Dagbladet og Frp tøvar om E18

VEIER: Dagbladet brukte 23. april framsida og to sider til på å fortelja lesarane at utviding av dagens to-felts E18 frå Larvik til Kristiansand til fire felt og dobla vegbreidd vil «skape dødsfeller». Reportasjen var ei ukritisk attgjeving av eit utspel frå Frps Bård Hoksrud. Det undrar meg at redaksjonen så lett let seg bruka til å spreia direkte feilinformasjon.Utbygginga av E18 gjennom Vestfold for å få samanhengande firefelts motorveg har høg prioritet for å betra trafikktryggleiken og trafikkflyten. Breidda på motorvegen vert sett etter trafikkmengda, slik at vi byggjer trygt og samstundes ikkje ressurssløsande. Ned til Larvik føreslår Vegvesenet 26 m vegbreidd, og etter Larvik 20 m. Grunnen er at trafikkgrunnlaget er vesentleg lågare etter Larvik. Den store trafikktryggleiksvinsten ligg i fysisk midtdelar mellom køyreretningane, og Vegdirektoratet vurderer 20 og 26 m vegbreidd som likeverdige med omsyn til trafikktryggleik. Eg har ikkje fått saka på mitt bord enno, og har såleis ikkje gjort vedtak om det eine eller det andre.

FRP HAR VEDTEKE mange vegar som denne. 20 meter vegbreidd er normalen ved bygging av firefelt i Noreg. Det er breiare enn norma ved tilsvarande trafikkmengd i Sverige. Reaksjonar har uteblitt ved tidlegare utbyggingar, også frå Frp. Frp har slutta heilhjarta opp om dei strekningane som er vedtekne dei seinare åra, t.d. noko lengre sør på E18; Grimstad-Kristiansand, der anleggsarbeidet straks kjem i gang. I ein e-post til meg har ordførar i Spydeberg, Stein Håland, ytra undring over Dagbladets artikkel med bakgrunn i den pågåande utbygginga av 20 m vegbreidd på E18 gjennom hans kommune: «I forhold til trafikksikkerhet er min påstand at vegbredden er av marginal betydning. Det er midtskillet som er helt avgjørende i forhold til ulykkesrisiko og trafikksikkerhet. Problem med trailerstopp forekommer nesten aldri og må være sterkt overdrevet av intervjuobjektet i reportasjen.»Dagbladet har ikkje sett på prent intervju gjort med meg der eg har gjeve desse opplysningane. Eg vonar det ikkje er fordi det stiller det avisa allereie har skrive i eit underleg ljos. Ingen lesar skal vera i tvil om at denne regjering og denne samferdsleminister har som fremste mål å byggja langt meir og tryggare infrastruktur i heile landet.