For nordmenn flest er 17. mai ein spesiell dag. Ni av ti seier dei brukar å feire dagen og at det er viktig. Men i år er Norge i ein unntakstilstand med strenge smitteverntiltak. Sjølv om regjeringa har gjort nokre oppmjukingar av desse etter påske, er det framleis forbod mot festivalar og store kulturarrangement fram til 15.juni.
Men før dette kjem 17.mai. Barnetoget blir no avlyst i fleire av dei store byane. Men statsministeren og fleire ordførarar har sagt at dagen skal feirast. Kva inneber dette? Kva må vi sløyfe, kva kan vi fortsetje med, kva kan vi gjere annleis?
At den offentlege feiringa av dagen no blir forandra, er nødvendig. Ordet dugnad er eit mykje brukt honnørord under koronakrisa. Dette ordet passer også på den norske nasjonaldagsfeiringa. 17.mai er Norge sin største kulturdugnad med rundt 3000 lokale arrangement.
Sivilsamfunnet står for planlegging og gjennomføring med 17.mai komitear, skolekorps og foreldregrupper. Stat og kommunar koordinerer og legg til rette for feiringane.
17.mai er ein gigantisk folkefest i det offentlege rommet med barnetog og folketog, samlingar på skoleplassar og torg med sal av pølser, is og heimelaga mat. Det er ein fest med mange store og tette forsamlingar der barn, ungdom og foreldre møter besteforeldre og andre «risikogrupper». Det er ei offentleg feiring som inneheld det meste av det som er forbode under koronakrisa.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger