivt må sendast til psykiater.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Når saka er Tor Jonsson og hans biograf, er det sjølsagt på sin plass å ta sterkt i. Noe anna ville vera eit svik. Derfor vil eg seia dette:

BYGDEDYRETS HERJINGAR bør vi minnast i medkjensle med Tor Jonssons lagnad. Men det Kolloen nå driv på med, er å grava opp og boksa med eit relativt ufarlig og stakkarslig spøkelse. Han kyngjer med klokker om daude. Det er «eit praktfullt slagsmål med lik», for å bruka hans eiga formulering frå biografien. Han lar seg kurtisera av vestkantkrokodillene og gjer seg til eit kosedyr for den urbane fordomsfullhet. Han er i ferd med å gjera ordet Bygdedyret meir evig enn fenomenet.

DET ER EIN SVIR å lesa Tor Jonssons tekstar om bygda. Noen av dei er med i Kolloens utval «Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller». Dei er presise, skarpe og antiidylliske. Kolloen har med rette utnemnd Jonsson til stor bygdesosiolog, men dersom eit alternativt liv i ei anna tid hadde gjort han til førsteamanuensis på distriktshøgskolen på Lillehammer, er eg redd for at han hadde falle gjennom metodologisk fordi han er så einøygd og svak på det komparative.

Jonssons tekstar er gjennomstrøymde av vonde minne. Det er deira styrke og svakhet. Han er så blinda av mindreverdskjensle og klassehat at han gjer den ættestolte fjellbygd-undertrykkinga og den åndsproletariserte underklassen til eit allment bygdefenomen. Det blir det gode tekstar av, men ikkje så god samfunnsanalyse. Og verre blir det når Kolloen overfører heile pakka til dagens Bygde-Norge. Det er som om ein skulle lesa Arne Garborgs «Fred» og så gå ut i krigen mot bedehusa med den som manual.

BYGDEDYRET ER EIN GREI merkelapp. Det er ein rural slektning av Sandemoses Janteloven. Det er ei vaktbikkje - snill og trufast for dei som er konforme og skikkar seg vel, men det bjeffar mot innflyttarar og glefsar etter dei innanfor som skil seg ut.

Bygdedyret er kontrollerande og begrensande, og det har eit langsint minne. Det er på konstant jakt etter avvikarar. Men Bygdedyret er også omsorgsfullt. Det garanterer trygghet for dei lydige som ikkje utfordrar. Dei har krav på å bli tatt vare på dersom dei fell gjennom. Mot dei er Bygdedyret som ei myrsnipemor.

Bygdedyret er brutalt, men det er også subtilt, som Gro Harlem Brundtlands nabokjerringar. Grensa er hårfin mellom å bry seg om og bry seg med. Solidaritet og sladder er to sider av same sak, og det er vanskelig å få det eine utan å ta det andre med på kjøpet. Den som er innanfor, blir «passa på» - i begge tydingar. Den som set seg utfor, går det ille. Ho blir latterliggjort, underkua og utstøytt - dersom ho ikkje klarer å koma seg bort.

Det er opplese og vedtatt at Janteloven er negativ - som Bygdedyret. Men dei har sjølsagt også sine positive sider.

Dei herpeserer alle som skil seg ut, men dei tar seg også av drittsekkane og set dei på plass.

DETTE BYGDEDYRET er så truga at det snart er verneverdig. Det er blitt som ei gneldrebikkje som spring og gøyr etter bilen som kjører ut av bygda. Når lørdagskveldane er ubehagelige og trugande for ungdom i norske bygdesentra, er det fordi dei kan bli slått ned - ikkje fordi dei møter den vonde nabofliren dagen etter dersom dei har drukke seg fulle.

Det er i ferd med å gå med Bygdedyret som med den nære artsfrenden Klassedyret, det som passa strengt på at alle som høyrde til, kjende sin plass, gjorde si plikt og fekk sin rett. Solidaritet, heitte det, og solidaritet må ikkje forvekslast med altruisme. Det er meir som ein gjensidig terrorbalanse.

Det er bra at Bygdedyret og Klassedyret taper si makt. Det er blitt lettare å vera annleis, og særlig mye lettare å koma seg bort og sleppa unna. Nå kan ein melda seg ut, ein for ein, på individuelt grunnlag. Det er bra for den enkelte, men ikkje så bra for bygda eller klassen. Dei forvitrar som sosiale tilknytningspunkt og kollektive aktørar.

Det er altså bra at Bygdedyret døyr, men det er litt trist også. For når Bygdedyret døyr, døyr også ganske mye av bygda. Dersom bygda ikkje har makt til å utøva denne kombinasjonen av kontakt og kontroll, av varme og vondskap, så blir bygda bare ein tilfeldig buramme med mye luft og åpne landskap rundt lausrivne individ. Då er det ikkje bygd, men bare spreidd busetnad. I dag er anomien farligare enn Bygdedyret og Klassedyret og Janteloven. Problem og faenskap trivst best i for tette og for åpne samfunn.

INGAR SLETTEN KOLLOEN har hatt så stor suksess med Bygdedyret at det er på tide «å låge han nedpå att», for å seia det med Tor Jonsson. Når han rettar søkelyset mot det mentale klimaet på bygdene ut frå dei observasjonane Tor Jonsson har brakt vidare i dei litterære tekstane sine, er han på feil jorde med feil reiskap.

Mye er sikkert galt og bør rettast på, men sanninga bur ein stad mellom ja og nei. Det finnest ein moderne bygdevirkelighet mellom Tor Jonssons ættestolte nedrakkarar og Kommunaldepartementets positivitetsagentar som skal ut og gjera åpenhet og toleranse til komparative fortrinn for bygdene.

Artikkelforfatteren er ruralsosiolog og spaltist i Dagbladet.

andreas.hompland@dagbladet.no