ADOPTERER BEGREPER: Ingen parti i Noreg er så raske til å plukke opp politiske trendar som Frp. Dei var lynraske til å adoptere elite-omgrepet. Dei som vågar seg frampå med kritikk mot innvandringsministeren og hennar politikk, blir straks karakteriserte som «elite», skriver artikkelforfatteren. Her er Listhaug sammen med rådgiver Espen Teigen. Foto: Bjørn Langsem / Dagbladet
ADOPTERER BEGREPER: Ingen parti i Noreg er så raske til å plukke opp politiske trendar som Frp. Dei var lynraske til å adoptere elite-omgrepet. Dei som vågar seg frampå med kritikk mot innvandringsministeren og hennar politikk, blir straks karakteriserte som «elite», skriver artikkelforfatteren. Her er Listhaug sammen med rådgiver Espen Teigen. Foto: Bjørn Langsem / DagbladetVis mer

De vage debattdreperne

«Hersketeknikk», «eliten», «politisk korrekt». Alle disse orda er effektive debattdrepere. Men hva betyr de egentlig. 

Meninger

Stadig dukkar det opp ord i den offentlege debatten som vi kjøper og bruker for det dei er verdt. Ord for å karakterisere og nøytralisere politiske motstandarar. Såpass diffuse, vage og ulne at dei nådelaust set motdebattantar på plass. Ord som nesten er umulege å definere og konkretisere. Det er difor dei er så velsigna greie å bruke.

I 1979 populariserte Berit Ås ordet «hersketeknikk». Sidan har det levd i beste velgåande. Oftast brukt av kvinner. Kan dei fortelje at ein mann brukar hersketeknikk, har dei effektivt klart å latterleggjere han og dytte han utover sidelinja.

Eit anna slikt ord er «homolobbyen». «Filosofen» Nina Karin Monsen er ei av dei som har brukt dette uttrykket. Kven dei er, har ho aldri forklart, men det er visst ein obskur frimurarlosje som har makt til å forkvakle heterofile verdiar. Den høgreekstreme Nordiske Front har plukka opp omgrepet og har lova å gå til åtak på lobbyen kvar gong det byr seg eit høve. Sidan ingen er i stand til å definere kven dei er, lever truleg homofile i spenning på om det er dei som skal til pers.

At Donald Trump blei USAs president, var ei politisk atombombe. Intet mindre. I ettertid har mange prøvd seg på analyser av korleis det kunne skje. Frå det ytterste høgre som jubla over sigeren, til dei på det ytterste venstre som heller ville ha Trump enn Clinton. Det analytikarane er einige i, er at det var massene som vann over «eliten». Eitt til av desse orda. Om massene vann over eliten i USA, må den amerikanske eliten vere enorm. Faktisk tre millionar fleire enn massene. Det som skapt forklaringsproblem, er kvifor mangemilliardærpresidenten ikkje er ein del av eliten.

Ingen parti i Noreg er så raske til å plukke opp politiske trendar som Frp. Dei var lynraske til å adoptere elite-omgrepet. Fyrst ute var Sylvi Espen Teigen Listhaug. Dei som vågar seg frampå med kritikk mot innvandringsministeren og hennar politikk, blir straks karakteriserte som «elite». Ferdig snakka. Det merksnodige er at verken Teigen Listhaug, eller nokon andre for den saks skuld, klarer å definere kven eliten er. Det har blitt gjort forsøk. «Eliten er alle som» Og så byrjar blikka å flakke. Dei som har utdanning? Dei som har meiningar? Dei som har politisk makt? Dei som har pengar?

Det kunne vere freistande å ta ein Ludvik den fjortande og påstå at «Eliten det er eg», men herrejesus så snevert. Korleis skal ein då audmjuke motdebattantar med å kalle dei elite. Ein på twitter prøvde seg med at Media er eliten. Vår fjerde statsmakt altså. Dei som er ein korreks til den politiske (oops) eliten. Dei som skal grave og avsløre alt som er skakt i samfunnet.

«Media» er forresten eitt av orda som brått har blitt heitt i den politiske andedammen. Takka vere Trump det òg. Han er i kontinuerleg krig mot dei. Alle som kritiserer han, er fake news og aldeles ikkje til å stole på.

Igjen var Frp lynraske til å plukke opp den trumpske trenden. I reine kampanjestilen gjekk den eine Frp-aren etter den andre ut og omtalte media som «dei mot oss». Dei oppmoda til boikott og hadde avstemming på fb-sider om media var ute etter å sette dei i eit dårleg ljos. Denne demoniseringa vil vare heilt fram til stortingsvalet i haust, og så er nok kampanjen over.

«Politisk korrekt», mine damer og herrar. Eller PK som vi innvidde seier. Personleg har eg fleire gonger fått høyre at eg er PK. Då utfordrar eg avsendar på kvifor, og kva som er politisk korrekt akkurat no. Igjen flakking med blikket. Ingen kan definere kva det er. Nokon har prøvd seg med «det fleirtalet meiner». I Noreg er eit stort fleirtal imot EU. Er dei då PK?

I 2050 vil «etniske nordmenn» vere i mindretall i Noreg, hevdar enkelte svartsjåarar. Eg tenkjer: «Og kva så?» Etnisk nordmann er ikkje noko ein har blitt gjennom store offer og heltemodig innsats. Men forståsegpåarane klarer aldri å definere kven ein etnisk nordmann er. Nokon hadde blitt overlukkelege om dei kunne seie rett ut at dei er kristne og har kvit hud, men då ville dei fått enorme forklaringsproblem om raseteoriar.

Herifrå er ikkje vegen lang til dei stadig tilbakevendande «norske verdiane». Dei som i ferd med å bli korrumperte av alle slags andre verdiar, om ein skal tru dommedagsprofetane. Kva dei norske verdiane går ut på, er heller ingen eksakt vitskap. Vi drikk visst sprit og et svin. Dessutan diggar vi Bjørgen, Bjørndalen, brunost og ostehøvel. Men kva då om ein ikkje et svin, drikk sprit, likar langrenn, skiskyting eller brunost? Er vi då quislingar og landsforædararar? Kva med dei som har taco på freddan? Skal vi tvangsflytte dei syd om Trump sin varsla mur? Og pizza- og pastaelskarar? Fluksens til Italia med dei?

Alle desse vage, ulne, diffuse orda. Vi kastar dei ut og brukar dei for det dei er verdt. Mange av dei effektive debattdreparar. Men til sjuande og sist kokar dei òg ned til variantar av Berit Ås sine hersketeknikkar. Ja, bruken av «hersketeknikk» er vel òg eigentleg hersketeknikk.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook