Den gong då: Vår Staude syntes det var en befrielse å sleppe frimerker i 1998.
 Foto: Lars Eivind Bones<div>
</div><div><br></div>
Den gong då: Vår Staude syntes det var en befrielse å sleppe frimerker i 1998. Foto: Lars Eivind Bones

Vis mer

”De færreste er på internett hele dagen”

Hvorfor et 18 år gammelt Vår Staude-intervju kan gi klump i halsen.

Kommentar
MIN FEED: Anne Gunn Halvorsen.&nbsp;
MIN FEED: Anne Gunn Halvorsen.  Vis mer

Eit lunt gufs frå fortida nådde feeden min denne veka. Det var ein VG-artikkel frå slutten av nittitalet. Under tittelen «Send en e-post til en kjendis» forklarte artikkelen begeistra at kjendisane no berre var eit tastetrykk unna. No kan du sleppe å bakse med hemmelege telefonnummer, sentralbord og sekretærar. Du kan sende e-post direkte til kjendisen! Men ver tålmodig, dei færraste er på internett heile dagen. Prøv når kjendisane er på jobb, adressa til statsministeren er forresten kjell.bondevik@st.dep.telemax.no. Eg er eit lett offer for slike artiklar og nettnostalgi. Eg var ungdom då internett slo gjennom hos menigmann. Det var som me fann ut av verda saman, eg og internett. No som me begge står på eigne bein, den eine litt større enn den andre, har eg ein lei tendens til å falle ned i nostalgigryta og skravle om EF-net og Undernet med same lidenskap som gamle menn fortel om militæret. Og det er akkurat like lite interessant for andre å høyre på.

Men tilgi meg, for eg vil tillate meg å dvele litt likevel. Eg klarar ikkje å la vere. VG- artikkelen sendte meg rett ut på kjøret raskare enn du kan sei Altavista. Eg sklei inn i avisarkivet og tilbake til internettets gjennombrot, kring 1994. Då tomtene var ubebygd, håpet var lysegrønt og alt kunne skje. Det var så fint der, eg vil at du skal bli med, kjære lesar.

Til den gong då 38-årige Bill Gates fomla med metaforane då han skulle forklare journalist Jan Omdahl om internett. Det var som ein motorveg, sa Gates. Men samstundes ikkje, for alle kjørte jo ikkje i same retning. «Nokon kallar det cyberspace», sa han til slutt litt oppgitt. «På den digitale motorveg kan du vere den einaste i heile verda som ynskjer å sjå ein film eller eit TV-program på eit bestemt tidspunkt, men du får likevel sjå den», spådde Gates. Suksessen Microsoft vart i same DN-artikkel forklart med at den hadde eit beintøft arbeidsmiljø. «Er du så uheldig å vere kvinne, neger og interessert i å jobbe 37,5 timer i veka, ligg du uhyre tynt an i jobbintervju hjå Microsoft», slo journalisten fast, og peika på den einsarta leiargruppa.

Seinare same år fortel Bergens Tidende at brukerane av internett, «eller nettsurferane som dei ivrigaste kallar seg» har møteplasser. «Nyhetsgrupper» kor det serverast alt frå smaklause vitsar til kakeoppskrifter og datateknologi. NTB forklarer at det morosamaste med internett er e-post. Då kan du abonnere på Clintons presseteneste! Akkurat no er det eit kappløp om å kome seg på nett, står det i 1995. Alle dei viktigaste er der allereie. Både BBC og NRKs Rondo-redaksjon har «stasjonar på nettet». Den fantastiske nye verd kan også by på problem, som beskyttelse av privatlivet, men som journalisten Baard Aakvaag kjekt konkluderer «Men problem er berre utfordringar for internautene som skal arve jorda.»

20 år seinare sit me her og kavar med dei same utfordringane. Privatlivets fred, krittkvite IT-leiargrupper med låg kvinnandel. Grupper som skravlar skit, me jaktar framleis kjendisanes (snap-)adresser og ja, til og med mailboksen til Clinton er eit hett tema. Så langt unna me har kome, og likevel er alt så likt.

Men noko er annleis. I VG-artikkelen vart Vår Staude og Bård Tufte Johansen intervjua om eigen e-postbruk. Og dei er så glade, optimistiske. Då Tufte Johansen fekk papirbrev var det stort sett frå galningar, folk som ville ha autograf eller slenge drit. På e-mail kjem det derimot nesten berre konstruktiv tilbakemelding! Staude synes elektroniske brev var ein befrielse: «I motsetnad til den vanlige postkassa kjem det ikkje ekle brev i vinduskonvolutter hit», seier ho til VG. Det som gjer at nittitalet glitrar litt ekstra i horisonten når me snur oss er kanskje akkurat dette. For dette ligg igjen på nittitalet. Kjensla av at internett kunne vere noko meir, noko betre enn den verkelege verda.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook