Danningas død

UTDANNING: Den klassiske, danna akademikaren er ein utryddingstrua art i Stoltenberg-regjeringas utdanningssamfunn. Ikkje berre er tre av fire professorar på veg ut i pensjonstilværa om ti år, men det ser også dårleg ut for arvingane. Dagens forskarar seier dei er skvisa i tidsklemma mellom behov for forsking og oppfølging av studentane. Regjeringa løyva i fjor ikkje ei krone til nye doktorgradsstipendiatar.

Lars Sponheim, Odd Einar Dørum og nyleg pensjonerte Gudleiv Forr har på kronikk- og kommentarplass i Dagbladet markert seg som talsmenn for den klassiske danninga; denne er uavhengig, kritisk og treng ikkje alltid ta omsyn til maset om kjapp effektivitet eller målbar nytteverdi.

Studentane er slett ikkje framande for å lære seg nyttig kunnskap, men vi vil ha sjansen til å gjere meir. Vi vil lære oss å omgåas andre studentar og medmenneske også utafor lesesalen. Vi vil ha tid til å fordjupe oss i meir enn pensum, og vi vil vere med og bestemme korleis høgskulen og universitetet utviklar seg. Men skal vi delta, må også rammevilkåra gi oss sjansen til det.

Kvalitetsreforma i høgare utdanning har gitt oss meir oppfølging, fleire oppgåver og fleire eksamenar. Myntens bakside er at studentar kan sjå ut til å tenkje mindre sjølvstendig enn før. Dette seier iallfall den mellombelse evalueringa av Kvalitetsreforma. Fleire oppgåver og eksamenar har gitt mindre tid til syslar og spekulasjonar som går utafor pensumgrensene. Samtidig arbeider i følgje SSB over halvparten av studentane ved sida av studiet, og hovudårsaka er at studielånet ikkje strekkjer til.

I USA er både blå- og kvitsnipparbeidarane med rette redde for at jobben deira skal forsvinne til India og Kina. Forfattaren og New York Times-journalisten Thomas Friedman ber dei kutte ut sjølvmedkjensla, gå i seg sjølve og fornye seg. I den samtidshistoriske globaliseringsboka «Verda er flat» skildrar han framtidas idealarbeidarar: Dei kan samarbeide, har brei kunnskap om mange teoretiske og praktiske felt, dei kan forklare korleis ting heng saman og dei har sær spisskompetanse som er eineståande i verda. Ikkje minst er dei brennande engasjerte i det dei driv med.

Slike arbeidstakarar vil kanskje også Jens Stoltenberg og regjeringa hans ha. Oppskrifta er, og det står også i Soria Moria-erklæringa, betre forsking og sterkare fagleg og finansiell støtte til studentane. Da treng vi 1000 nye forskar- og undervisningsstillingar, 430 nye stipendiatstillingar til å fylle plassen etter dei gamle professorane og ei studiestøtte som ikkje tvingar oss til å arbeide ved sida av studia.

Studentar

tenkjer

mindre sjølvstendig enn før.