Copyright på krigen?

I eit stort oppslag den 14. juli skriv historikaren Tore Pryser og journalist Jørgen Brynhildsvoll om den historiske bakgrunnen for romanen «Grense Jakobselv», som kom ut for ein månads tid sidan. Boka er eit diktverk som blant anna handlar om to tyske SS-offiserar i Finnmark under den andre verdskrigen. Dei er tydelegvis levande skildra: Ein kritikar har polemisert ivrig mot Nietzsche-forståinga til min oppdikta fortellar! I romanfiksjonen skal fortellaren Otto Nebelung og hans overordna Paul von Damaskus leda Innsatskommandoane mot jødar og bolsjevikar i Murmansk, når tyskarane har erobra byen. Som kjent skjedde det aldri. Fronten frys fast ved elva Litsa, der den stor sett blir verande fram til den sovjetiske motoffensiven hausten 1944. I mellomtida har romanpersonane Damaskus og Nebelung andre jern i elden. Blant anna planlegg dei å kidnappa arveprins Harald frå bilkortesjen gjennom Petsamo, og gjera han til norsk konge, med Jonas Lie som regent. Dei to andre hovudpersonane i forteljinga er den vankelmodige legen og motstandsmannen Olav Hokstad, og den meir vidløftige frontsøstera Aïda Wiik af Pettersen.

Som lesarane vil forstå, er alle desse personane og fortellingane svært så oppdikta, ingen av dei er å finna i Tore Prysers historieverk. Ei rekke av dei historiske figurane som Pryser omtalar, finst derimot som historisk bakteppe for romanfiksjonen. Av ein eller annan grunn har Pryser fått det for seg at tyskarar og nordmenn i Sør-Varanger under krigen var «hans» folk. Han har til og med talt opp 28 namn som «sine».

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dette er fullkomme absurd, ingen har copyright på historia, eller eigedomsrett til historiske personar. Dei viktigaste er omtalte i ein svær internasjonal faglitteratur, mange i den rike lokalhistoriske tradisjonen i Sør-Varanger, mange også på folkemunne. Då eg budde i Bjørnevatn på åttitalet, var det framleis mange som hugsa krigsåra.

«The Venona Codebreak» og linken til Finland er omtalt for eksempel hos Peter Wright, «Spycatcher» frå 1987, lenge før Pryser publiserte noko om saka. Det andre Venona-funnet, til US oberstløytnant Paul Neff i mai 1945, kan eg ikkje hugsa å ha sett hos Pryser. Georg Wolff, som Pryser utan ironi kallar «den av mine aktører fra virkeligheten som oftest nevnes i Fløgstads roman», er vel kjent frå faglitteraturen, frå sitt virke som pressemann i Der Spiegel, frå intervju, og som redaktør for den nyleg nyutgitte «Meldungen aus Norwegen». Så langt frå å vera professor Prysers aktør, var han ein nøkkelmann for det tyske sikkerhetspolitiet i Norge.

«I sommer har jeg for en gangs skyld tatt meg tid til å lese en roman,» fortel Tore Pryser som innleiing til sin kronikk. Og det er tydeleg at han er ein svært utrent romanlesar. For å gi han nokre forestilllingar om romankunsten, kunne ein til dømes føreslå Tolstojs «Krig og fred» som sommarlektyre, ikkje minst fortellinga om slaget ved Borodino, full av historisk kunnskap, aldeles utan fotnoter av noko slag. Frå våre dagar ville krigshistorikaren Pryser ha stort utbyte av Jonathan Littells «De velvillige», tusen sider om andre verdskrigen, fortalt av ein SS-offiser, fullpakka med fakta, men ingen fotnoter eller tilvisingar eller takkseiingar. Her ligg den grunnleggande skilnaden frå sakprosaen. Den episke krafta veks ut av spenninga mellom fiksjon og røyndom. Kva er sant og kva er dikt, og kva er dikta sanning?

Handlinga i «Grense Jakobselv» spenner frå tjue- og tredvetalet i Tyskland, fram til våre dagar. Førkrigstid og etterkrigstid som går over i kald krig. Ein sentral bolk går føre seg på Kola og i Sør-Varanger under andre verdskrigen. Her har Tore Prysers forsking vore ei av mange gode kjelder. Ei oppramsing av alle dei munnlege, skriftlege, skjønnlitterære, faglitterære fortellestemmene bak romanen ville fort fylla to tabloidsider. Men romanar har ikkje noteapparat. Tilvising til nokre av dei mest sentrale kjeldene, også Prysers viktige arbeid, finst som fotnoter til artikkelen «Parkens grøde» i Samtiden 2/2009, (som også var hovudforedrag under Litteraturfestivalen på Lillehammer i mai), og som blei publisert samstundes med at Grense Jakobselv kom ut, nettopp for å visa ein del av bakgrunnsstoffet for romanen.

Til sist, til Dagbladet: Eg har sjølvsagt aldri «bekreftet å ha stjålet informasjon», verken frå Tore Pryser eller andre. Det hevdar heller ikkje Pryser sjølv. Spørsmålet er: Skal dikting utstyrast med noteapparat? Som romanforfattar har eg brukt, og kjem til å bruka igjen, eit utal av kjelder for å skapa eit fritt og autonomt diktverk, som dikterer sitt eige forhold til det verkelege. Diktinga hermar ikkje røynda, like lite som fiolinen imiterer ein skrivemaskin.