NYE VANER: Eg les stadig Dagbladet regelmessig til glede, informasjon og irritasjon, skriver Åsulv Edland, tidligare journalist i NRK. Men han ergrar seg over Dagbladets oppslag 24. juli om ein Ipsos-undersøkelse på nye medievaner. Foto: NTB Scanpix
NYE VANER: Eg les stadig Dagbladet regelmessig til glede, informasjon og irritasjon, skriver Åsulv Edland, tidligare journalist i NRK. Men han ergrar seg over Dagbladets oppslag 24. juli om ein Ipsos-undersøkelse på nye medievaner. Foto: NTB ScanpixVis mer

Medievaner:

«Dagbladet knuser NRK»

Dagbladets oppslag om «Netflix som knuser NRK» er alternativ fakta i beste Trump-stil.

Meninger

Dette er ikkje sant, og det kjem heller ikkje til å bli det. Overskrifta er inspirert av Dagbladets førsteside 24. juli. I eit av dei tre hovudoppslaga her står det: «Netflix gruser NRK».

Etter å ha jobba i NRK i 44 år, blar ein febrilsk bakover til side 24 og 25, og her blir det gjentatt med krigstypar over to sider – Netflix knuser NRK.

Alt har tydelegvis gått ad undas etter vi gamlingane forlot det synkande skip. Rett til helvete som Håkon Lie ville ha sagt.

Dokumentasjonen til denne tragiske tittelen, er ei undersøking Ipsos nyleg har gjennomført for Dagbladet. Her er mange tal og det mest interessante må vel vera at av den norske totalbefolkningen, seier 36 prosent at NRK gir dei det beste tilbodet mens 21 prosent seier at Netflix gir det beste tilbodet. Tala viser også at i aldersgruppa 60 til 99 år seier 64 prosent at NRK gjev det beste tilbodet og berre to prosent syns Netflix er best. I aldersgruppa 18 til 29 år seier 43 prosent at Netflix har det beste tilbodet, NRK ligg her på 8 prosent.

Korleis i himmelens namn kan Dagbladet med dette talmaterialet, og med krigstypar over fleire sider, fortelje at Netflix knuser NRK?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Er de ikkje i stand til å lesa eller forstå tala i den undersøkinga de har bestilt ? Er det så at tala for aldersgruppa 18 til 29 er fire-fem gonger så mykje verdt som for resten av befolkninga?

Resultatet av undersøkinga er forresten gamalt nytt; ungdom ser på andre skjermar enn tv-skjermar, og barn og eldre er svært godt fornøgde med NRK. Ungdomen har andre medievaner enn det gamaldagse fjernsynet. NRK greidde likevel å lage eit ungdomsprogram som fekk publikumsrekord, vekte oppsikt over heile verda, og no blir kopiert i USA. Det er greitt at ungdomen har andre vaner, men dei er ikkje i fleirtal og NRK skal vel ikkje legge ned program fordi dei unge ser på andre program.

Eg trur ikkje det er bra for helsa til Dagbladet at det er ein del av Aller- konsernet, sjølv om det ser ut som avisa tener gode pengar.

NRK-sjef Thor Gjermund Eriksen og Dagbladets avgåtte redaktør John Arne Markussen. Foto: NTB Scanpix
NRK-sjef Thor Gjermund Eriksen og Dagbladets avgåtte redaktør John Arne Markussen. Foto: NTB Scanpix Vis mer

Den avgåtte redaktør, John Arne Markussen, brukte mykje tid og spalteplass til å kjempe mot, og skrive nedsetjande om NRK. Eit av hans hovudpoeng var at NRK øydela for andre medier ved å tilby gratis program på nett. Men det er like lite sant som at Netflix knuser NRK eller Dagbladet knuser NRK.

NRK gir ingen ting gratis. Lisensbetalarane betaler ca 8,17 kroner pr. dag, og for denne uhyrlege summen får publikum 12-13 radiokanalar, tre fjernsynskanalar, program på pc og telefon. Mange klagar merkeleg nok over at det er for dyrt, men redaktør Markussen ville folk skulle betale meir, og det er rett nok ikkje mykje du får for 8 kr i dag. Dagbladet kostar 40 kroner pr. dag (om du ikkje får det gratis som ARK-venn),men til gjengjeld får du mykje fin musikk og levande bilete her.

Dagbladet er ei avis eg har stor sans for og som eg har lese regelmessig frå 60-åra. Eg var til og med abonnent det året eg var lærar på Bømlo 1966/67 og då overtok to av lærarane på lærarrommet avisa etter meg. Den eine, Håkon Randal, kom på Stortinget for Høgre, og den andre, Bjarne Kristiansen, for Arbeiderpartiet. Eg meiner det viser at Dagbladet er og har vore ei viktig avis.

Eg les stadig Dagbladet regelmessig til glede, informasjon og irritasjon, men no er andre aviser minst like gode, slik som DAG og TID og Klassekampen. Dagbladet har også fått ein redaktør som har arbeidet i NRK, og vi får håpe at det fører til at skriveriene om NRK er basert på korrekte fakta og ikkje hat og ynskjetenking som vi har sett dei siste åra.