VRIR SEG UNNA: - Etter kvart går det opp for meg at desse bibeltru er like utru mot Bibelen som ein fransk Don Juan er mot kona si. Punkt for kontoversielt punkt vrir dei seg unna, skriver artikkelforfatteren. Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX
VRIR SEG UNNA: - Etter kvart går det opp for meg at desse bibeltru er like utru mot Bibelen som ein fransk Don Juan er mot kona si. Punkt for kontoversielt punkt vrir dei seg unna, skriver artikkelforfatteren. Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIXVis mer

De behandler bibelen som en norskstil

Det gamle testamentet er kladden med feil og mangler. De lener seg på Det nye testamentet, stilen Paulus korrigerte og førte inn, når Guds egne ord blir for utdaterte.

Meninger

Kva er det med Agder-regionen? I løpet av ein knapp månad har det kome fleire så oppsiktsvekkjande utspel der i frå at det (u)blide Sørland har fått meir merksemd i ein vintermånad enn gjennom heile den sørlandske sommaren.

Spaltist

Jarl Wåge

er tidligere lærer ved Norsk Toppidrettsgymnas, skribent og forfatter. Han vant forteller-konkurransen «Storyslam» på Rockefeller i Oslo i november 2016. Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Det byrja med at Aust-Agder Frp vedtok at kvinner skal betale for abort. Grunngjeving: På tide at dei lærar å ta ansvar for eigne handlingar. Eit ansvar menn visst ikkje treng å ta.

Så fylgde Agder FpU opp med eit vedtak om at alle som har våpenløyve skal få bêre våpen i det offentlege rom. På den måten kan «lovlydige borgarar vere med å stoppe terrorisme og alvorleg vald». Forslagsstillaren vedgår at timinga var litt dårleg sidan vedtaket blei offentleggjort dagen etter skulemassakren i Florida. Timingen for eit slikt utspel kan for såvidt aldri bli god sidan det skjer masseskyting (tre eller fleire drepne) i USA omtrent kvar tredje dag.

No sist er det Iveland Bedehus som har fått Agder på forsidene av avisene. Leiaren for bedehuset si songgruppe, «Husbandet», lever i eit homofilt forhold og blei difor tvungen til å trekkje seg som leiar. No har bedehuset òg nekta syndaren å synge i «Husbandet». Homofile egnar seg ikkje til å lovsynge for Gud. Dermed har heile songgruppa trekt seg i solidaritet med det eksluderte medlemet. «Ei frykteleg vond sak,» uttaler bedehuset. Men ikkje vondare enn at dei opprettheld ekskluderinga.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg takkar eit eller anna forsyn for at eg ikkje bur i Iveland og har lyst å gå i bedehuset. Der hadde eg ikkje vore velkommen inn, eg heller.

På Twitter er eg derimot velkommen. For ein som elskar å diskutere samfunnsspørsmål, er Twitter ein fin stad å vere. I det siste har eg vore i heftig debatt med folk som hevdar at Iveland Bedehus gjorde heilt rett. Ein må nemleg følgje Bibelen sin bokstav og ikkje gå på akkord med Guds ord, og i Bibelen er det bare ein veg for homofile. Lukt til helvete. Ein av motdebattantane hevdar at det forresten ikkje heiter homofile, men homoseksuelle. Han kan legge fram forsking som viser at vi har lært å bli homofile, oops, -seksuelle, og at vi vêl å vere homo. Ikkje nok med det; 90% av alle som har «lært seg å bli homofile», har vore utsette for overgrep. For slike finst ikkje eit fnugg av håp om himmel om dei ikkje fluksens avlærer seg seksualiteten sin.

Det er alltid freistande å prøve ut kor trufaste desse bibeltru eigentleg er mot Bibelen sin bokstav. Meiner dei til dømes, som skrive står, at foreldre skal piske barna sine? Då kan dei fortelje at Paulus har moderert dette, og at vi ikkje kan piske barn i land der det er forbode. Gamletestamentguden skjønte vel ikkje at det kunne komme slike forbod.

I Det gamle testamentet står det òg at det er ein mann si plikt å gjere enkja etter bror sin gravid. Onan gjorde ikkje det. Han låg med henne, men spelte sæden sin på jorda i staden. På spørsmål om Iveland bedehus bør stengje ute dei som spelar sæden sin på jorda, er svaret at Gud straffa Onan fordi han var «egosentrisk». Eg spurde ikkje om egosentriske bør utestengjast.

Sjølvsagt dukka òg Bibelen sitt kvinnesyn opp. I det gamle testamentet får vi vite at mannen er kvinna sitt hovud. Dessutan skal ho teie i forsamlingar og overlate til mannen å snakke. Sjølvsagt ikkje lett å godta i 2018, men sjå om ikkje Paulus kjem dei til unnsetjing her òg. Gud meinte det nemleg ikkje bokstaveleg at kvinnene skal teie. Dei skal sjølvsagt lytte når ein mann snakkar. Men ved å lese Paulus-breva har dei kome fram til at kvinnene har lov å bêre fram vitnesbyrd, men ikkje drive med «utleggjing av Bibelen».

Misjonærbautaen Anni Skaug blir framheva som glitrande døme på korleis kvinner skal te seg: Ho gav vitnesbyrd (talte i forsamlingar), men overlet til menn å undervise. Så snakkesalege kvinner får takke Paulus, og ikkje Gud, for at dei ikkje blir ekskluderte frå Iveland bedehus.

Etter kvart går det opp for meg at desse bibeltru er like utru mot Bibelen som ein fransk Don Juan er mot kona si. Punkt for kontoversielt punkt vrir dei seg unna. Dei behandlar den heilage boka som om ho er ein norskstil. Det gamle testamentet er kladden med feil og manglar. Ei Guds lukke då at dei har Det nye testamentet, stilen Paulus korrigerte og førte inn, å lene seg på når Guds eigne ord blir for utdaterte.

På eitt felt har det ikkje vore nødvendig med ein paulisk rettetast: Homofili. Det er dødssynd i både Det gamle og nye testamentet. Heldigvis var ikkje Paulus sin kunnskap på området overveldande. Så her kan dei bokstavtru vere bokstavtru. Her kan dei setje seg sjølve høgt, dømme i veg og kaste både den første, andre og tredje steinen. Homofile kan ikkje, som Jesus sa til kvinna han redda frå å bli steina: «Gå bort og synd ikkje meir». Det er nemleg den dei er, som er sjølve synda.

Iveland Bedehus hadde aldri funne plass til meg i herberget sitt. Heller ikkje i den bedehusiske himmelen. I staden tilbyr dei meg raust enkeltbillett på første klasse til ein stad det er inn i helvete heitt, og der det står ein satan og tar imot meg med opne armar.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook