DRAHJELP: Vi arbeider målretta for å auke kollektivandelen og legge til rette for gåande og syklande, skriv dei åtte ordførarane. Dei ønskar større drahjelp frå statleg hald. Her frå bomringen utanfor Tønsberg. Foto: NTB Scanpix
DRAHJELP: Vi arbeider målretta for å auke kollektivandelen og legge til rette for gåande og syklande, skriv dei åtte ordførarane. Dei ønskar større drahjelp frå statleg hald. Her frå bomringen utanfor Tønsberg. Foto: NTB ScanpixVis mer

Kollektivtransport:

Byvekstavtalar må ikkje bare vera for dei største

Berre ei lita gruppe byar er prioritert i Nasjonal transportplan med statlig tilskot til kollektivsatsing og sykkelvegar. Dei andre fell utanfor.

Meninger

I ei verd der klimautfordringane vert stadig større, må vi også ta større ansvar for løysinga. Byområda har eit stort potensial for å redusere klimautsleppa, men gamal vane er vond å vende.

Svært mange av dei reisande i Oslo, Bergen og Trondheim har lagt seg til gode vanar når det gjeld bruk av sykkel og kollektive transportmidlar. Ein slik trend treng vi også i dei mellomstore byane, men då må vi ha drahjelp frå statleg hald.

I Bodø, Ålesund, Haugesund, Arendal/Grimstad og Vestfoldbyen (Tønsberg, Sandefjord og Larvik) arbeider vi målretta for å auke kollektivandelen og legge til rette for gåande og syklande. Vi samarbeider tett med fylkeskommunane for å få bussen raskt fram og styrer etter dei same målsettingane som storbyane med byfortetting og nullvekst i personbiltransport.

I dei fem byregionane våre bur det til saman ein halv million menneske. Potensialet for å flytte fleire reiser over til buss, gange eller sykkel er derfor stort. Nærare 80 prosent av reisene i desse byregionane skjer i dag med bil. Det er vi klare for å endre på, og då treng vi langsiktige avtaler med staten – men der har vi ikkje nådd fram så langt.

Når det gjeld statlig tilskot til kollektivsatsing og sykkelvegar er det berre ei lita gruppe byar som er prioritert i Nasjonal transportplan med «Byvekstavtaler». Sjølve ideen om forpliktande avtaler om kollektivutbygging og sykkelsatsing, mv. mellom staten og byområda er ein genistrek fordi det sikrar langsiktig politikk med klare klimamål.

Vi meiner våre fem byområde har stort potensial når det gjeld å flytte reisande frå personbil til buss, og vil gjerne vise kva vi er god for gjennom forpliktande byvekstavtaler. Det er viktig å stoppe den stadige auken i bruk av personbil, både av omsyn til miljøet – men også for å betre folkehelsa og sikre at nødvendig næringstransport kjem fort fram.

Ved rullering av neste NTP må storting og regjering finne ut korleis ordninga med byvekstavtaler kan utvidast til å gjelde fleire byområde. Vi ynskjer ikkje å redusere satsinga i dei store byane, men vi meiner konseptet med byvekstavtaler er så godt at fleire av dei mellomstore byane bør inkluderast i ordninga – slik også Vegdirektoratet gjekk inn for i forarbeidet til gjeldande NTP.

Innsendt av ordførarane i: Bodø (Ida Pinnerød, Ap), Ålesund (Eva Aurdal, Ap), Haugesund (Arne-Christian Mohn, Ap), Arendal (Robert Cornels Nordli,Ap), Grimstad (Kjetil Glimsdal, KrF), Tønsberg (Petter Berg, H), Larvik (Rune Høiseth, Ap) og Sandefjord (Bjørn Ole Gleditsch, H).