Dannelsens kulturpolitiske brøl

Riksmålssaka har både rydda hagen og finklipt plenen for Framstegspartiets støyande selskap. Dette kjem tydeleg fram også i boka til Langslet.

Den gamle Logen var fullsett. Fleire hundre menneske hadde betalt heile 2 kroner for å høyre Bjørnstjerne Bjørnson tale om «Maalsagens Stilling i vort Kulturliv». Pengane skulle gå til etterlatne etter fleire hundre fiskarar som nyleg hadde omkome i uver langs norskekysten. Det var det einaste forsonande ved møtet i Logen 23. oktober 1899.

Diktarpolitikarens ofselege utfall mot bondekultur og landsmål fekk varige følgjer. Slik blir iallfall gjerne møtet framstilt i oversynsverk, seinast av Lars Roar Langslet i den nye boka si om riksmålsbevegelsens historie gjennom hundre år. Noko prinsipielt nytt kom likevel ikkje fram denne oktoberkvelden. Bjørnson hadde mykje godt meint det same gjennom tjue år.

Langslet skriv det som så mange har gjort før han: Det var inga vulgær nedvurdering av bondekulturen som dreiv Bjørnson. Den forståinga er eit luftslott. I den nye Bjørnson-biografien sin peikar Aldo Keel tvert imot på at Bjørnson såg på bondekulturen som uutvikla. Høflege Langslet føler seg nok beklemt over dei mange invektiva som ned gjennom tidene har kome frå de dannede. Men han overser at det faktisk var Bjørnstjerne Bjørnson som sette standarden. Det Arne Garborg så tidleg som i 1887 kalla «dannelsens brøl», kom først og fremst frå mannen på Aulestad. Ord som Huleboere, Løgnfabrikker, Skrævende Diftonger var alt saman diktarpolitikarens verk. Bjørnstjerne Bjørnson er den verste demagogen i nyare norsk talekunst.

Den viktigaste verknaden av Bjørnsons tale i 1899 var at han sette i gang riksmålsrørsla, skriv Langslet. Det vil seie at dei tufta si gjerning på ein ufatteleg forakt for andre sosiale klassar og menneske med ein annan bakgrunn enn deira eigen. Dei bygde vidare på den hevdvunne sanninga at det nye landsmålet ikkje kunne bli eit fullgodt kulturmål og tene høgare hugmål. Dette var det viktigaste argumentet mot jamstellingspolitikken kring hundreårsskiftet.

Men dei måtte raskt bite det i seg. Den nye skriftkulturen bar i seg ei overveldande estetisk kraft. Diverre har mange nynorskbrukarar kvidd seg for å bruke dette estetiske argumentet i frykt for kva det kunne innebere. Dermed har dei oversett at nynorsken blei sungen inn i den norske folkesjela. Det var så mykje lettare å ta inn over seg den regionale, den institusjonelle eller den politiske krafta som også fremja nynorsk. I røynda har desse drivkreftene drege i same lei. Alt då Bjørnson skreiv sine siste hatefulle innlegg mot landsmålet i 1909, var det nye skriftspråket hovudmålet for eit fleirtal av skuleelevane på Vestlandet. Det gav den nynorske skriftkulturen også eit veljargrunnlag. Men nynorsk ville ikke blitt verande eit språk for kunst om det ikkje også var blitt eit bruksspråk.

Denne samanhengen har riksmålets kulturpolitiske estetar alltid fornekta. I mykje av etterkrigstida har dei i staden hevda med styrke at dei ikkje er mot nynorsken og at dei berre ikkje vil at denne skriftkulturen skal vinne fram på kostnad av riksmålet. Denne rørande omsorga hadde stått til truande viss dei samstundes hadde kome med konstruktive og offensive framlegg til korleis den nynorske skriftkulturen likevel kunne bli styrkt. Ikkje eitt slikt framlegg har kome.

I staden hevdar dei si liberalistiske og romantiske tru på den naturlege framveksten av språk og kultur, fri for all påverknad frå maktstrukturar, interesseorganisasjonar og offentleg engasjement. Slik har riksmålssida både rydda hagen og finklipt plenen for Framstegspartiets støyande selskap. Dette kjem tydeleg fram også i boka til Langslet. Jamvel om han har vore statsråd i fem år, ser makt ut til å vere eit ukjent framandord for han. Dermed blir det knapt nokon språkpolitiske skilnader mellom hans verdikonservatisme og nyliberalistane.

På eitt vesentleg punkt skil Langslet likevel lag med mange av åndsfrendane sine. Spalte opp og spalte ned har Finn-Erik Vinje og seinare språkpolitiske noviser gjentatt det argumentet Bjørnson etablerte ved hundreårsskiftet, og som Gunnar Knudsen - av alle - førte inn i Stortinget hausten 1901: Dette vesle landet har ikkje råd til å halde seg med to målformer. Den aggressive utgåva av denne argumentasjonen fyller einmannsforetaket Bokmålsforeningen lesarbrevspaltene landet over med. Her skjer Langslet igjennom: Eit land som har råd til å bruke milliardar for at flypassasjerar skal spare ti minutt i reisetid, har også råd til å halde seg med to slike skriftkulturar.

Ved å kombinere estetikk og bruksverdi med organisasjon og økonomi har den nynorske skriftkulturen vore med og sett dagsorden og endra morgondagen. Likevel hevda Dagbladet på leiarplass nyleg at nynorsken er på vikande front overalt i samfunnet. Vikande? Overalt? Internett-brukarar kan laste ned eit nytt nettlesarprogram på nynorsk. Taletrengde kan kjøpe mobiltelefon med skjermtekst på nynorsk. Og nynorske nyheitsopplesarar festnar grepet om dei kommersielle TV-nyhetene.

Denne skriftkulturen er altså med på modernitetens arenaer. Men posisjonen varierer. Kor mange elevar som bruker nynorsk i grunnskulen, seier ikkje lenger nok om bruken av nynorsk. Alt etter sjanger og medium, individuell eller institusjonell bruk, står den nynorske skriftkulturen ved utgangen av det 20. hundreåret for mellom 4 og 42 % av norsk språkkultur i skrift. Fire av ti diktsamlingar er på nynorsk, og kvar fjerde norske avis har nynorsk som redaksjonsspråk. Men forlag som Cappelen og Aschehoug avsluttar begge det 20. hundreåret med boklister der nynorsken er språkleg utreinska innanfor sakprosaen. Der er nynorsken på vikande front.

Vi må nok handtere mange variablar samstundes om vi vil prøve å forstå nynorskens plass og utviklingspotensial. To viktige stikkord er kvinner og det fleirkulturelle samfunnet.

Tradisjonelt har målrørsla vore svært territorielt orientert, og lagt vekt på å vinne eller halde på skulemålskrinsar. Det finst gode grunnar for dette. Faren er at ein no overser at nynorsk kan kome til å bli meir av eit mannens språk i Noreg. Både i 80- og 90-åra er det tydeleg at unge jenter lettare og tidlegare skiftar frå nynorsk til bokmål enn gutane gjer. Jentene bruker heller dialekt enn nynorsk når dei skriv, og dei har mykje sterkare meiningar enn gutane om kva målformene bør brukast til. Samstundes veit vi at det er kvinnene som i alle år har tatt mest ansvar for både den formelle og den uformelle skrive- og leseopplæringa. Slik er det framleis. No som før har mødrene ambisjonar på vegner av barna sine. For mange mødrer har det sett ut som om nynorsken har vore til heft for ungar som skulle opp og fram. Den som vil opp og fram, må lære å beherske riksmålet, heitte det i eit opprop i 1958. Det stod kvinner bak. Påfallande ofte har det vore kvinner som har gått i brodden for å innføre bokmål i tidlegare nynorskkrinsar. Den som vil styrkje nynorsken om tjue år, må difor få store grupper av tenåringsjenter i tale det komande tiåret - før dei sjølve blir mødrer.

Det er på tide å språkpolitisere forståinga av det fleirkulturelle samfunnet. Vi nynorskbrukarar har aldri skilt mellom språk og kultur. For oss representerer dei to skriftspråka ulike tradisjonar og verdiar. Noreg og Norge var og er to ulike kulturar. Det var først då dalføra inst i Oslofjorden blei fleirkulturelle at heile landet blei fleirkulturelt for dei akk, så politisk korrekte miljøa i hovudstaden. At dei to norske målformene er formelt jamstelte, vil likevel ikkje seie at det tospråklege som verdi i seg sjølv er blitt institusjonalisert som ein del av kulturlivet. Den nynorske skriftkulturens reelle status har vore at ein til ein viss grad har måtta ta omsyn til dette skriftspråket, men at denne situasjonen vil gå over. Tendensen synest klar: Mens samfunnet generelt blir meir fleirkulturelt, blir både børsnoterte og andre kulturinstitusjonar meir monokulturelle.

Nynorskbrukarane er ein nødvendig føresetnad for at det fleirkulturelle Noreg også sikrar seg verdien av å ha to norske skriftspråk. Korleis dette kan skje, er det store spørsmålet. Svaret vil ha meir å seie for målsaka si stilling i vårt moderne kulturliv enn dannelsens kulturpolitiske brøl frå forsamlinga i Logens store sal.