Då diktinga fekk mektige kjensler

I år er det 200 år sidan romantikken blei introdusert i engelsk litteratur. Det skjedde med diktsamlinga «Lyrical Ballads», skriven av dei to unge forfattarane William Wordsworth og Samuel Taylor Coleridge.

Denne boka og desse forfattarane kom til å få avgjerande betydning for seinare dikting både i England og i resten av Europa: I løpet av eit par tiår var den romantiske rørsla vel etablert med ei rekkje nyskapande diktverk og grensesprengjande teoretiske skrifter.

Dei to føregangsmennene hadde både personlege og sosiale føresetnader for å fanga opp dei motstridande impulsane på slutten av 1700-talet og samla dei til noko nytt og kunstnarleg produktivt. Dei voks opp i akademiske miljø og fekk tilgang til dei beste lærestader (Cambridge), men begge hadde ei uro i seg som hindra dei i å falla til ro i det etablerte akademiske livet. Begge blei de i også i ungdommen brennande opptekne av den franske revolusjonen, og levde med i dei ulike fasane fram til den endelege frustrasjonen mot slutten av hundreåret. Men elles var dei ulike nok: William Wordsworth (1770- 1850) var ei robust sjel med ei grunnleggande jordnær haldning, mens Samuel Taylor Coleridge (1772- 1834) var ein meir drøymande og utsvevande natur. Likevel var det Coleridge som var den store teoretikaren, Wordsworth gjorde sitt beste i sjølve diktinga.

«Lyrical Ballads» var ikkje ei tilfeldig diktsamling samansett av to unge og truskuldige forfattarar, den var eit medvite litteraturpolitisk utspel - noko som går klart fram av det myndige og lakoniske føreordet til fyrsteutgåva. Her blir det bramfritt slege til lyd for eit inkluderande syn på poesien: «Det er eit ærverdig karaktertrekk ved poesien at den hentar sitt materiale frå alle emne som kan interessera menneskesinnet.» Og det blir like bramfritt langa ut mot samtidsdiktinga, f.eks. i følgjande åtvaring: «Lesarar som har vant seg til den overlesste og tåpelege språkføringa hos mange moderne forfattarar, vil kanskje, om dei les denne boka heilt ut, ofte måtta kjempa med kjensla av noko underleg og keivleg: Dei vil vera på leit etter poesien...» Boka er elles ei bra diktsamling, der mange av dikta framleis står seg godt, som f.eks. «The Rime of the Ancient Mariner» av Coleridge og «Tintern Abbey» av Wordsworth.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Wordsworth og Coleridge skapte rom for allmenne erfaringar og former ein hadde sett lite av i kunstdiktinga sidan middelalderen. Etter barokken, og særleg med framveksten av det moderne borgarskapet på 1700-talet, blei den folkelege poesien innlemma i kulturindustrien og innretta mot ein konsumerande masse. Gjennom sin vinn-og-forsvinn-mentalitet kom denne industrien med tida til å øydeleggja den gamle tradisjonen i populærdiktinga. Kunstdiktaren på si side dreiv på slik han alltid hadde gjort med å halda tradisjonen i hevd, men fjerna seg meir og meir frå allmenne erfaringar og enda lett i eit nokså trongt univers fullt av litterære gjenklangar. Ein slik tilstand var ille for alle: Massen blei fråteken både sin estetiske smak og eit språk for sine opplevingar og innskytelsar, og dei som tilhøyrde kunstgettoen stivna i kulturelt snobberi.

Eg ser den engelske romantikken slik han ytrar seg i teori og praksis hos den tidlege Wordsworth og Coleridge som det siste storstilte forsøket innan europeisk kunstdikting på å bryta ut av ein språkleg isolasjon som truga livskrafta i diktinga. I føreordet til «Lyrical Ballads» blir det då også uttrykkeleg sagt at dikta hovudsakleg er skrivne med sikte på å finna ut i kor stor grad omgangsspråket i middelklassen og dei lågare klassane er brukande til å skapa god poesi. Og i det berømte føreordet til andreutgåva av «Lyrical Ballads» (1800) blir det slege fast at den poesien som kjem ut av denne nye poetikken, nødvendigvis vil føra til at den generelle forståinga til mottakaren blir djupare, smaken hans foredla og kjenslene forbetra.

Det er utan vidare klart at aktiviteten til Wordsworth og Coleridge skapte eit kritisk miljø som opna for ei sterk oppvurdering av ein folkeleg diktar som Robert Burns (1759- 1796). På mange måtar er Burns sjølve oppfyllinga av den poesien som blir programfesta av Wordsworth i føreordet til andreutgåva av «Lyrical Ballads». Men også seinrenessansens William Shakespeare (1564- 1616) fekk sin moderne stordomsstatus befesta og utdjupa gjennom den kritiske verksemda til Coleridge. Romantikkens frontfigurar legg vekt på det særeigne og framhevar det skapande subjektet som tar seg fram på eiga hand i livet som i litteraturen - og lik Burns viser Shakespeare ei uvørden haldning til den litterære tradisjonen, eit veldig spenn i motivvalet og eit språkleg mangfald som går frå den høge stil til det grovaste daglegdagse uttrykket.

Med romantikken kjem dei mektigaste kjenslene for fullt inn i diktinga. Wordsworth definerer poesien som «spontan overflod av mektige kjensler», og legg til at den oppstår av kjensleinntrykk som blir gjenopplevde i ettertankens ro. Coleridge ser også spontane innfall som grunnlaget for poesien, men hevdar at det avgjerande er den sameinande og omformande krafta i den skapande fantasien. Mens Wordsworth søkjer å skapa ei kjensle av forundring ved det kjende og nære, søkjer Coleridge å skapa ei kjensle av nærleik til det forunderlege og gjerne overnaturlege. På kvar sine måtar vil dei utvida tilvante kjensleregister og skapa ei grunnleggande endring i samtida si erkjenning av det verkelege.

Den engelske romantikken oppstår i ei tid prega av voldsom industriell vekst og massetilflytning til industristader og storbyar. Individet bevegar seg frå det tradisjonsbundne livet i relativt stabile landlige omgivnader til eit meir omskifteleg urbant miljø der det upersonlege trykket er stort. I lys av dette kan me sjå den romantiske posisjonen som eit forsøk på å skapa eit mottrykk på vegner av individet - eller rettare: Ei individualistisk overkompensering for manglande reell individualitet i det nye samfunnet. Wordsworth og Coleridge gir kvar sine svar på denne situasjonen - den fyrste søkjer å gjenoppretta ein mentalitet som er nær naturmennesket i Rousseaus meining, den andre etablerer ein meir individualistisk mentalitet der mennesket for alltid er skilt frå naturtilstanden og berre har seg sjølv å lita på.

Det var med romantikken det moderne oppbrotet i diktinga starta: Gamle sjangrar blei sprengde, nye sjangrar oppstod - og den subjektive stemma breidde seg over alt og med slik styrke at den enno kan merkast når me set oss til skrivebordet. Og meir enn me til vanleg tenkjer over kan dette førast tilbake til dei engelske føregangsmennene. Det er f.eks. ingen tvil om at modernismens gudfar Charles Baudelaire (1821- 67) står i gjeld til dei, kanskje særleg til Coleridge, når han utformar sitt diktariske program. Og det er endåtil nærliggande å sjå ei produktiv modernistisk retning som surrealismen som ein villstyrig arvtakar etter Wordsworth sitt program og Coleridge sin praksis.

Her eg sit med utsyn over ein ruskete vestlandsfjord, tenkjer eg på William Wordsworth og Samuel Taylor Coleridge der dei våren 1798 sat i eit lite hus i Somerset og samla tankane og kjenslene sine til motstand mot den mektige utflatande krafta i det framveksande moderne samfunnet. Dei let ikkje døden få innpass i blikket, slik mange gjorde i denne tida, dei investerte sitt levande blikk i arbeidet for å framkalla og halda fast på sine eigne ansikt. Eg sender ei takk til dei for det dei var, og ladar opp mitt eige blikk ved skrivebordet.