TATT AV  BYGDEDYRET: Det var alltid ein som hamna som «Dagens rett» på tallerkenen til bygdedyret, skriv artikkelforfattaren. Foto: NTB Scanpix
TATT AV BYGDEDYRET: Det var alltid ein som hamna som «Dagens rett» på tallerkenen til bygdedyret, skriv artikkelforfattaren. Foto: NTB ScanpixVis mer

Debatt: Mobbing

Då vi alle var gode bygdedyr

 Å, det sorgfrie livet på bygda i gode gamle dager. Liker vi å tru.

Meninger
LÆRER: Roar Ulvestad.
LÆRER: Roar Ulvestad. Vis mer

I røyndomen var vi gode bygdedyr alle som ein. Vi sat ikkje og kika ut glaset på skulen og gledde oss til friminuttet. Nei, vi grudde oss til kven som vart plukka ut. Kven som var dagens offer.

Var det han som var for tjukk eller var det han som var for tynn? Var det han som mangla ei tå eller var det han som vart først kjønnsmoden? Var det han som hadde lapp i buksebaken eller var det han som pissa seg ut om natta? Var det ho med dei store puppene, eller var det ho som ikkje hadde? Var det den tolvårige hårlause under kreftbehandling eller var det ho med raudt hår?

Uansett var det alltid ein som hamna som «Dagens rett» på tallerkenen til bygdedyret. Det rann naseblod og tårer. Det vart fiska bøker fulle av piss opp av ryggsekkane. Det var snøballar i nakken. Det var mus i pennalet. Det var bitande ord. Om ikkje orda var til deg direkte, var det om bror din, søstera di eller kameraten din. Rasshøl. Taper. Homo. Kommunist. Same. Fittetryne. Mongo. Som vaksen er det ingen grense for skamkjensla når eg tenker på alt eg sjølv var ein del av. Bolletrynet med bokstabelen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vi var alle livredde bygdedyr, fulle av redsel for sjølv å bli den utvalde. Omsynslause, empatilause, fantasifulle og kreative djevlar som kunne gråte seg i søvn som dei små og redde borna dei var. Er det min tur i morgon?

I bakgrunnen sto dei vaksne som saltstøtter. Lille Ole måtte ha tennene i ein pose før dei skjøna at det var alvor. Ungane vart stort sett overlatne til seg sjølv og vondskapen fekk blomstre utan motstand. Enkeltlærarar fekk tyne generasjoner av born utan at nokon stoppa dei, gjerne dei som var samfunnsstøttene fremst i syttandemaitoget. Dei ufeilbarlege.

Å, det sorgfrie livet på bygda i gamle dagar.

Nu er alt så meget betre. Eller ikkje. Skulen har all verdas antimobbeprogram og atferdsregulerande opplegg som skal sikre ei god sosialisering der alle blir tatt omsyn til. Nokon tener gode pengar på desse systema, det er vel det einaste positive å seie om desse. Ungdommen vår er stort sett snille og omsorgsfulle med stor vekt på gode vennskap, men det trur eg dei sjølv skal få æra for, ikkje importerte antimobbeprogram og kommunalt sanksjonerte åtferdsreguleringar.

Framleis er det eit dagleg helvete for han som er for tjukk, ho som er for tynn, han som manglar ei tå, han som først vart kjønnsmoden, ho med eller utan pupper, han med feil bukse, han som pissar seg ut om natta og alle dei andre som har noko ein kan henga eg opp i.

Faenskapet har alltid blomstra, men ikkje i lyset. Faenskapet blomstrar i skuggane der dei vaksne ikkje ser, og når dei vaksne ikkje ser, trur dei at alt er såre vel. Vi kan heller ikkje forvente at dei unge skjerpar seg, når vi sjølve dyrkar hetsing. Frå nettside om antimobbing:

«Det viktigste bidraget i antimobbearbeidet blir derfor å støtte skolen i sitt arbeid mot mobbing. Da gjelder det å framsnakke lærere, skoleledelse og medelever. Man bør også være varsom med hvordan man omtaler naboene, ungdommens venner, politikere, innvandrere og andre grupper man ellers kunne tenke seg å snakke stygt om. Ved baksnakkelser rundt middagsbordet lærer ungdommen hvordan man behersker den delen av samfunnslivet.»

Fundamentet ein skule skal og må bygge på er trygge barn som lærer at det å hakke på det som stikk seg ut ikkje er greit, og at variasjon og mangfold har verdi. Det føreset vaksne med kunnskap og mot til å gripe inn. Vaksne som ikkje ser på hetsing, ironisering og uthenging som sport og underhaldning. Vaksne som tør å vere vaksne og veit kva det er å vere barn. Kanskje vi kan sjå dei såra barna før dei gjev såra sine vidare til andre med spit, vold, utfrysing, uthenging på nettet eller infame tekstmeldingar.

Vi kaster diverre vekk tida på å krangle på dårleg vaksenspråk om matematikkrav, IKT i skulen og fråværsregler. Samstundes blir allmennlæraren som hadde brei fagleg og sosial kontakt vraka til fordel for den nye faglæraren, som skal sørge for «styrket læring». Korleis vi gjer det blir stadig viktigare, men vi har ikkje tid til å spørje korleis vi faktisk har det. Eigentleg. Vi kan ikkje spesialisere oss inn til problemet og overlate løysinga til «ekspertane» medan vi lener oss tilbake. Om «alle skal med», må og alle vi vaksne vere med, som gode rollemodellar og engasjerte positive vaksenpersonar. Og vi lurer framleis på kvifor gjennomføringsgraden i vidaregåande opplæring ligg på same nivå som for tjue år sidan.