Dei farlige muslimane

RELIGION: Eit innlegg i torsdagens avis etterlyser eit standpunkt frå meg og to andre «islamkjennere» om kva vi meiner om islamistisk ekstremisme, ut frå ein «påfallende langvarig period av stillhet». Nå er vel ikkje problemet vårt syn på bomber og terror. Det er heller at noen vil vi skal si at islam, eller kanskje religion i det heile, er noe «ondt» og truande. I staden så kjem vi med bøker om at muslimar ikkje er meir farlige enn andre folk. Det passer ikkje heilt inn i bildet til dei som meiner at islam er farlig, og da spesielt farlig i Norge. Vi som driv med dette blir derfor gjerne beskyldt for å vere «soft on Islamism».Men skal «kjennere» spre «kunnskap», må vi heller å sjå korleis islam faktisk blir levd, på ei uendeligheit av ulike måtar. Å kritisere oss fordi vi for eksempel skriv om «folkereligiøsitet» når vi heller burde snakke om jihad, er å blande sammen epler og kameler. Det folkelige blir praktisert av millionar av muslimar, og er lite kjent i Norge. Derfor treng vi snakke om det. Dei andre er små utgrupper med stort mediefokus.At det er farlig med folk som kastar bombar, treng ein ikkje noen «islamkjennar» for å bli fortalt. Men også «islamisme» dekker ulike ting. Mange er «islamistar» i den forstand at dei legg religiøs, gjerne konservativ, moral til grunn. Men den samme moralismen får dei også til avvise vald og drap. Å tru at eit konservativt kvinnesyn må føre til drap og bomber og å stenge desse ute, kan hindre kanskje den beste vaksinen mot jihadismen. Det er altså spørsmål om kva ein legg vekt på; det som er typisk eller det som er dramatisk; det som kan peike framover mot sameksistens eller det som peiker mot utkasting.

KVA FØRER SÅ til ekstremisme, jihadisme og vald? Er det ei forkvakla tolking av religion, eller «materielle» årsaker? Trulig er det begge deler. Hadde konfliktar som Israel og Irak blitt løyst, hadde ikkje terrorismen forsvunne over natta, men rekrutteringa ville bli så redusert at den kanskje ville døy bort over tid. Men ideane om «jihad» kjem jo frå ein religiøs tradisjon. Er dette ei «falsk» forståing av islam, eller dette «den ekte islam» som berre desse få har forstått? Det kan ikkje ein som er ikkje-truande svare på, for det kjem jo an på kva Gud «eigentlig meinte». Det vi kan seie utanfrå er at dette er ei ny tolking. Vi kan også rimelig spå at den vil aldri oppnå noe fleirtal mellom muslimane. Men om islam, i Norge eller verda, vil over tid gå i meir «liberal» eller meir «moralsk konservativ» retning, er det berre dei truande som kan avgjere. Og der vil nok også haldningane til oss andre få noe å seie.