Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Dårleg hushald i psykiatrien

VENTELISTER: Vi kan ikkje lenger la pasientane ta støyten for at me driv dårleg. Ventelistene kan avviklast om viljen er der.

PASIENTANE TRENG OSS: Frå 1. februar kan pasientar som er tilviste, ringe til Psykiatrisk poliklinikk ved Nordfjord psykiatrisenter og få time same dag eller dagen etter om dei ynskjer rask hjelp. Det krev ikkje meir ressursar, for pasientane hadde me teke i mot før — eller helst seinare — uansett, skriv kronikkforfattaren. Illustrasjonsfoto: Wikimedia Commons
PASIENTANE TRENG OSS: Frå 1. februar kan pasientar som er tilviste, ringe til Psykiatrisk poliklinikk ved Nordfjord psykiatrisenter og få time same dag eller dagen etter om dei ynskjer rask hjelp. Det krev ikkje meir ressursar, for pasientane hadde me teke i mot før — eller helst seinare — uansett, skriv kronikkforfattaren. Illustrasjonsfoto: Wikimedia Commons Vis mer

NASJONAL strategigruppe II for psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling skriv i ein av sine gode rapportar at «Arbeidet med individuell plan bør normalt starte (...) når pasienten settes på venteliste.» Legg merke til formuleringa. Ikkje «dersom pasienten settes på venteliste», men «når».

Forventninga er med andre ord at vi skal halde oss med ventelister.

Ventelister er normaltilstanden, ikkje unntaket. Det er eit sjølvsagt og udiskutert utgangspunkt for dei fleste som arbeider i psykiatriske poliklinikkar, sjølv om det er vanskeleg å sjå kva problem som vert løyst på denne måten. Slik eg ser det, er den viktigaste funksjonen til ventelistene at vi slepp å sjå kritisk på våre eigne haldningar og arbeidsmåtar.

LOGIKKEN I VENTELISTENE let til å vere at vi ikkje skal gjere i dag det vi kan utsetje til neste månad. Det er liten grunn til å tru at dette gjev betre kvalitet, nyttar ressursane meir effektivt eller kjem brukarane sine ynskje i møte. Ein kan velje å vere meir offensiv enn dette. Vilkåret er at ein tek utgangspunkt i føremålet med tenesta, som er at folk skal få hjelp, og så leggje arbeidet opp etter det. Då er det ingen god idé å skyve oppgåvene framføre seg.

Leiinga har ansvaret for å forvalte ressursane. Den må drive hushaldning som gjer at ressursane strekk til. Om det er uråd, lyt ein prioritere slik at det viktigaste vert gjort fyrst. Dersom ikkje alle kan få hjelp, lyt ein avvise dei som treng det minst. Dette forstår alle, ikkje minst brukarane våre. Dei veit at dei ikkje kan få alt.

MEN VED Å etablere ventelister, fritek ein seg sjølv på eit vis frå forvaltaransvaret og let pasientane ta konsekvensane av manglande prioritering. Vi er pålagde å prioritere helsehjelp ut frå den medisinske alvorsgraden og nytten av helsehjelpa, ikkje ut frå tilvisingstidspunkt og kor lenge ein har stått i kø. Dersom vi ikkje rekk over alle oppgåvene våre, må det vere vårt eige ansvar å stelle oss slik at det viktige kjem fyrst — men utan at alle må vente så lenge.

Poliklinikkar som ikkje fører ventelister, har ikkje betre kapasitet enn andre. Mange hevdar at ventelistene kan avviklast dersom vi berre får fleire tilsette.

Sjølv trur eg at ventelistene kan bli avvikla straks i dei aller fleste psykiatriske poliklinikkar dersom det er vilje til det.

Argumentet for ventelister er som oftast manglande kapasitet på grunn av for lite ressursar. Eg ottast at det like gjerne kan skuldast profesjonssentrerte haldningar og uvanar — og manglande refleksjon over kva signal vi sender til dei som treng oss. Det finst poliklinikkar som ikkje held seg med ventelister. I staden sender dei straks brev til pasienten med timeavtale. Pasientane kan kontakte rette vedkomande dersom ventetida vert vanskeleg. Det gjev ein heilt anna kjensle av å bli tatt på alvor enn å få brev med bod om at du står på ei venteliste.

MANGE POLIKLINIKKAR har stabile ventelister. Det inneber at systemet er i balanse, at det er omtrent like mange pasientar som blir søkte til handsaming som det er pasientar som avsluttar handsaminga. Var det ikkje slik, ville ventelistene bli lengre med tida. Dersom ventelistene er stabile, må det vere eit godt samsvar mellom oppgåver og kapasitet. Ein kortvarig dugnad for å ta unna ventelista vil løyse problemet, og det ville snart bli balanse mellom tilviste og avslutta saker.

Det finst system som ikkje godtek vår måte å gjere ting på. I skulen kan dei når som helst oppleve at familiar med ressurskrevjande born i skulepliktig alder flyttar til kommunen. Skulen lyt ta i mot eleven straks. Ingen spør om det er ledig kapasitet, og det kjem aldri på tale å setje eleven på venteliste til lærarane har nok tid og krefter til å ta seg av han.

Er det haldningane eller kapasiteten vår det er noko i vegen med? Skal kaka delast på fleire, så blir det mindre til kvar. Men kaka vert ikkje større av at folk må vente til neste månad før dei får sitt stykke. Meir ressursar løyser sjeldan problem som skuldast ugunstige arbeidsmåtar.

DERSOM VI skal få meir nøgde pasientar, må psykisk helsevern i større grad skje på brukarane sine premiss. Det vil vere ein god start å ta i mot pasientane når dei sjølve bed om hjelp. Ein frigjer ikkje arbeidsglede eller meistringskjensle blant dei tilsette ved å utsetje arbeidet. Ikkje blir det meir ressursar av det heller.

Ein kan bli motlaus av at dei tilsette må ta seg av stadig nye oppgåver. Men det går an å tenkje på reformer og nye oppgåver som uttrykk for omprioriteringar. Då vil den rimelege responsen vere å rette seg inn etter dei nye signala, frigjere ressursar ved anten å la mindre påtrengande oppgåver liggje — eller ved å revurdere arbeidsformer og organisering. Vi kan ikkje halde fram med å la pasientane ta støyten for at me driv dårleg hushald.

FRÅ 1. FEBRUAR kan pasientar som er tilviste, ringe til Psykiatrisk poliklinikk ved Nordfjord psykiatrisenter og få time same dag eller dagen etter om dei ynskjer rask hjelp. Det krev ikkje meir ressursar, for pasientane hadde me teke i mot før — eller helst seinare — uansett. Det krev berre ei anna innstilling til arbeidet og vilje til å yte brukarane betre service. I møte med psykiske lidingar skal det helst ikkje stå på oss.

Trond F. Aarre er spesialist i psykiatri og har nyleg gjeve ut boka «Manifest for psykisk helsevern».

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media
Kode24 - nettavis om utvikling og koding Elbil24.no -  nyheter om elbil KK.no - Mote, interiør, og tips Sol.no - De viktigste nyheter fra nettsider i Norge Vi.no - Quiz, kryssord og nyttig informasjon Dinside.no - teknologi, økonomi og tester Se og Hør - Kjendis og underholdning Lommelegen.no - helse, symptomer og behandling