Dagbladet alltid atterut?

Halvor Elvik skreiv sist laurdag i Dagbladet at eg ikkje har greie på forsvar. Det er godt muleg, men ikkje noko stort problem, for veljarane kan om halvanna år kaste meg til fordel for nokon som kan meir om forsvar, om det er det dei vil. Dessutan slås det jo fast nok ein gong at Stortinget ikkje nødvendigvis består av dei klokaste hovuda i landet, men er rimeleg representativt.

Verre er det at vi har ei presse som ikkje skriv om forsvars og tryggingspolitikk. Eg er avhengig av media som grev fram gode sakar på området. Og heldigvis finns det unntak. Nesten kvar gong eg kjem til Europarådet får eg vist fram ein artikkel frå Stavanger Aftenblad om CIA sine fangefly. Det er skjellig grunn til mistanke om at Noreg hjelper til med tortur fordi norske flyplassar kan bli brukt til transport av fangar. Det vi veit er at dei finns på Guantanamo og har ikkje sømd over Atlanteren.

Bergens Tidende har satt av ressursar og folk til å grave i rakettskjoldsaka. Mange gode artiklar har det blitt av det. Dette er artiklar som på godt og vondt har blitt ein del av debatten om saka her i Stortinget. NRK Dagsrevyen er ein av årsakene til at det gikk fort for Noreg å gå fremst i å forby klasevåpen. Etter Dagsrevyen sine reportasjar frå Libanon om Israels bruk av klasebomber som miner vart det skapt eit stort press for forbod.

Nato har dratt frå Noreg og tatt med seg Forsvaret. Kystvakta er eigd av private reiarlag. Her er nok av saker å ta fatt i, men spørsmålet mitt er kor var og er Dagbladet i alle desse saker? Tidlegare då eg var på lokallagsmøte i Nei Til Atomvåpen siterte og slo vi opp i Dagbladet for å få kunnskap. I dag ser eg ikkje at Dagbladet grev i tidas store saker. Eg trur det er synd for Dagbladet. Veljarane stemmer ikkje berre i val, dei bruker og pengeboka til val av kor dei vil gjøre seg kloke. Og for Elvik ville det jo vere kjekt å av og til kunne sitere handa som før han, sia han ikkje grev så mykje sjølv.