OVERLEVDE UTØYA:  Dei reiser over Middelhavet for å kome seg til Europa, eg reiste over Tyrifjorden for å kome meg til Sundvollen. Foto: Privat
OVERLEVDE UTØYA: Dei reiser over Middelhavet for å kome seg til Europa, eg reiste over Tyrifjorden for å kome meg til Sundvollen. Foto: PrivatVis mer

«Då eg hadde rosetog og krisepsykiatri, hadde dei helvete og redsle»

Ein periode etter at eg stilte til intervju, fekk eg same reaksjon som etter 22. juli.

Meninger

Eg heiter John-Helge, er 22 år og har budd i Noreg heile livet. For fire og eit halvt år sidan vart livet mitt snudd på hovudet.

22. juli 2011 vart ein av dagane i den beste ferien min snudd på hovudet. I løpet av timar var Noreg endra — terrorisert. Tida etterpå var det mykje som skjedde. Me stod samla i kjærleik — saman i sorg. Dette er den eine dagen på fleire generasjonar at Noreg var i ein situasjon der me kjende oss utrygge. Ein dag, ei veke og kanskje ein månad der alle såg ekstra kring seg, ei tid der menneskjer kom saman.

Dette innlegget ble først publisert i artikkelforfatterens lokalavis, Askøyværingen.

Samstundes er det ein mann i 20-åra som lev i Syria, som går gjennom nokonlunde det same som eg gjekk gjennom. Truga på livet — skoten etter i løpet av timar. Forskjellen? Då eg var trygg, var det berre starten for han. I år er det fem år sidan borgarkrigen i Syria braut ut og i motsetnad til mange av dei andre arabiske landa, er revolusjonen i Syria berre vorte verre. Menn og kvinner, born og eldre. Alle er utsett for frykt kvar einaste dag. For då eg hadde rosetog og krisepsykiatri, hadde dei helvete og redsle.

Desse menneskja prøvar alt for å redda seg og sine. Dei rømmar, dei skjular seg og dei døyr i forsøket. Fleire millionar er på flukt, berre frå Syria. To timar av livet mitt, vart eg utsett for terror og endå går folk på tå kring meg, dei er uroa for meg og dei tenkjar på meg. Og takksam er eg for det. Men desse menneskja, mange kjenner ikkje til anna enn det helvete eg berre har fått ein smakebit av, dei er me redde. Eg gjorde alt eg kunne. Gøymde meg, sprang, symja. Alt for å kome meg unna trugsmålet. På same måte som dei forlèt landet sitt, rømde eg frå øya mi. Og før du seier at det er ein forskjell, så lat meg stoppa deg. For det trugsmålet eg hadde på øya, er det same som dei har i heile landet sitt og til og med nesten heile regionen dei bur i.

Eg var modig, eg var heldig og eg var menneskje. Det er ord som er nytta for å beskriva meg etter eg kom meg frå øya. Men dei som rømmar frå landet sitt? Svikarar, lukkejegerar, terroristar, lus. Dei reiser over Middelhavet for å kome seg til Europa, eg reiste over Tyrifjorden for å kome meg til Sundvollen. Store deler av det fyrste året vart eg sjukemeld frå skulen, då reaksjonane vart for store, inntrykka vart for sterke. Ingen stilte spørsmålsteikn. Eg mista venar, ingen stilte spørsmålsteikn med sorga mi. Det vart reist minnestatuar, det vart halde minnetalar.

Desse menneskja kjem her, utan å kunne språket, utan å ha nettverk. Det er ingen som spør korleis dei har det. Det er ingen som har forståing for at dei ikkje kjem seg ut i arbeid. Dei kjem her for å snylta på skatten vår. Dei er lukkejegerar.

Me sit her, i verdas tryggaste land. Me sit inne i husa våre, beskytta frå kulda. Me sit og skriv på datamaskinane våre. Me skriv om kor redde me er. Det seier litt om kor god og trygg me er. Desse menneskja, dei som har rømd frå alt som ein gong var trygt og kjend, dei er redde. Men det ser ikkje ut til å bry mange. Det ser ikkje ut til at hjarte er der tastaturet er. Me likar å beskriva oss sjølv som eit varmt folk. Me seier at me byggjar på kristne og humanistiske verdiar. Men kva er det? Nestekjærleik og varme. Kvar er medmenneskjelegheita? Me skryt demokrati opp i himmelen.

Men kva skjer når me kommentera i mot dei som ikkje vil sjå desse menneskja, men berre seg sjølv? Jo, me vert truga til teiing, me vert ropa etter og me vert lattarleggjort. Ting som «sosialistfaen», «kommunist» og meir. Dei seier at me tek frå dei ytringsfridomen, til dømes med å seie at dei er rasistisk og ignorant. Men sanninga er jo at det er dei som gjer det.

Eg har stilt opp i eit par intervju i Askøyværingen. Ein periode etterpå fekk eg same reaksjon som etter 22. juli. Såg meg over skuldra. Gøymde meg litt vekk, under uniforma. Eg prøvde å gjera meg usynleg. Kvifor? Fordi dei som ynskjer å «bevare den norske kulturen» sjølv er dei som går mest i mot han.

Eg vil avslutta med å skryta av alle dei som har stilt opp i tida før og etter akuttmottaket på Lauvøya kom. Alle som har bidrege med klede, hygiene eller tida. Alle som har sagt i mot hatefulle ytringar, alle som har gjeve eit smil til dei som treng det. Og hugs at det aldri er for seint til å endra på fordommane sine! Eg vil anbefala alle som er redde og skeptisk til å snakka med desse menneskja. Sjå likskapen og ikkje forskjellen. Det handlar om bry seg, det handlar om verdigheit.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook