CLINTONS SOME-EKSPERT: Michelle Obama er ei viral stjerne og sankar klikk med alt frå karaoke imitasjonar til gripende kvinnesakstaler. Her er ho saman med Missy Elliot og James Corden i hans Carpool karaoke-konsept. Screenshot: Youtube.
CLINTONS SOME-EKSPERT: Michelle Obama er ei viral stjerne og sankar klikk med alt frå karaoke imitasjonar til gripende kvinnesakstaler. Her er ho saman med Missy Elliot og James Corden i hans Carpool karaoke-konsept. Screenshot: Youtube.Vis mer

MIN FEED: Drukner valgkampen i internetthumor?

Da bør du sjekke ut Michelle Obama.

Korleis la seg underhalde av den amerikanske valkampen utan lipsync og gifs.

Meninger

Eg har aldri sett så mykje valkamp som no. Kvar dag ser eg innslag frå debattar, les sitat og kikkar på bilete. Problemet er berre at det meste eg ser aldri har skjedd. Alt saman er tøys og tull. Eg har sett Hillary og Donald synge ballade når dei eigentleg debatterer. Eg har sett så mange memes og gifs at når eg slumpar til å sjå ein av kandidatane framføre eit samanhengande resonnement vert eg positivt overraska. I min feed, i mitt hovud er dei begge revyfigurar frå Saturday Night Live.

Denne vettlause konsumeringa av internetthumor er uheldig for mitt intellekt. Det er eit potensielt demokratisk problem. Men, som me gjerne seier her på internett «pytt sann, er det no så nøye?» Eg har uansett ikkje røysterett, eg vil berre bli underhaldt og oppdatert.

Heldigvis er det ein muligheit for å bli underhaldt utan at det er manipulering med i biletet. Og det av ein reell aktør i valkampen. Løysinga heiter Michelle Obama.

Førstedama har i det siste «burnt internet to the ground», som talkshow-vert Stephen Colbert sa det nyleg. Han viste då til eit ferskt bilete av ekteparet Obama, tatt av magasinet Essence. Det er eit vakkert foto av ekteparet føre eit vindauge. Det er ikkje spektakulært, men har ei stille over seg. Kanskje var det difor Twitter eksploderte i hyllest.

Presidentfrua bruker det siste året på jobben til å lage virale hits. Då ho vitja Colbert imiterte ho Obama og kalla presidenten keisam. Ho har vore med Ellen DeGeneres på ein Youtube-vennleg apotektur, fått sin eigen Snapchat-konto og gaula Beyonce i det internettberømte konseptet «Carpool Karaoke». Sistnevnte med 11 millionar syningar.

Førre veke fekk ho mange av oss, minst fem millionar, til å sjå ein seriøs tale om kvinnesak. Talen var så god at eg gløymte å gå av bussen og den republikanske kommentatoren Glenn Beck meinte talen kunne ha ein øydeleggjande effekt på heile den konservative rørsla.

For oss som ikkje er retorikarar er det eitt påfallande trekk med talen frå New Hampshire. Det verker som ho faktisk bryr seg om det ho seier. Det er ein sånn tale du ser på film der kandidaten kastar manuset i siste liten og bestemmer seg for at «nei, no vil eg seie det slik eg eigentleg meiner det». I røynda fungerer det jo aldri slik. Talen flyt på ein god fleirkameraproduksjon og var garantert nøye innøvd og planlagt. Utan at det hindrar innhaldet i å gripe deg.

For sjølv om det er mykje moro med Michelle har ho også, som Washington Post nyleg påpeika, ein eigen evne til å smugle inn bodskap og produkt i alt ho gjer utan at det går på bekostning av underhaldningsverdien. Den fnisete, men ansvarlege rolla ho tok i butikken med Ellen DeGenereres, at ho kallar Obama keisam rundt middagsbordet.

Ja, demokratane er seriøse aktørar. I motsetnad til andre. Tala om kvinnesak går rett heim, fordi det harmonerer med den (relativt) ufarlege tematikken ho har arbeidd med før. Under Carpool Karaoke dukka Missy Elliot plutseleg opp i baksetet og rappa låta førstedama lanserte i forbindelse med hennas «Let Girls Learn»-intiativ.

Michelle Obama mestrar kunsten å underhalde samstundes som ho snakkar bodskap. Slik klarar ho å leve viralt utan å bli offer for lipsync. Det er ei verkeleg bragd. Neste år er ho arbeidsledig. Ho burde definitivt teste ut content marketing-bransjen. Eller eventuelt, politikken.