OM DUUN: Dag Solstad holdt doredrag om Olav Duun tidligere denne måneden. Men har han lest nok av ham?  Foto: Jørn H. Moen
OM DUUN: Dag Solstad holdt doredrag om Olav Duun tidligere denne måneden. Men har han lest nok av ham? Foto: Jørn H. MoenVis mer

Dag Solstads fadermord på Olav Duun

Olav Duun konstruerer bøkene sine for usannsynleg for Dag Solstad.

Meninger

Nasjonalbiblioteket har sett i gong ein føredragserie der nolevande forfattarar les verk av avlivdne diktarar og så gjev til beste oppfatningane sine. Det heile starta laurdag 7.11. med «Dag Solstad les Duun». Salen vart snøgt fyld, og det fortel vel om at interessa for Duun (eventuelt også for Solstad) ikkje er så lita som ein hadde rekna med. Mange måtte gå utan å få høyra Solstad - og større skade leid dei ikkje ved det.

Solstad avskreiv Duun for samtid og all framtid. Litt smålæte kom rett nok mot slutten: Men vi (Solstad?) bør i hvert fall bekjempe vårt hovmod ved at også modernismens dikting vil foreldes. .... Det bertyr imidlertid ikke at Olav Duuns dikting vil bli rehabilitert.

Utgangspunktet til Solstad er ikkje det beste. Han hadde aldri tidlegare lesi noko av Duun og sette så i gong med «Juvikfolke» og «Medmennesketrilogien». Ein kan undra på om han kom igjennom alle banda i «Juvikfolke», og Duun som humorist («Løglege skruvar og anna folk») kjenner han tydeleg nok ikkje til, heller ikkje Duun som novellist («Vegar» og «Villstig»). «Ettermæle», «Samtid» og «Menneske og maktene» har han ikkje lesi. Med så lite kunnskap om breidda i ein forfattarskap ville det til dømes vera ei smal sak å gjera fadermord på Solstad ut ifrå omanane «Svik», «Krig» og «Brød og våpen». Reint bortsett frå at «Juvikfolke» er ei oppleving å lesa i samanlikning med den ofte tørre og keisame Solstad.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hovudgrunnen til at Solstad meiner Duun er avlegs, er visst at Duuns personar er «så jævla norske, så fremmedartet norske». Då har han større utbytte av å lesa om finske bønder. Dei er meir «modernistiske».

Dessutan likar han ikkje lagnadstrua han finn hjå personane i bøkene til Duun - i dei han har lesi.

Han ser ikkje at eit motiv som ofte går igjen, ikkje er den heller banale kampen mellom godt og vondt, realisert i «gode» og «vonde» menneske, men at det hos Duun dreier seg om kampen mellom godt og vondt i kvart eit menneskesinn. At «Det vonde drep ein ikkje med øks», har Solstad fullstendig oversett. Vi som likar Duun, får stemplet duunianarar og har ikkje sans for litterær konstruksjon. Duun konstruerer bøkene sine for usannsynleg for Solstad. Ein som har gått på Fagerborg skule, kjenner ikkje att ramma kring ein skuletime slik det vert framstilt i «Genanse og verdighet». I Duuns selskap er ein mykje meir overtydd om at han har omframt god kjennskap til det miljøet han skildrar.

Om Duun vert mindre lesen i dag, trur eg ikkje at det Solstad kjem med er grunnen. Hovudgrunnen er rett og slett språket. Litteratur- og norskopplæringa i den «moderne» norske skulen er for slapp. Kanon er teken vekk, og elevane skal først og fremst lesa samtidslitteratur.

Undervisninga i nynorsk som sidemål er vorten monleg svekt, og elevar i typiske bokmålsområde er stort sett så uinteresserte at dei tykkjer det er eit ork å lesa alt anna på nynorsk enn Are Kalvø. Slik sett er det vel berre elevar i Vestlandsfylka og Nord-Trøndelag som kan gje seg i kast med Duun og få noko ut av det. Innslag av trønderdialekt kan og gjera det «slitsamt» for gjennomsnittseleven også på Vestlandet.

Kan henda vert enden på visa at dei les Duun på engelsk, for i motsetnad til det Solstad hevdar er Duun omsett til ei rekkje språk (jamvel estisk). Omsettingane syner at språkføringa hans ligg germansk engelsk og ikkje fransk-latinsk prega engelsk svært nær. Tonen til Duun skin forvitneleg igjennom.

I mellomtida får ein vona Solstad vil gje seg i kast med alt det han ikkje har lesi av Duun - på norsk, for jævla norsk er Duun ikkje.