Dei fabelaktige søstrene frå Ramstein pensionat

I dag begynner Dei Nynorske Festspela.

UTVIDAR HORISONTEN: Søstrene Botheim deler rolla som festspeldiktarar med Lars Petter Sveen. Søstrene lar seg ikke skremme av å vere «Noregs minstseljande forfattarar», som gjer dei til eit spanande val frå Dei Nynorske Festspela. Foto: Benedikte Skarvik
UTVIDAR HORISONTEN: Søstrene Botheim deler rolla som festspeldiktarar med Lars Petter Sveen. Søstrene lar seg ikke skremme av å vere «Noregs minstseljande forfattarar», som gjer dei til eit spanande val frå Dei Nynorske Festspela. Foto: Benedikte SkarvikVis mer

IDEER: Personleg, privat, intern. Når blir det relevant for andre? På Aasentunet i Volda blir det kvart år arrangert Nynorske Festspel, der vonde tunger vil ha det til at berre den kyrkjelyden som sver truskap til nynorsken kjenner seg kalla. Vi på vår side forstår ikkje kvifor. Kvifor er ikkje folk interesserte i nye føredrag om Ivar Aasen og utbreiing av skarre-r i Norge? Kvifor forstår ikkje folk den store humoren i nynorsk-merchandisen ein kan kjøpe i Aasen-tunet? Kven vil vel ikkje gå med ein trenings-bh med påskrifta «mellom bakkar og berg» eller ei t-skjorte med påskrifta «dette er Ivar Aasens pipe»?  

I år er søstrene Guri og Sigrid Sørumgard Botheim festspeldiktarar på Dei Nynorske Festspela. Dei har jobba litterært i grenseområdet mellom internt og inkluderande både i romanen «Ramstein pensjonat» (2010) og antologien «Søsken» (2011), og er mellom anna kjende for å ha gjort Leif Ove Andsnes til ufriviljug romanfigur.  

Praktboka Søsken er gitt ut i samarbeid mellom tidsskriftet Ratatosk og Det Norske Samlaget, og er redigert av Botheimsøstrene saman med søstrene Kjersti og Ingrid Rognes Solbu. Boka er påkosta og vakker, trykt i fargar og illustrert med store, fine bilete av alle slags søskenkonstellasjonar teke av fotograf Benedikte Skarvik. Det er ei flott innpakking, overraskande flott, i alle fall med tanke på kor mange av tekstane i boka som er dagboktekstar eller nærgåande intervju med redaktøranes venner og eigne søsken:              

«Søndag 18. august 2002
Eldrid er dratt og Guri drar snart. I morra begynner skolen. Ik, jeg har ikke forberedt meg psykisk. Jeg syr bukse. Hvis jeg blir like berømt som Curt Cobein (jeg vet ikke hvordan man skriver navnet hans) og dere planlegger å gi ut dagboken min, så sier jeg dere, det får dere ikke lov til. (og ikke prøv å utelat den setningen). Jeg har ikke hørt på hele RHCP-cden ennå. Det er ikke akkurat min stil å sluntre unna på den måten. (Sigrid 17 år)»  

SØSTRENE BOTEIM og Solbu (red.) «Søsken» (2011)
SØSTRENE BOTEIM og Solbu (red.) «Søsken» (2011) Vis mer

Ein annan stad i boka er det trykt ein e-post frå Øyvind Ådland som har bidratt til antologien med teksten «Eg var sjalu på storebror».

«Hei Ratatosk  

Det vil glede vår gamle far, med tanke på den målideologien han har forfektet hele livet igjennom, om teksten vår blir oversatt til nynorsk. Ja, for en glede på hans 70-årsdag den 05. september 2011 å få en antologi der hans to sønner omsider skriver på nynorsk! Jeg ønsker sterkt at teksten oversettes til nynorsk. Jeg melder teksten så å si frivillig til dette.»    

Søsken- og familietematikk kan alle relatere seg til, anten den er litterært bearbeida eller henta frå eit autentisk dokument, som både epostar og dagbøker jo er. Dagboktekstane i boka var nok inderleg meint i skriveaugneblinken, men i avstanden og etterpåklokskapens lys framstår dei som sjarmerande attkjennelege og langt frå private. Øyvind Ådlands e-post står like etter eit intervju med faren Einar, som svarer på spørsmål om korleis det kan ha seg at begge sønene hans har blitt forfattarar, og like framfor den skjønnlitterære teksten om sjalusi på storebroren V.

SIGRID OG GURI Sørumgård Botheim «Ramstein pensionat» (2009)
SIGRID OG GURI Sørumgård Botheim «Ramstein pensionat» (2009) Vis mer

Bertold Brecht nytta omgrepet Verfremdung. Det betyr framandgjering, og er namnet på hans framste dramaturgiske knep: å bryte ned illusjonene for å skape emosjonell distanse mellom publikum og det som foregår på scena. V-effekten inntrer når publikum får eit kjølig blikk på dramaet til gjengjeld.

I Ådlands epostar blir derimot det biografiske og det skjønnlitterære vevd i hop, grensene mellom dei private opplysingane og det litterært bearbeida blir ulne. I V-effekten som oppstår står ikkje lenger V for Verfremdung, men for Verkelegheit. Eller Vemund, som Øyvinds storebror heiter.

I den underlege romanen «Ramstein pensjonat», står V-en framleis for Verfremdung. I følgje søstrene har boka blitt til ved at dei to skreiv kvar sine tekstutkast, som dei etterpå klipte opp i småbitar. Når dei sette saman tekstbitane, oppsto det samanhengar og klangar dei aldri sjølv kunne kome på, og etter å ha jobba ei stund med denne forma, dyrka dei fram romanens særeigne stemme. Arbeidsmetoden framstår dermed som langt frå privat, men boka kan likevel opplevast som intern. Personane i boka har tullenamn, dei heiter Cedrik, Kårstein, Humbrent og Brudford. Fleire av romanens karakterar engasjerer seg i ein debatt om eit nytt kulturhus på Åndalsnes, det er akkurat så kjedeleg som det høyres ut. Det er dagboksnotat frå 1988:  
         
«Sigurd: dersom du les dette, så gå og skam deg! IDIOT.»  

eller frå romanens notidsplan:                        

«Før i dag spelte Leif Ove på radioen.            
Mellom stykka fortalde han om Grieg med veltalenheit og sjølvsagtheit.            
Det er sopp på badet.»  

Korttekstar, teatermanus, avisutklipp, dagboksutdrag, brev og besøksforbod dannar eit brokete bilete, men i botnen er det ei klassisk daningshistorie, hovudpersonen Debbey går frå usikker og underdanig til sterk og sjølvstendig. På vegen dukkar det opp svært mange vellukka tekstar, til dømes i samansettinga av banale tankar ved radioapparatet, der utklipp frå radioprogrammet blir innskotne setningar som utvidar opplevinga.  

Då «Ramstein pensjonat» kom ut, var responsen delt, som han jo ofte er når tekstar er underlege. Men søstrene Botheim lar seg ikkje skremme av å vere «Noregs minstseljande forfattarar», som dei skriv på nettsida til tidsskriftet Ratatosk. Høgdepunktet i karriera var då dei fekk helse på Leif Ove Andsnes og han var med i ein performance i rolla som seg sjølv.  

Dei Nynorske Festspela har i mange år gjort modige val av Festspeldiktarar, mellom anna ved å ha hatt eit stort utval barnebokforfattarar på besøk og i fjor ved å utnemne Arne Moslåtten frå Hellbillies til tittelen. I år har dei invitert tre unge og relativt ukjende forfattarar til å vere Festspeldiktarar samstundes. Kjartan Fløgstad skal presentere og intervjue dei to søstrene saman med tredjemannen Lars Petter Sveen, som med si novellesamling «Køyre frå Fræna» og romanen «Eg kjem tilbake» har valt ei meir tradisjonell forteljeform enn Botheimsøstrene.  

Internt? Først og fremst utvidar slike møte horisonten, også når dei føregår på ein bortgøymd stad på ein bakketopp mellom Ørsta og Volda. Dessutan genererer tre festspeldiktarar fleire festspeldiktarkoppar, festspeldiktar-t-skjorter og festspeldiktarbokmerke, så her er det berre å hive seg rundt, også for vantru bokmålsbrukarar.