FINGER'N: - Vi skal ganske enkelt vise finger`n til ondskapens fanebærarar, skriver artikkelforfatteren. Bildet viser hjulsporene etter lastebilen i Drottninggatan på en del av den inngraverte teksten som pryder gaten. Teksten sier "Det är synd om människorna!". Foto: Christian Roth Christensen / Dagbladet
FINGER'N: - Vi skal ganske enkelt vise finger`n til ondskapens fanebærarar, skriver artikkelforfatteren. Bildet viser hjulsporene etter lastebilen i Drottninggatan på en del av den inngraverte teksten som pryder gaten. Teksten sier "Det är synd om människorna!". Foto: Christian Roth Christensen / DagbladetVis mer

De aller fleste er fine folk

Det har gått opp for meg at de andre, hatets apostler, er så ynkelig få. 

Meninger

I år feira eg fødselsdagen min på Facebook og Twitter. «Kor tragisk er ikkje det,» vil enkelte seie. «Den ultimate, virtuelle einsemda. Hadde han levd på 1800-talet, hadde han vore taparhovudperson i ein av Charles Dickens sine romanar.» Dei om det. Eg hadde ein strålande dag med hundrevis av helsingar og fekk ei skikkeleg aha-oppleving i gåve. Den kjem eg attende til.

«Verda går til helvete,» er eit stadig tilbakevendande omkvede no om dagen. «Det har aldri vore så farleg å leve,» seier vi. «Ondskapen tek sjumilssteg. Verdas mektigaste mann skremmer livet av oss med heidundrande utspel og tilsynelatande null impulskontroll. Ekstremvêr, krigar, svolt, fattigdom, menneske på flukt. Terroren kjem krypande stadig nærmare og er nesten umuleg å forsvare seg mot fordi terroristane stadig tar nye metodar i bruk. Som til dømes å køyre lastebilar inn i folkemengder. Det er som ein hundreårsflaum vi ikkje klarer å demme opp imot.»

Ja, det er ille. Vår vidunderleg vakre moder jord er i ubalanse og blir stadig rysta av hat og ondskap. Men lat oss stoppe opp og trekkje pusten. Det har vore verre før. Mykje verre. Så lenge det har levd menneske på denne fabelaktige planeten vår, har dei kriga mot kvarandre, og etter kvart som den teknologiske utviklinga skaut fart, har vanvittig mange menneskje måtta bøte med livet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I forrige århundret opplevde kloden vår to djevelske verdskrigar. I den fyrste døydde om lag 18 millionar menneskje. I den andre ufattelege 60 millionar. I Sovjetunionen tok Stalin og regimet hans livet av titals millionar landskvinner og -menn. Det same gjorde Mao i Kina. Koreakrigeen og Vietnamkrigen krevde tre millionar dødsoffer kvar. Pol Pot slakta ned fleire millionar i Kambodsja. Krigane på Balkan var onde og brutale med fryktelege massakrar. Sjølv om terroren i dag er skremmande, på grensa til lammande, opplevde 1900-talet også ei mengd med terroråtak, blant anna frå separatistorganisasjonar som IRA og baskiske ETA.

Dette gjer sjølvsagt ikkje krigane eller terroren vi opplever i dag, mindre gruoppvekkjande. Kvar einaste som døyr, er eitt offer for mykje. Terroråtak, spesielt i den vestlege verda, får enorm mediemerksemd. Djevelskapen blir tv-overført til stuene våre morgon, middag og kveld og gjer oss redde og makteslause. Det er akkurat dette terroristane vil oppnå: Skape frykt, splid og ubalanse i våre elles trygge og velordna samfunn. Hos desse kreftene er det hatet som rår, hat og ein iskald, ond strategi som går ut på å råke oss midt i kvardagsliva våre, spreie redsle og skape fiendebilde der det ikkje er redsle og fiendebilde. Vi er sårbare, mottakelege og lette å lede om vi ikkje har guarden oppe og gjennomskuar mekanismane som trer i kraft for å få oss inn i hatspiralen.

Så attende til fødselsdagen min og aha-opplevinga eg fekk på SoMe. Medan det utover dagen tikka inn rause og hyggelege gratulasjonar, slo det meg plutseleg: «Dei aller, aller fleste er fine folk.» Vi er kvardagsmenneske som står på og strevar for å skape best mulege liv for oss sjølve og dei som er rundt oss. Vi vil ha fred og ro og tryggleik, ikkje gå rundt og sjå oss over skuldra om det er farer som trugar. Vi vil elske, oppleve venskap, ha gode relasjonar til nærmaste familie og dei vi elles møter på vår veg.

Milliardar av menneske verda rundt har akkurat dei same draumane, det same håpet, den same trongen til tryggleik og nærleik og å gjere det gode. Å, ja, eg veit; vi lukkast ikkje alltid. Får det ikkje til som vi har tenkt. Men vi prøver, og vi prøver på nytt.

Denne innsikta som plutseleg dukka opp som ei fødselsdagsgåve, har gjeve meg ny giv og ein ukueleg optimisme. Det har gått opp for meg at dei andre, hatets apostlar, er så ynkeleg få. Og truleg mykje reddare enn oss. Ekstremistar og terroristar, religiøse eller ideologiske på ytre høgre og venstre fløy, er så patetisk få i samanlikning med alle dei fine folka som finst overalt. Dei gjer mykje av seg, det skal dei ha. Dei er farlege og klarer å spreie frykt. Og dei har som mål å sigre. Kva sigeren vil innebære, veit dei knapt sjølve. Destabilitet og stadig aukande vald kan ikkje føre noko godt med seg, same kor myke dei trur på det. Difor vil ein eventuell siger til sjuande og sist bli tap for alle.

Men dei kan bare sigre på eitt vilkår; om vi let dei sigre. Men kvifor skal vi det? Kvifor skal vi la desse forvirra og hatgjennomsyra fantastane vinne når vi, dei fine folka, er så utruleg mange fleire og uendeleg mykje sterkare? Vi må bare vise styrken vår. Slutte rekkjene. Rette ryggen. Knyte nevane. Sjå faenskapen i kvitauget og ikkje ein augneblink slå ned blikket.

Verda er vår. Ho skal framleis gå i arv til generasjon etter generasjon. Då kan vi ikkje sitje forskrekka i sofakroken og passivt la det skje det som skjer. Vi må reise oss opp, gå ut døra og vise at her er vi. Vi som ikkje vil la oss kue og få liva våre dikterte av diktatoriske krefter. Vi skal ganske enkelt vise finger`n til ondskapens fanebærarar.