FORANKRA I LOV: «Debatten må byggje på aksept for at arbeidstid skal vere forankra i lov, og at arbeidstidsordningar skal forhandlast mellom partane. Civita-rapporten stakar rett og slett ut feil kurs», skriv innleggsforfattaren. Illustrasjonsfoto: Henning Lillegård
FORANKRA I LOV: «Debatten må byggje på aksept for at arbeidstid skal vere forankra i lov, og at arbeidstidsordningar skal forhandlast mellom partane. Civita-rapporten stakar rett og slett ut feil kurs», skriv innleggsforfattaren. Illustrasjonsfoto: Henning LillegårdVis mer

Civita på feil kurs om arbeidstid

Arbeidstid skal vere forankra i lov, og arbeidstidsordningar skal forhandlast mellom partane.

Debattinnlegg

I Dagbladet 22. desember omtalar Stein Aabø debatten om arbeidstid. Presist poengterer han at arbeids-gjevarane sine ønske om større fleksibilitet som «et honnørord som skjuler et forståelig ønske om å redusere personalkostnadene og forskyve maktforholdene fra arbeidstakerne til arbeidsgiverne».

Civita vil også ha meir fleksibilitet og meir makt til arbeidsgjevarane. Dette går tydeleg fram av ein Civita-rapport om arbeidstid i offentleg sektor. Forfattaren, Mathilde Fasting, slår fast at «den største svakheten ved arbeidstidsavtalene til de tre yrkesgruppene (skole, helse, politi), er at arbeidsgivere i offentlig sektor har begrenset handlingsrom til styring av de ressursene de skal lede».

Fastings universalmedisin er å omdefinere forståinga av normal arbeidstid og å svekkje fagorganisasjonane. Leiarar skal få meir makt til å detaljstyre dei tilsette. Dette er i strid med moderne leiingsteori og -praksis. Leiarar som lukkast, er dei som legg til grunn at yrkesutøvarar presterer best når dei opplever tillit, autonomi og meistring.

Tradisjonen bak arbeidstidsavtalane i skuleverket byggjer på denne tankegangen. Dette vil Fasting skrote, og erstatte med meir bunden tid og detaljstyring frå rektor. Ho skriv derimot ikkje noko om arbeidstidsordninga i den finske skulen, med vekt på faglege krav og stort handlingsrom, og som ligg i toppsjiktet i PISA-rangeringane. «Vårt utdanningsregime er basert på tillit og samarbeid», slår den finske utdanningsministeren fast. Denne gongen passa ikkje PISA inn i Civita-logikken.

Eit anna hovudpoeng i Civitas rapport er eit ønske om å «normalisere» ubekvem arbeidstid. I omtalen av helesektoren og politiet legg Mathilde Fasting sterk vekt på at det er «normalt» med døgnkontinuerlege skift. Igjen vel Fasting å sjå vekk frå eit sentralt poeng. Ifølgje Arbeidsmiljølova skal arbeid på ubekvemme tider avgrensast og kompenserast. Det skal vere skilnad på å arbeide på dagtid og kveld, natt og helg. Tariffavtalt arbeidstid er dessutan forhandla fram mellom arbeidsgjevarar og arbeidstakarar. Dette er effektivt, det byggjer tillit og forsterkar grunnlaget for kvalitet i arbeidet. Fleksibiliteten er der, særleg når samspelet og tilliten mellom partane er godt. Fastings medisin vil undergrave denne.

Unio drøftar gjerne arbeidstid og arbeidstidsavtalar. Det er fornuftig å jakte på forbetringar. Men i det minste må debatten byggje på aksept for at arbeidstid skal vere forankra i lov, og at arbeidstidsordningar skal forhandlast mellom partane. Civita-rapporten stakar rett og slett ut feil kurs.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook