Credo frå ein versting

AFGHANISTAN: John Olav Egeland har ein hardhendt visitt til meg i Dagbladet 9. februar. Eg er ein versting, med fleire norgesmeisterskap i tildekkande moralisme. Dette fordi eg har meint at det som hende ved Serena Hotell i Kabul var så kaotisk og komplisert, og innafor så kompliserte rammer, at ein bør vere nokså forsiktig i analysen og ansvarsplasseringa. Først og fremst gjeld dette politikarar og media.

Eg takkar for æra og vågar meg til ei forsiktig tilbakemelding.

På tre punkt er Egelands svar uforsiktig, problematisk og svært forenklande. Spørsmåla om tryggleiken til den norske delegasjonen i Kabul er ikkje politiske, slår han fast. Ikkje det? Handlar det ikkje her om to sentrale spørsmål i Afghanistan-politikken?

1. Kor militært/sivilt skulle besøket vere?

2. Kor nært og tillitsfullt skal ein samarbeide med lokale styresmakter?

I den Afghanistandebatten eg har sett, har i alle fall desse spørsmåla stått sentralt. Om ikkje desse spørsmåla er politiske, så liknar dei i alle fall svært på slike. Det måtte altså takast kompliserte avgjerder på førehand. Og det måtte gjerast det same under katastrofen og kaoset. At det enda tragisk og gale er ikkje noko prov på at avgjerdene var galne, like lite som vi kan slå fast at avgjerdene var rette når ulukker ikkje skjer. At alle spørsmål har enkle og greie svar, er ein barnetanke.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det gjekk ein storm mot UD etter tsunamien. Ansvaret vart plassert. Egeland har sine eigne opplevingar å vise fram, 1200 oppsvulma lik i Khao Lak. Dette forferdelege må då nokon ha ansvaret for! Han fører også dei pårørande som vitne på at det var nødvendig å forbetre det apparatet som var. Sjølvsagt, når vi hadde møtt tsunamien, dette ukjende havuhyret. Og det vart då også gjort. Men var det UDs ansvar at det gjekk som det gjorde i Khao Lak, der Egeland var? Var det nokon beredskapsplan i heile verda som kunne ha hindra at bølgja reiste seg og la 1200 døde att på stranda?

Kor mange i UD, eller i avisredaksjonane, visste kva ein tsunami var? Har vi ikkje her å gjere med desperasjonens ansvarssøking, eit fortvila forsøk på å verne seg mot den hjartelause meiningsløysa? Nokon må ha skulda om det skal vere råd å leve vidare. At tanken kan melde seg under katastrofen, er det råd å forstå. Men han bør ikkje overleve ettertanken.

Når vulkanen spyr død rundt seg, når orkanen tordnar over landet, når havet reiser seg, når krigen viser sitt grimme ansikt, når døden grip med si iskalde klo, då hjelper det ikkje mykje å kome drassande med ein statsråd eller to, knapt nok med ein statsminister. «När åskan går, då märker man att det är Gud som råder,» seier ein av smålenningane til Pär Lagerkvist. Om det var Gud eller Neptun eller vår eigen Tor som regjerte i Khao Lak veit ikkje eg. Iallefall var det krefter som mennesket aldri har rådd med. UD gjorde heller ikkje det.

Media har plikt til å plassere ansvar, slår Egeland fast. Å plassere ansvar ei ei alvorleg sak, spesielt om ansvaret er stort. Alle samfunn slit med det. Vi har bygt opp eit stort og dyrt apparat, politi, påtalemakt og rettsapparat for å greie det. Av og til går det gale likevel, til og med svært gale. Vi har prøvt oss med kommisjonar. Der er røynslene så tvilsame og omstridde at kommisjonane nok har si beste tid bak seg. Politikken har reglar for ansvar. Så vil media også vere med her. Det har ofte gått svært gale.

Lista over grove og lagnadstunge feil, som Egeland bør kjenne, er svært lang. Og konsekvensane for dei det gjekk ut over er dramatiske og uopprettelege. Ein tidlegare sjefredaktør i Dagbladet bør vere litt forsiktig med å heise dette flagget, med ansvarsplasseringsplikta, så høgt. På dette flagget er det blodflekkar.

Dette har eg peika på i fleire samanhengar. At Egeland gjer meg til norsk meister, fleirfoldig, i dette faget, ser eg på som ein heider, som eg takkar for.

Det er reint for mykje.