Debutant med dimensjonar

Jakhelln kastar seg ut på 70 000 famnar, og mellom debutantveikskapane fins mange høgdepunkt.

«Gebura Muse» er ei debutantbok som ikkje liknar på noko. Her er dikt som liknar på det meste, men som bokprosjekt er ho unik. Jakhelln strør om seg med mystifiserande tal og ordkatalogar, franske titlar og dedikasjonar som kan skræma vanlege lesarar. Men eitt grep som er funksjonelt, er å la to tekstar følgjast parallelt. Til venstre på sidene får me ei historie om Ibliis, apemennesket, som dukkar opp i sin Lamborghini Diablo, og utviklar seg til fritenkjar, medan me til høgre får dikt, songar og fyndord som vert fletta inn, oftast elegant og samanhengjande, av og til meir pressa.

Men heile denne veldige satsinga - med dikt om religion og politikk; «En liten pave med hornbriller og dåpskjole slurper i seg melk fra Hitlers venstre bryst», om kjærleik og seksualitet; om glede og om hat; «Ekstremistene kyler en bensinbombe inn gjennom vinduet til innvandrerbarna, som den godnattklemmen de selv aldri fikk» - blir til saman eit så forvirrande og sterkt tekstleg uttrykk at det har teke meg altfor lang tid å formulere ei umogeleg melding av boka.

Ikkje minst handlar det om mennesket i si stadige utvikling og avvikling: «Da freden ankom planeten, fant den bare en leirklump og et ribben,» skriv Jakhelln, som også har frigjerande perspektiv på vår kristne tradisjon: «Gjennomsnittshøyden har økt siden Luther følte seg liten overfor Gud.»

Jakhelln er ein poet med uvanlege perspektiv, med observasjonar og kunnskap. Han har eit utemma språk som kan gå ut over alle akseptable breidder, men som og har treffande og stikkande og vakre bilete å by på. Me kan venta oss nye ting av ei slik kjelde. All den unødvendige staffasjen er uviktig. Forlaget har gjeve dei gode tekstane rom og plass nok. Det er bare å leita seg fram mellom debutantveikskapane, etter høgdepunkt med originalt og sterkt uttrykk.